<$BlogRSDUrl$>

1.10.03

Dagens Blix 

Det er so godt at vitja / Guds Hus og Heilagdom paa Jord.
Det er so sælt at sitja / Og lyda paa Guds gode Ord.
Der er det godt at tjelda / Fyr trøytte Ferdamann.
Der inn ved Livsens Kjelda / Spring Liv i aude Land.
Og der den Kjelda surlar, / Der byggja Fuglar smaa;
Den arme Duva kurlar / Og lengtar dit at naa.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Ljoset er ofte framheva som grunnleggjande motiv i Blix-salmane. Vonde tunger vil ha det til at det er det einaste på diktaren sitt repertoar. Det er usant. Eit anna hyppig brukt motiv er hagen, med åkeren som næraste nabo. Her syng gammaltestamentlaren vel så sterkt som fiskarbonden: Heilt frå Eden-forteljinga i 1. Mosebok 2 og 3 er hagen eit bibelsk sentralmotiv. Hagen er staden for å dyrke Gud og å dyrke jorda, for gudsteneste og kvardagsliv. Blix får fram noko av det beste i luthersk tradisjon i denne salmen (nei, det er ikkje alt i luthersk tradisjon som er like godt): Den heilage, allmenne kvardagen, der arbeid og heim i samsvar med Luthers kallsetikk vert tolka som gudsteneste - og den heilage, allmenne gudstenesta, der heile himmelen får rom sjølv under eit trongt kyrkjetak.

Meir om hagen som bibelsk motiv kan du få vite hos norsk teologis fremste hage-ekspert, gammaltestamentlaren Terje Stordalen.

Kjelde for bibelsitatet: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 1.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?