<$BlogRSDUrl$>

4.9.03

Bibelspråk 

I dag har eg vore på seminar om bibelspråk og omsetjing i regi av Bibelselskapet. Seminaret var dels ei evaluering av revisjonsarbeidet som er gjort dei siste åra med Det nye testamentet, dels ei oppvarming til det tilsvarande arbeidet med Det gamle testamentet, som tek til frå nyttår.

Eg skal vere med som omsetjar i dette prosjektet, og i dag fekk eg treffe dei andre. Alle er gamle kjende: Hans Johan Sagrusten (jamvel teiknar og tekstforfattar, vinnar av sonettekonkurransen i NRK P2 i fjor) og Elisabeth Levy (tidlegare busett i Jerusalem, no i Skien. Ho er forresten med i ei barnebok eg har skrive) frå Bibelselskapet, Rannfrid Thelle frå Teologisk fakultet, og ankermannen, Magnar Kartveit frå Misjonshøgskolen.

Dei viktigaste personane på seminaret var likevel forfattarpanelet: Edvard Hoem, Paal-Helge Haugen, Inger Bråtveit, Jon Fosse, Jan Jakob Tønseth og Hanne Ørstavik. Første del av dagen gjekk med til reaksjonar på det nyaste nytestamentet. I andre del arbeidde vi med gammaltestamentlege tekstar (Jesaja 1 og 2. Mosebok 17) i grupper, eit par omsetjarar, eit par forfattarar og ein eller to frå Bibelselskapet i kvar gruppe. Eg har sjeldan hatt ein meir interessant arbeidsdag. Det lovar godt for det vidare arbeidet. Eg vonar Bibelselskapet vil prioritere å dra inn litterær kompetanse der òg.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?