<$BlogRSDUrl$>

27.8.03

Kva kunne han ha blitt? 

I løpet av tida Elias Blix var elev ved Tromsø Skolelærerseminarium, dei to skoleåra 1853-1855, var i alt 42 elevar innom seminaret i Tromsø. Av desse var det 36 som fullførte og fekk dimisjonsattestane sine. Gjennom opplysningar i seminarets arkiv og Christian Wiik sitt store biografiske arbeid Tromsø-seminarister (1948) veit vi mykje både om bakgrunnen og om det seinare livsløpet til desse personane. Dermed får vi ikkje berre eit bilete av miljøet Blix høyrde heime i på seminaret, men òg av kva for val og vegar som stod opne for seminaristar etter dimisjon.

Nøyaktig halvparten, 18 av dei 36, hadde heimstaden sin i Nordlands amt, som svarar til dagens Nordland fylke. Tredjedelen, 12, kom frå Senjen og Tromsø fogderi, tilsvarande Troms fylke, berre tre elevar kom frå "det egentlige Finnmarken", og dei tre siste kom frå Sør-Noreg. Ved opptak skulle elevane vere i alderen 18-25 år. Elias Blix vart teken opp alt som 17-åring, men han var einaste unnataket på denne sida av skalaen. 12 av elevane var 18 år ved opptak. I gruppa 19-22 år finn vi 11, medan 10 elevar var 23-25 år. På den andre sida av grensa finn vi ein 27-åring og til og med ein 32-åring, Adam Knudsen. Men han hadde heilt særskilte føresetnader, med meir enn ti år bak seg som lærar i Karlsøy prestegjeld frå før, og han gjennomførte utdanninga på eitt år. Normal læretid var to år, men berre 16 elevar greidde dimisjonseksamen på den tilmålte tida, mellom dei Blix. Vel så vanleg var det å gå tre år på seminaret, slik 17 av elevane gjorde. To trong heile fire år. Og seks kom altså, av ulike grunnar, ikkje gjennom.

Arkivmaterialet inneheld òg opplysningar om etnisk bakgrunn og om kven som hadde fått friplass mot bindingstid i samiskspråklege strøk. Dette materialet har eg ikkje bearbeidd enno.

Av dei 36 uteksaminerte seminaristane var det minst 16 (kan hende heile 18) som vendte attende til heimbygda som lærarar. Åtte av desse, pluss to til, hadde alt lærarerfaring frå omgangsskole på heimstaden før dei byrja på seminaret. Seminaristane hadde normalt plikt til minst sju års teneste i Tromsø stift. Av dei 36 er det berre to av "søringane" som ikkje har tenestetid i stiftet å vise til. Men langt færre oppfylte heile plikttenesta si. Om vi ser bort frå dei fem som døydde i Tromsø stift før dei sju åra var gått, var det åtte som flytta frå stiftet før tida var ute (mellom dei Blix), og endå eit par som gjekk ut av teneste i skolen.

Fleire forlet lærargjerninga. Vegen til å bli (fiskar)bonde var ikkje lang. Lærarar på landet måtte stort sett drive med ein jordlappp og noko fiske attåt, og skoletida var langt frå heile året. Minst fem slutta som lærarar og gjekk heilt over i primærnæringane (to av dei i USA). Tre andre vart prestar, ein i Noreg, to i USA. To gjekk over i politi- eller lensmansstillingar i Nord-Noreg. Ein, Blix sin jamaldring og sambygding Hans Hansen Sandnes, byrja på Misjonsskolen i Stavanger, men døydde før han fekk reist ut. Ein vart fattigforstandar i Kristiania. Og Blix vart professor i hebraisk.

For dei som flytte ut av stiftet, var Kristiania den vanlegaste staden å flytte til. Sju av seminaristane hamna der, fire for godt. Elias Blix var altså ikkje den einaste Tromsø-seminaristen i hovudstaden på 1860-talet. Mange av desse skolekameratane, pluss nokre eldre (den legendariske Ole Tobias Olsen, "Nordlandsbanens far") og nokre yngre (Carl Johan Nilsen, John Klæbo, Anton Chr. Bang) heldt saman og støtta kvarandre. Fleire prøvde seg, med vekslande hell, som studentar. Dette miljøet skal eg gå nærare inn på seinare.

Endeleg hamna fire andre stader i Sør-Noreg, og fire endte i USA. To av emigrantane vart prestar, dei andre gardbrukarar.

Minst tre av seminar-kameratane til Elias Blix hadde ordførarverv, ein vart stortingsrepresentant, og sjølv vart han statsråd.

Så kan ein stille opp kontrafaktiske hypotesar: Kva om Elias Blix hadde valt annleis hausten 1855? Han kunne blitt omgangsskolelærar og kyrkjesongar, i heimbygda eller ein annan stad. Eller han kunne ha emigrert til Amerika og blitt prest der; fleire seminaristar valde den vegen seinare.

Men i første omgang klora han seg fast i Tromsø.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?