<$BlogRSDUrl$>

25.8.03

Dagens Blix 

Som Kornet einslegt døyr i Mold / Men sidan gror med mange Foll,
So gav du herleg Groder:
Ein Her av Brøder utan Tal / Ved deg or Gravom ganga skal,
Vaar fyrstefødde Broder!
Daa ber / Guds Her
Fram eit Kvæde / Fyr det Sæde / Utan Like,
Som no blømer i Guds Rike.

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Tredje verset av påskesalmen "Upp Hjarta, rør din beste streng," den første originalsalmen av Blix i andre heftet av Nokre Salmar. Melodien er "Af Høiheden oprunden er" ("Wie schön leuchtet der Morgenstern"), ein mykje brukt koralmelodi både hjå Blix og andre.

Verset er eit fint døme på Blix sin evne til å kombinere bibelske bilete på slåande måtar. Utgangspunktet er Jesu ord om sin eigen død i Johannes 12,24: "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde." Men dei "mange Foll" får ein samstundes til å tenkje på den velkjende likninga om såmannen, Markus 4,1-20 / Matteus 13,1-23 / Lukas 8,4-15. Og dei neste linene spelar på tekstar der Kristus er omtala som den "fyrstefødde" (Romarane 8,29) eller "fyrstegrøda" (1. Korintarbrev 15,20). Denne forma for tekstsamspel (nynorsk for intertekstualitet, Ottar Grepstad) er karakteristisk for mange Blix-salmar. Det handlar ikkje berre om samspel mellom salme og bibeltekst. Lik ein god rabbinar evnar salmediktaren òg å setje i spel element frå ulike bibeltekstar, på måtar som kan vere både tradisjonelle og originale.

Oppdatering, 26.11.2003: Sjå heile salmen.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 25.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?