<$BlogRSDUrl$>

16.10.03

Dagens Blix 

Dat norske Maalet.

Dat var ei gomoll gyllin Tid, / mi gode norske Tunge!
daa dine Ord som Fossen strid / fraa alle Lippur klunge,
daa du i Haralds Kongastad / i Høgbænk millom Kjempur sat,
og Skaldar sine Høgtidskvad / i dine Tonar sunge!

Men daa dei frie Fedrars And / i Noregs Natt mun' blunda,
og vonde Vættar yvir Land / sit Vælde mune grunna,
daa sakk du fraa di gamle Høgd, / kvarv burt fraa By - til øvste Bygd,
dar du i Dalens Ro og Trygd / so hugsamt byggja kunde.

Men enn du eiger Kjæmpemerg / og Mannamot i Bringa;
lat skraala kun ein framand Dverg, / han skal deg aldri tvinga!
Du alt hev vunnit fyrste Slag, / og no som fyrr i Ord so hag
du skal til Noregs sidste Dag / paa Nordmenns Tunga klinga.

---------------------
Syn og Segn 10 (1904) 50-52

Ei av ulempene ved å vere stor diktar er at før eller seinare finn nokon fram ungdomssyndene dine og publiserer dei. Her er tre av dei åtte versa i "Dat norske Maalet" (vers 1, 5 og 8).

Denne teksten har absolutt historisk interesse, sjølv om det er langt att til dei språklege og poetiske kvalitetane den seinare salmediktaren er kjend for. Dette er, så langt eg kan finne, den eldste kjende Blix-teksten på landsmål. Versjonen som er trykt i Syn og Segn er datert "Marts 1859," og merka med bokstaven "l." (for Elias? Blix har nytta dette merket fleire gonger i desse tidlege manuskripta). Men det eksisterer eit manuskript frå 1857. Blix sende det som helsing til Johan Amundsen, klassekameraten sin frå seminaret, som den gongen var kyrkjesongar i Loppa.

Det har skjedd ein heil del med den kraftpatriotiske songen mellom desse versjonane. Det gjeld ortografi og ordval, og ikkje minst - tru det eller ei - ein moderasjon av språkbruken. Av variantar i dei siterte versa kan ein nemne at den eldre versjonen har "Haakons Kongestad" i vers 1; at "vonde Vættar" i vers 5 opphavleg var "danske Dvergar"; at "ein framand Dverg" i siste vers likeeins opphavleg var "den danske Dverg"; og at sjette lina i vers 5, "kvarv burt fraa By - til øvste Bygd", tidlegare lydde "fraa Bok og By til Landets Rygd" - med forklårande fotnote: "= Gru, Bedrøvelse (til Landets Bedrøvelse)."

Landsmålet kom seg etter kvart. Og Blix vart ein betre diplomat seinare i livet.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?