<$BlogRSDUrl$>

7.10.03

Religiøse impulsar 

Ein viktig del av Tromsø-kapitlet i ein Elias Blix-biografi må handle om religiøse impulsar.

Religionsundervisninga ved seminaret - den formelle og den uformelle - har eg alt skrive om. Men her er mykje meir å undersøkje. Nett på 1850-talet gjekk ei kraftig vekkingsbølgje over byen. Det mest radikale resultatet var skipinga av ei friforsamling, "Den apostolisk-christelige Frimenighed", i 1856. Liknande forsamlingar vart skipa i fleire av bygdene kring byen, mellom anna i Balsfjord og i Lyngen (tippoldefar min og familien hans var medlemer i Lyngen-forsamlinga, skipa i 1858). Tromsø Indremisjon starta opp i 1858, som eit statskyrkjeleg mottrekk. Mellom stiftarane var - Elias Blix. Med til biletet høyrer dessutan faktorar som gudstenesteliv og anna organisert kyrkjeleg verksemd, haugianske impulsar, den læstadianske vekkinga, misjonsforeininga og fråhaldsforeininga.

Hypotese: Elias Blix er i religiøs samanheng mest eit produkt av ein tradisjonell oppdragingskristendom frå heimen, skolen og seminaret. Vekkinga på 50-talet gjorde han aldri statskyrjekritisk. Men den kan ha utfordra han, som mange andre, til eit sterkare individuelt fokus, på personleg tileigning av tru og livsstil. Dessutan har organisasjonsverksemda (fråhald, misjon, indremisjon) ei viktig samfunnsmessig side: Når skolelærar Elias Blix skipar indremisjonsforeining, saman med byens geistlege stand (med biskopen i spissen) og fleire leiande handelsmenn, fortel det og noko om sosial oppdrift og ambisjonar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?