<$BlogRSDUrl$>

28.11.03

Dagens Blix 

Er her Nokon, som vil høyra / Største Under, kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra / Til det store Engleord:
"Jesus han er ikkje her, / Han or Grav uppstaden er.
Kvi vil de i Graver aude / Søkja Livet millom Daude?"

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 21

Nok ein salme for påska, den femte av seks. Nokon ny påskesalme gjev ikkje Blix oss i 1883-utgåva av Nokre Salmar, denne var alt med i 1870-heftet. Vi må vente på fjerde utgåve (1891). Der kjem ein ny original salme ("Ljos yver Grav") og ein omsett ("Krist stod upp av Daude"). Som eg har nemnt tidlegare, er denne salmen rekna mellom dei svakare, og den er gått ut av bruk.

Koralmelodiane "Af Høiheden oprunden er" og "Vær nu glad og vel tilmode" er nytta til to påskesalmar kvar, "Vær nu glad" til denne og til den einaste gjendiktinga mellom dei seks påskesalmane, "Som den gyllne Sol".

Eit par filologiske og stilistiske detaljar i dag òg. Det er stadig nokre tilfelle av overgang frå a til e i samansette ord: "Englaord" (vers 1, 1870) vert "Engleord" (1883); "Hjartaskaden" (vers 3, 1870) vert "Hjarteskaden". Dessutan er det tydeleg at Blix systematisk har rydda vekk ordet "ei" frå tekstane sine. Det er to døme her, i vers 1 og 3:
(1870:) Jesus er ei lenger her
(1883:) Jesus han er ikkje her

(1870:) Var vaar Frelsar ei uppstaden
(1883:) Um han ikkje upp var staden

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?