<$BlogRSDUrl$>

12.8.03

Liv og verk 

Så har sommaren fått sin biografidebatt, med utgangspunkt i Otto Hagebergs biografi om diktaren Ragnvald Skrede. Så langt minner debatten meg om prestekollegaen som på preikestolen tok utgangspunkt i preiketeksten, for sidan aldri å vende attende. Ver ikkje redd, vi skal få nok graving i Ragnvald Skredes liv og verk utover hausten. Snart kjem Egil Ulateig med sin versjon.

Men det var biografidebatten. I to større oppslag i Morgenbladet (18. og 25. juli) har litteraturredaktøren, Bendik Wold, henta inn kommentarar frå ei rad autoritetar på området, ettersom Hageberg "går uvanlig langt i å påvise sammenhenger mellom liv og verk, i tråd med det som kalles den 'historisk-biografiske metode'." I Aftenposten har Arnhild Skre (3. august) kommentert kommentarane, med eit sleivspark til Wold ("fortsatt gjenoppfrisket avisen synspunkter fra debatter som raste heftigst på den tiden litteraturredaktøren ble født"), som på si side har enno fleire personlege finter til Arnhild Skre i svaret sitt (10. august. Høgdepunkt: "... en skribent som anser det som en kulturjournalistisk bragd å opptre som forlagenes utvidede informasjonsavdeling i forkant av bøkhøsten").

Med dette har debatten nådd eit nivå som eg ikkje har tenkt å by over. Men problemstillinga er aktuell nok. Salmediktar-biografiar har ofte gått langt i å tolke salmevers på bakgrunn av konkrete hendingar i livet til diktaren. Det er skrive heile andaktsbøker med eit slikt utgangspunkt.

Blix-litteraturen er mest fri for slikt. Blix er ein person som ikkje kjem i vegen for verket sitt (i den motsette enden av skalaen finn eg Bjørnstjerne Bjørnson).

Men poetiske tekstar er òg historiske kjelder, leivningar som vitnar om eit liv som er levd - saman med avisoppslag, kyrkjebøker, brev, førelesingsmanuskript, anekdotar, fotografi ... Verket kan kaste lys over livet, men berre via den prosessen alle historiske kjelder skal gjennom: Kjeldekritikken. To Blix-eksempel, til illustrasjon:

I.

Mange har festa seg ved naturbileta i Blix' lyrikk. Dei vert gjerne tolka som vitnemål om sterke inntrykk frå den storslegne og kontrastrike naturen på heimstaden hans, Gildeskål i Nordland. Ettersom Blix flytta heimanfrå som 17-åring, for seinare sjeldan å vende attende (siste gong i 1866, da var han 30), vert dette òg vitnemål om eit ungt sinn som var ope og vart for inntrykk. Noko rett er det utan tvil i dette.

Men lik mange andre akademikarar var Blix i studietida og seinare ein ihuga fjellvandrar, som ofte nytta sommarferien til fotturar i Sør-Noreg. Naturforståinga i desse krinsane trur eg er ei undervurdert inspirasjonskjelde. Medan "Å eg veit meg eit land" opplagt har Sandhornøya i Gildeskål som referanse, kan "No soli bakom blåe fjell" like gjerne setjast i scene i Telemark eller i Rondane.

II.

Far til Blix, Peder Christoffersen, døydde i ei ulukke da Elias berre var tre år gammal. Tilhøvet hans til stefaren, Ole Helgesen, vert gjerne skildra som noko avmålt. Det kan vere rett. Men kva med dette verset frå sangen "Fjellet mitt"?

Men saag um Vaaren eg Lofotbaat, / Som heim ifraa Langferd vende,
Eg stundad saart millom Laatt og Graat, / Til Storbaaten vaar eg kjende:
Daa fegen eg flaug / Paa Heid, yver Haug
Og Fader i Fanget rende.

Fleire tolkingar er moglege:
1) Dette er eit minne om ei konkret hending: Peder Christoffersen kjem heim frå Lofotfiske, og vesle Elias (3 år gammal!) tek imot han.
2) Dette er ei poetisk framstilling av ei velkjend scene i fiskarbondemiljøet nordpå: Far kjem att frå fiske etter lang tids fråver, born tek imot.
3) Dette er eit minne om ei konkret hending: Ole Helgesen kjem heim frå Lofotfiske, og vesle Elias tek imot.

I tillegg kjem nok eit kjeldekritisk problem: Songen er trykt i Salmar og Songar (1900), på slutten av livet til Blix. Han daterte sjeldan manuskripta sine, og mange "verdslege" songar kom først ut i denne samlinga. Ein gammal manns idealbilete av ein barndom i ei fjern tid? Eller er songen dikta tidlegare, berre ikkje utgjeven før?

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?