<$BlogRSDUrl$>

5.10.03

Edward Said 

Edward Said (1935-2003) er død. Palestinaren, amerikanaren, kulturpersonen og -kritikaren, forfattaren av Orientalism og inspirasjonskjelda til ei heil bølgje av "post-koloniale studiar."

På denne staden skal eg berre sitere eit poeng frå ein av nekrologane, den til Morten Strøksnes i Morgenbladet. Han omtalar Said sin overklassebakgrunn og "den best mulige utdannelsen på elitistiske koloniskoler" som han fekk på britisk prega skolar i Jerusalem, Kairo og Beirut:
Det doble budskapet Said mottok på disse skolene var at han måtte streve hardt med å tilegne seg kolonimaktenes overlegne kultur, samtidig som han aldri kunne bli en fullgod representant for den. Han var en ikke-europeisk «andre», språklig, rasemessig og etnisk.

Slike observasjonar har overføringsverdi, jamvel til (nord-)norske tilhøve. Det norske motstykket til Orientalism heiter Nordlendingen og er skrive av Edmund Edvardsen. Den boka skal eg kome attende til. Eg trur poenget om den framande "andre" er vesentleg for å forstå fenomen av typen Elias Blix, menneske som frå ein sosial og geografisk periferi (fiskarbondemiljøet, Nordland) midt på 1800-talet nærmar seg makt- og kultureliten i hovudstaden. "Post-koloniale studiar" har noko å tilføre norsk historie, og det er grunn til å reise Edward Said eit minnesmerke sjølv her i utkanten av verda.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?