<$BlogRSDUrl$>

22.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II

Dat er i fyrste Stykket visat, at Nordlendingen jamt og samt er ute paa Sjøen, og at Fisket er honom ei kjær Verksemd. Og denne Lyst til Sjølivet er openberlega likaso gamal som sjølve Nordlendingarne; dat er nok i sin Grunn berre ein annan Skapnad elder ei onnor Framsyning af dan same Hug, som i forne Dagar dreiv Fedrarne ut paa Havet og gjorde deim til so namngitne Sjømenn. Dat er ein Sjølvgivnad, at denne Hug altid maa halda seg betst og visa seg sterkast paa slike Stadar, dar Sjøen med sine rike Gaavur leter Mannen lettare og vissare finna sin Næring enn paa Landjordi. Me sjaa soleides, at dar er nokot gamaldagslegt elder antikt i denne Livemaate. Men naar ein stundom møter framande Folk, som tenkja seg desse Fiskarar som heile elder halve Villmenn framfyre andre Folk, daa er dette ein Misgaaelse. Sedirna ero her som annarstad smaatt um Senn vordne blidare: Villmannalivet er kvorvit burt fyre dat fredelege Kappstræv; Nordlendingen elskar nok Sjøen, men han er ingin Neskunge, som gløymande Hus og Heim sviver um i same ville, stormande Uro som dei Bylgjur, som bera honom. Dat maa merkjast som fyrr er sagt, at desse Fiskarmenn fyre meste Deildi ogso ero Gardmenn; dar er mykit som dreger Mannen heim, naar Fisket fyrst er ute, og han er glad, naar han etter langt Fraavære fær sjaa sin Gard og sin Huslyd atter.

Dat er daa inkje negtande, at dette Sermerke i Folkets Livevis maa hava sine Brestar og føra til mangt, som inkje er ynskjande. Gardsbruket kann inkje verda drevit med dan naudturvelege Kraft og røktat med dan rette Umsyn, naar Mannen so tidt lyt vera burte. Og difyre er dat daa ogso ofta paa desse Kantar liten Skikk paa Jordbruket. Men i dan Tid, Mannen hever Ro i Heimen, er han aalmennelega idig og strævsam, ja ofta meir enn ein med Rett kunde venta.

Me vilja inkje røda um, at dat her som annanstad kann vera ymse Folk, baadi Menn og Kvinnur, som lata Hus og Heim skjøyta seg sjølv, og drepa Tidi med at ganga gardamillom, frega um Bygdarnytt og sjaa paa, at andre arbeida. Slike Folk hava dat no paa sin eigin Maate, og dei liva til dei døy, dei og, etter dat gamle Ordtøket: “Som ein teker Verdi til, so gjenger ho.” – Dat me hava at halda oss til, er dat aalmennelege, og dette er, at Mannen og Husfolket hans sjølv gjera alt dat, som hans Drift og Livemaate kann krevja – fraa Huset, dei bur i, til Klædi, dei ganga i. Handverkarar af dei ymse Slag er ein Ovbunad (Luxus), som dar er litet af. Er dat nokot, Mannen inkje rett kann med, og hans Granne skyner seg betre paa Tingen, so gjera dei Arbeidabyte, og so ero baade velhjelpne.

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 367-368

Den andre delen av "Eit og annat um Livet i Nordland" var nok òg skriven for Dølen i 1860. Men det kom som kjent ikkje noko nummer av bladet i 1861. Det året gav Vinje i staden ut Ferdaminni.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?