<$BlogRSDUrl$>

8.11.03

Nye brev 

Eg er nett komen heim frå nokre heilt spesielle dagar i Ivar Aasen-tunet. Det er mykje å fortelje, men midnatt er passert, så det meste får vente. Men eg fortelje at eg vende heim med kopiar av 150 brev til Blix i kofferten! Eg har berre visst om breva eit par veker. Dei er i familiens eige, og er for tida stilte til disposisjon for Aasen-tunet av Leiv Erik Blix Bondevik, Ålesund (tippoldebarn til Elias Blix).

Dei fleste breva er frå statsrådstida til Blix på 1880-talet. Eg har lese gjennom dei 15 breva frå Ole Richter. Statsministeren i Stockholm som fekk slik ein trist ende var kan hende Blix sin næraste kollega i statsrådet. Her er òg nokre brev frå Johannes Steen, som leidde stortingsmajoriteten i denne perioden. Men framfor alt er her svært mange brev frå Jakob Sverdrup, Blix sin kollega og konkurrent om kyrkjeministerposten. Dette materialet har eg store forventningar til. Dei kan kaste nytt lys over interne tilhøve i regjeringa Sverdrup.

Dessutan er det mange andre. Berre ein smakebit i kveld, eit situasjonsbilete eg fall for med ein gong. Følgjer du denne peikaren, kan du sjå ein faksimile av dette brevet frå stortingsrepresentant Sivert Nielsen frå Nordlands amt, Blix sin næraste ven på Stortinget:
Hr. Dr. Blix!

Jeg gratulerer! Med 85 Stemmer er Din Professorgage i dette Øieblik bevilget.

Din
S. Nielsen

Storthingssalen
12-5-79

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?