<$BlogRSDUrl$>

12.11.03

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng, / Eit Gitord gjeng,
Um Kongeson i Krubbeseng. / Halleluja, Halleluja!

Hans Rike gjeng so langt som Sol, / So langt som Sol,
Og evig stend hans Kongestol. / Halleluja, Halleluja!

Hans Velde naar fraa Hav til Hav, / Fraa Hav til Hav.
Men Rettferd er hans Kongestav. / Halleluja, Halleluja!

Hans Ord som Dogg um Morgon fell, / Um Morgon fell,
Og Freden gror fraa Fjord til Fjell. / Halleluja, Halleluja!

Gud vere Lov i høgste Høgd, / I høgste Høgd!
No er eg glad og sæl og nøgd. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 10

"Fraa Betlehem eit Gitord gjeng" er den første nye salmen i denne utgåva av Nokre Salmar. Melodien er "Et Barn er født i Betlehem." Lindeman utgav sin melodi, den vi nyttar i dag, i 1871. Eg veit ikkje kor fort den kom i bruk; middelaldermelodien er framleis teken med som alternativ i Norsk Salmebok (1984), men eg veit ikkje om nokon kyrkjelyd som nyttar den i dag.

Denne er mellom dei gløymde Blix-salmane. Kan hende er grunnen rett og slett populariteten til "Et barn er født i Betlehem". Blix når nok ikkje dei heilt store høgdene i denne salmen, og kan hende ikkje det heilt folkelege heller; melodien og versemålet treng ei enkel vise. Men det er mange interessante trekk her likevel. Eg har gjeve att versa 1, 5, 6, 9 og 12 (det siste), og markert dei mest opplagte bibelske allusjonane. I siste verset kjem forresten det Gloria som vi mista i andre utgåva av "Det Folk som sat" hin dagen.

To spørsmål skulle eg gjerne hatt svar på:

1. "Hans rike gjeng so langt som Sol" lyder bibelsk. Men er det det? Eit kjent hymnologisk motiv (Wexels: "Så vide om land som sol mon gå"; Watts/Smemo: "Jesus skal rå så vidt som sol"), men kvar kjem det frå?

2. Eg er ikkje heilt nøgd med referansen til 5 Mos 32,2 når det gjeld lina "Hans Ord som Dogg um Morgon fell." Betre forslag? Eg har ein vag mistanke om at her må ein leite i utanombibelsk jødisk eller orientalsk tradisjon. Men her er det sjølvsagt biografen i meg som gjerne vil at professoren i semittiske språk skal påverke salmediktaren i Blix.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?