<$BlogRSDUrl$>

22.8.03

Krimkrigen 

Det andre eg nytta tida til på Nasjonalbiblioteket, var avislesing: Tromsø-Tidende frå januar til august 1854. Eg veit ingen betre måte å leve seg inn i bylivet på. Det slår meg ikkje minst kor dårlege kommunikasjonslinene framleis var midt på 1850-talet. Nytt frå omverda kjem med sein og tilfeldig postgang. Rykte og spekulasjonar er det mykje av.

Denne våren er det ikkje minst utviklinga i krigen mellom Russland og Tyrkia, etter kvart òg England og Frankrike, som pregar avisa - det vi seinare har kalla Krimkrigen. Dei nordiske landa var nøytrale. Men krigsangsten sat like under huda på folk. Dei gamle hugsa vel Napoleonskrigane, tidleg i hundreåret; det hadde vore krigshandlingar på Tromsø hamn i 1812. Ein vart oppskaka av ukjende skip, nokre meinte dei høyrde skot frå havet, dei russiske båtane med handelsvarer kom seint og var få, det var engelsk blokade av hamnene i Kvitsjøen, ei militæravdeling på 300 mann frå Hordaland blir stasjonert i Tromsø. Astri Andresen har utan tvil rett: "Dette hører også med til rammene rundt Tromsø-vekkelsen" (Handelsfolk og fiskerbønder, s. 205). Og det høyrer med til ungdomsopplevingane til Elias Blix.

Det avisoppslaget som mest direkte vedrører Elias, er elles denne vesle annonsen sundag 25. juni (Tromsø-Tidende kom to gonger for veka, torsdag og sundag):
"Onsdag den 5te Juli og de følgende Dage afholdes den aarlige Opflyttelses- og Dimissionsexamen ved Tromsø Skolelærerseminarium. Til at overvære den indbydes Almueskolens Velyndere," underteikna styraren, C. L. Rode.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?