<$BlogRSDUrl$>

10.9.03

Kautokeino 1852 

Det samiske sporet slepp meg ikkje. Endrar det noko ved biletet av Elias Blix, mennesket, salmediktaren, nasjonsbyggjaren? For den siste er sporet i alle fall relevant. Men viktigare ville det vere om vi, ved hjelp seminaristen og den seinare kyrkje- og undervisningsministeren sine briller, kunne sjå litt klårare nokre av drivkreftene i det norske storsamfunnet si tilnærming til det samiske folket. Det er slikt som rettferdiggjer biografien som historiefagleg disiplin. Historisk biografi er historieskriving ved hjelp av kvalitativ metode, djupundersøkjing innan eit avgrensa materiale: Eit menneskes livsløp.

I.
Det såkalla Kautokeino-opprøret, hendingane den blodige måndagen 8. november 1852, er ikkje til å kome utanom. Dels fordi det ligg spørsmål her som enno er uløyste, enno omdiskuterte, enno brennbare. Spørsmål som gjeld kulturell, økonomisk og politisk undertrykking, religiøs overtyding og fanatisme, friske og sjuke sinn (men òg makta i psykiatriske diagnosar). Hendingane er godt dokumenterte, medan tolkingane er mange og motstridande. Historikarar ved Universitetet i Bergen har nytta dette materialet for å lage ei digital innføring i historisk metode, "Jeg var i Retfærdighed", og det har vokse fram ein omfattande litteratur om opprøret. Standardverket er no den nederlandske antropologen Nellejet Zorgdrager si avhandling De rettferdiges strid, Kautokeino 1852: Samisk motstand mot norsk kolonialisme (Oslo: Norsk Folkemuseum/Vett og Viten, 1997). Den beste kortversjonen eg har funne stod i Dag og Tid 17. april 1997. Sjølv trur eg antropologiske studiar av såkalla millenaristiske religiøse rørsler kan vere ein eigna inngang til dette materialet. Eg har registrert at dette utgangspunktet har vore nytta i studiet av Kautokeino-hendingane, men eg har ikkje fått lese dei aktuelle bidraga.

Mest er Kautokeino-hendingane viktige for meg fordi dei sette så djupe spor i samtida, og Elias Blix er ein samtidig. Laurdagen 6. august 1853 tek han til som elev ved Tromsø Skolelærerseminarium. Same dagen fell dom i underretten i Alta over dei flyttsamane som var under tiltale for å ha drepe handelsmannen og lensmannen i Kautokeino. Biografen vil gjerne sjå eit symbol her (sjølv om nyheita neppe nådde Tromsø på ei vekes tid eller så, og sjølv om dommen ikkje var rettskraftig før Høgsterett hadde gjeve sitt votum 14. februar 1854). Det skal han vere forsiktig med, men noko rett har han.

Korleis verka Kautokeino-opprøret i Tromsø? Sterkt. Tromsø-Tidende hadde heilt frå sommaren 1851 stadig urolege meldingar om den åndelege tilstanden i Kautokeino, etter ein episode der nokre av flyttsamane derifrå hadde forstyrra gudstenesta i Skjervøy kyrkje. Episoden fekk eit kraftig rettsleg etterspel, noko som er ein viktig føresetnad for det som sidan kom til å hende. Dei psykiatriske forklåringane sit laust i avisa. Det same gjer skepsisen mot Lars Levi Læstadius og vekkinga omkring han. Så kom dei ekstreme november-hendingane, og ein langvarig rettargong. Etter dommen i underretten i Alta den 6. august 1853 vart dei fire som retten rekna som hovudmennene og dømde til dødsstraff, Aslak Hætta, Mons Somby, Lars Hætta og Aslak Rist, overførte til Tromsø, der dei vart sitjande i eineceller i arresten heile vinteren. I same byen sat ein nybakte seminarelev og mottok si første undervisning i det samiske språket.

Førte Kautokeino-hendingane til ei stigmatisering av samane som gruppe? Mest av den læstadianske rørsla og Læstadius sjølv, i det minste i somme krinsar. Interessant er ein redaksjonell "hale" til eit referat frå Härnösandposten i Tromsø-Tidende 12. februar 1854. Læstadius har i ei utgreiing for kyrkjeleg og verdsleg autoritet avvist skuldingar om at han skulle vere moralsk ansvarleg for utviklinga i Kautokeino. Kommentaren lyder:
Man ser altsaa, at man ialfald har denne Mand i Kikkerten, skjønt det er lykkets ham at undgaa retlig Tiltale; maatte Dette virke til at bestyrke ham i Sindighed og en fornuftig Nidkjerhed.

Men det fanst andre røyster i Tromsø. Den sterkaste tilhøyrde rektor Hans Blom, som i ein debatt i Norsk Kirketidende i 1860 gjekk langt i å oppvurdere Læstadius (sp. 158):
For mig staar det klart, at Manden ikke paa langt nær har nydt tilbørlig Anerkjendelse. Han var vistnok et forunderligt, men dog sikkerlig et udvalgt Redskab i Guds Haand til at virke der, hvor han blev sat.

Mange sentrale aktørar i Kautokeino-prosessen har tilknyting til Tromsø. Det gjeld amtmannen (først Harris, seinare Motzfeldt). Det gjeld den geistlege som nok viste den største forståinga for vekkingsrørsla blant samane og for situasjonen til dei rettsforfølgde, biskop Daniel Juell. Det gjeld Fredrik Hvoslef, soknepresten til Kautokeino som vart ståande midt oppe i hendingane; han skal kome til Tromsø noko seinare, som styrar ved seminaret frå 1857. Men den mest interessante aktøren frå "min" synsstad, som er synsstaden til ein nybakt seminarist hausten 1853, heiter Andreas Jacob Lasson. Lasson er teologisk kandidat, 38 år gammal. Han er den læraren ved seminaret som har lengst ansiennitet, har vore med sidan Trondenes-tida, frå 1846. Det er han som har ansvaret for samiskundervisninga ved seminaret. I Kautokeino-dramaet har han ei birolle. I mange framstillingar er han knapt nemnd. Men han kjenner tilhøva godt. I 1850 gjorde han ei lang studieferd, der han oppheldt seg fleire veker i Kautokeino. Biskop Juell, som òg er samiskkunnig, tek han med på råd når det gjeld sjelesorg for dei to av Kautokeino-opprørarane som til sist vart avretta, Aslak Hætta og Mons Somby.

Kva for haldningar og tankar formidlar denne mannen? Og kva får elevane med seg av uttrykte og skjulte pensa? Det er ting som kan tyde på at andrelærar Lasson ikkje var spesielt populær mellom elevane på seminaret, men det handlar nok mindre om Kautokeino-sak enn om personkjemi.

I morgon: Samisk eller norsk?

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?