<$BlogRSDUrl$>

7.8.03

Ferdaminni 

I sommar har eg hatt Ferdaminni fraa sumaren 1860 av A. O. Vinje som ferielektyre (vel, først fekk eg no endeleg lese Populærmusikk fra Vittula). Vinje var reisefølgje til Beitostølen, ein sers velvalt stad å ha han med. Det vart ikkje noka valfart til hytta hans ved Eidsbugarden, men eg fekk då ein dagstur ved Bygdin.

Ferdaminni kunne vore ein eigna tittel for ein vevlogg, men ordet er no ein gong knytt til Vinje, så eg slo tanken frå meg.

Derimot har eg gøymt noko anna i hjarta mitt og grunna på det (Luk 2,19): Ifølgje biografane gjorde Blix sommaren 1860 ein lang fottur gjennom Telemark, over fjellet til Vestlandet, og attende via Hallingdal til hovudstaden, saman med venene Carl Johan Nielsen og Ole Tobias Olsen. Blix og Olsen tok artium dette året. No fortel Yngvar Nielsen (En christianiensers erindringer fra 1850- og 60-aarene, s. 216) at Ole Tobias Olsen "med nogle Venner" foretok "en længere Fodtur" den sommaren han var ferdig med den såkalla andre eksamen eller Examen philosophicum, det vil seie i 1861. Ruta er mistenkjeleg lik. Eg er redd det er same reisa det er tale om, at Nielsen hugsar rett, og at eg dermed er snytt for eit godt poeng.

Om Ole Tobias Olsen (av ettertida best kjend som "Nordlandsbanens far") fortel Nielsen at han under denne turen "syslede med alt muligt. Han projekterede i Hardanger en Vei opover Maabøgalderne og lagde for Dagen en betydelig teknisk Interesse."

Denne tilnærminga til naturen er tilsynelatande heilt annleis enn den vi finn i dikta og salmane til den nære venen og turkameraten Blix. Men hjå Vinje er det plass for båe. Av eldste dotter mi skjønar eg at Vinje i ungdomsskolen sitt verdsbilete er trygt plassert i nasjonalromantikken. Men Ferdaminni inneheld ikkje berre "Ved Rondane". Boka opnar med ein lovsong til jernbanen.

No var neppe Blix heller berre naturromantikar. I Den Nordlandske Forening var han med å drøfte emne som Olsens jernbaneplanar og utsiktene til bergverksdrift i Nord-Noreg. Eg strevar noko med desse to rørslene, ny utnytting av naturen og ny oppleving av naturen. Men eg har ei kjensle at dei er to sider ved "det moderne".

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?