<$BlogRSDUrl$>

27.11.03

Blåmann frå Enebakk 

Eg fekk telefon frå Terje Aarset ved Høgskulen i Volda her om dagen. Han har funne ut at eg bur i Enebakk i Akershus. "Veit du kven som er Enebakks store dotter?" spurde han. Forslaget mitt om Ragnhild Jølsen vart overhøyrd, men så fekk eg soga om Opphavskvinna til Blåmann, slik parhesten til Aarset, Kristoffer Kruken ved Universitetet i Oslo, har fortald ho i Dag og Tid 9. november 2002. Soga er avdekka gjennom eit større detektivarbeid. Tidlegare har ingen visst kven Anne Haavie var. Men no veit vi det altså:

Anne Haavie, fødd Holmsen, kom frå Enebakk. Ho var fødd på Vik i Ytre Enebakk (den noverande gardkona på Vik er pianolærar for døtrene mine, forresten) i 1809, budde på Børter i Kirkebygda då ho vart konfirmert i 1824, flytta til Hobøl i 1830 og til Kristiania i 1856, og gifta seg med Ole Haavie frå Hobøl i 1857. Ole Haavie var lærar på Møllergata skole, og kollega av Rosa Kjeldseth, som vart gift med den gamle A. O. Vinje (1869). Melodien til "Blåmann" første gongen publisert (anonymt) i Ingvar Bøhns Norske Visor aat Skulom i 1871 (både Rosa og Aasmund Vinje døydde i 1870). Namnet til Anne er knytt til melodien i Folkesangbogen frå 1884. Sjølv døydde ho i 1888.

Det var kortversjonen. Kruken og Aarset har heile soga. Eg har sendt ho til redaktøren i Enebakk Avis. Han set nok ein av lokalhistorikarane sine på saka. Og det anar meg at det går mot ein lokal renessanse for "Blåmann, Blåmann, bukken min" i regi av Vik Musikkskole.

Eg har i det heile mykje glede av arbeidshestane Aarset/Kruken. Lett tilgjengeleg på arbeidsplassen min har eg Aasens Det norske Folkesprogs Grammatik (1848), Ordbog over det norske Folkesprog (1850) og Norsk Ordbog (1873). Og kven trur du har gjeve dei ut? Rett, Aarset og Kruken. Alt dei rekk!

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?