<$BlogRSDUrl$>

18.11.03

Dagens Blix 

Eg aldri burt vil ganga, / So hald meg ved di Hand!
Eg fast ved deg vil hanga, / Naar du giv ut di And.
Naar du i Dauden bleiknar, / So sit eg ved din Fot
Og djupt ditt Bilæt teiknar / Inn i mi Hjarterot.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 14

Paul Gerhardt er opphavsmannen også til denne andre salmen under overskrifta "Langfredag". Medan "Sjaa der Guds Lamb kjem gangande" kom i heilt ny versjon, er "Ver helsat, Hovud høge" nesten uendra sidan første utgåva, i Nokre Salmar II (1870). Det femte verset illustrerer den typen endringar på mikroplan som Blix førte inn sjølv der han var nøgd med første forsøket. Her er 1870-utgåva:
Eg vil ei fraa deg ganga, / So hald meg ved di Hand!
Eg fast ved deg vil hanga, / Naar du giv ut di And.
Naar du i Dauden bleiknar, / Eg siter ved din Fot
Og djupt ditt Bilæt teiknar / Inn i mi Hjartarot.

Orda ei og siter er eliminerte. Dei har nok vore rytmiske naudløysingar i utgangspunktet. Hjarta- går i denne utgåva konsekvent over til Hjarte- i samansette ord, i samsvar med Aasens ordbøker.

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?