<$BlogRSDUrl$>

10.10.03

Dagens Blix 

No Soli bak um blaae Fjell / Sitt ljose Andlit gjøymer,
Og Myrker yver Heimen fell, / Og Jordi ligg og drøymer.
Gud lat di Aasyn lysa ned! / So heilag Fred
Inn i vaart Hjarta strøymer!

Kom Jesu inn og med meg ver, / Naar det til Kvelden stundar!
Og lat din Engel standa her / Ved Lægjet, naar eg blundar,
Og varda vel min Kvilestad! / Og vekk meg glad
Til Song med Fugl i Lundar!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Med Kveldsong er vi komne til slutten av det tredje heftet "Salmar." Tonen er oppgjeven til "Maria hun er en Jomfru ren". Det er ikkje godt å seie kva for ein av dei to melodiane Blix har hatt i tankane, L. M. Lindeman sin (den gongen) nyskrivne, som vi nyttar i dag, eller den gamle frå Thomissøns salmebok.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?