<$BlogRSDUrl$>

1.10.03

Religion 

Kva lærte Blix på lærarseminaret II
Førre: I. Musikk
Kristendomskunnskap var hovedfaget i seminarene liksom i almueskolen. De andre fag stod lavere i rang. ... Seminaristene fikk en grundig innføring i kristendomskunnskap, og på dimisjonsattesten var det både 2 og 3 karakterer i faget (alt etter hvilket seminar de gikk ved). Det varte ikke lenge før folk kunne tale om "Seminarist-Theologie."

Slik skriv Helge Dahl (Norsk lærerutdanning, 50 og 54) om tilhøva midt på 1800-talet. Dahl si framstilling byggjer mykje på reglementet frå Asker seminar av 1837, som vart gjeldande for dei fleste lærarseminara. Undervisninga i Tromsø var regulert i eigne kongelege resolusjonar fram til det nye reglementet for lærarutdanninga kom i 1869. Men den sentrale plassen til religionsfaget var den same som dei andre stadene.

På dimisjonsattesten til Blix finn ein separate karakterar for "Bibellæsning", "Religion" og "Bibel- og Kirkehistorie". I tillegg kom den undervisningsprøva eller katekesen som galdt som del av eksamen i "Praktisk lærerdygtighed". Undervisninga i samisk og i musikk må ein heller ikkje gløyme. I samiskundervisninga ser det ut til at andaktsboka Rokkus- ja oappo-girje av N. V. Stockfleth stod sentralt. Av biblioteket sin katalog og utlånsprotokoll går det fram at skolen hadde boka i klassesett, og at Elias B. Pedersen lånte eit eksemplar gjennom heile det første skoleåret. Og musikkundervisninga handla for det meste om salmesong og salmodikon-akkompagnement.

Barlindhaug oppgjev timetalet i "Kristendomskunnskap" for dei to åra til 9 + 7, dessutan 3 veketimar kateketikk i 2. klasse. Men det er mogleg å vere litt meir spesifikk: Eksamen i "Bibellæsning" var lagt til 2. klasse, men det kan hende at elevane i 1. klasse og følgde undervisninga. Ein gjekk gjennom søndagstekstane i kyrkjeåret. "Religion" var undervisnings- og eksamensfag i begge klassane. Denne undervisninga handla om katekisme og forklåring, Luther og Pontoppidan. Bibelhistorie hadde to veketimar i første klasse og ein i andre, medan kyrkjehistorie vart undervist ein time for veka i andre klasse. Kva for lærebøker som vart nytta i dei ulike disiplinane har eg (enno) ikkje full oversikt over. Biblioteksprotokollane tyder på at eit tobandsverk av Friedrich Gustav Lisco om Det nye testamente var mykje brukt, sannsynlegvis som hjelpemiddel i "Bibellæsning". Ved dei andre seminara nytta ein gjerne Herslebs bibelhistorie (som kom i ei stor og ei lita utgåve, i mange opplag), i det minste til styraren for Asker seminar, Knud Gislesen, gav ut si lærebok (1853). Gislesen, som vart biskop i Tromsø i 1856, hadde dessutan gjeve ut ei katekismeutgåve utstyrt med "Henviisning til bibelske Fortællinger og med tilføiede Psalmer og Anmærkninger" som vart standardbok i norsk lærarutdanning. Læreboksituasjonen i kyrkjehistorie er ikkje klår, men gjennom heile skoleåret 1854-55 står Elias B. Pederssen som lånar av skolebibliotekets einaste eksemplar av G. A. Lammers' Uddrag af den christne kirkes historie, omsett etter ei tysk framstilling av Leipold. Boka var ein del i bruk i norsk lærarutdanning, men i dette tilfellet er det nok heller ein særleg ambisiøs elev vi har å gjere med.

Frå seminaret fekk ein med seg ein solid dose oppdragings-kristendom. Den formelle undervisninga var berre ein av faktorane som formidla dette. Seminaristane tok del i eit regelbunde andakts- og gudstenesteliv, og dei hadde sin sjølvsagte plass i kyrkja om søndagane, der andreklassingane jamvel hadde korteneste. Internatlivet var og tenkt som del av ei heilskapleg kristen oppseding. Og ikkje minst spela lærarane ved seminaret ei rolle som personlege føredøme. For Blix si utvikling veit vi at førstelærar Christian Ludvig Rode har hatt mykje å seie. Litteraturen gjer han gjerne til grundtvigianar, utan at det blir heilt klårt kva det ligg i ei slik nemning på dette tidlege tidspunktet. Her ligg det ting og ventar på undersøking.

I alle høve: Ved sida av barnelærdomen heimanfrå er seminaret i Tromsø ein viktig faktor i forminga av Elias Blix som truande og teolog - kan hende vel så viktig som universitetsstudiet?

Førre: I. Musikk
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?