<$BlogRSDUrl$>

18.11.03

Oktoberkrisa 1887 

Dette har hendt:
I juni 1887 fall framlegget til "Lov om Menighedsraad og Prestevalg" i Odelstinget med eit brak. Det var kyrkjestatsråd Jakob Sverdrups store sak og det vestlandske lekfolks fanesak: Det demokratiet onkelen, statsminister Johan Sverdrup, hadde ført fram til siger i staten, skulle no brorsonen føra fram til siger i kyrkja. Jakob Sverdrup hadde statsministerens fulle støtte i dette som var blitt sjølve hjartesaka for "de Moderate". Men der var motstand, og innvendingane frå andre delar av Venstre tetna etter kvart som avgjerda nærma seg. Lovframlegget fekk slett ikkje stå på eigne bein: "Kirkesagen" vart fletta inn i maktkampen i Venstre, i Kielland-saka og leiarkrisa kring den aldrande statsministeren. Ho vart ei av dei store sakene som kløyvde Venstre, undergrov regjeringa og førebudde Johan Sverdrups fall. Ei brei lekmannsrørsle av "Oftedøler" stilte seg bak lovframlegget og ville ha "Demokrati i Kirken", medan ei anna rørsle reiste seg imot "den oftedølske Reaktion" og "Aandstyranni". Motstandarane sigra, og saka var død i ein mannsalder. Fyrst i desember 1920 vart "lov om menighetsråd" vedteken.

Berge Furre, Soga om Lars Oftedal, s. 495


Eg må arbeide grundig både med kyrkjesaka og Kielland-saka; i begge sakene var Blix den statsråden som førebudde den politiske handsaminga, medan Jakob Sverdrup spela ei viktig rolle i forhistoria. Men no er poenget å teikne konteksten for eit av dei viktigaste breva i korrespondansen Richter-Blix.

Etter nederlaget i kyrkjesaka vart det reist sterke krav om Jakob Sverdrups avgang, både i pressa, i partiet Venstre og innan regjeringa. For å gjere historia kort og personfokusert: Dei tre statsrådane Sofus Arctander, Hans R. Astrup og Birger Kildal kom til å utgjere ei opposisjonsgruppe innan regjeringa, som heldt hardt på at Jak. Sverdrup måtte gå. På den andre sida danna det seg ein Sverdrup-fraksjon; regjeringssjefen sjølv stilte seg bak nevøen. Han avviste at noko medlem av regjeringa skulle gå på grunn av nederlaget i kyrkjesaka. Sverdrup-slektningen Jacob Stang høyrde til denne fraksjonen, saman med Baard Haugland. Ole Richter, Aimar Sørenssen og Elias Blix var ein stad mellom borken og veden. I løpet av sommaren 1887 var det ein hektisk kontakt mellom dei tre "opposisjonelle" og Richter.

Konflikten spissa seg til i oktober. Denne kritiske fasen er grundig handsama fleire stader, mellom anna i Halvdan Kohts biografi om Johan Sverdrup (III, s. 392-402), i Per Fuglums Richter-biografi (II, s. 249-258), og i Reidar Sevågs om Hans R. Astrup (s. 155-161). Under ein regjeringskonferanse 10. oktober, der både Kristiania- og Stockholm-statsrådane var samla, leverte Arctander, Astrup og Kildal avskilssøknadene sine. Fleire kompromissforslag frå Sverdrup-fløya vart avviste.

12. oktober kom eit nytt og overraskande initiativ. Richter skreiv, saman med Sørenssen og Blix, til regjeringssjefen om situasjonen som var oppstått med dei tre avskilssøknadene. Brevet sluttar slik:
Under disse Omstændigheder - da vi ved en saa stor Afgang maa anse Ministeriets Stilling væsentlig rokket, samt for at Deres Excellence ved den Rekonstruktion, der altsaa bliver en Nødvendighed, kan have muligst frie Hænder, finde vi at burde meddele at det er vor Agt at stille vore Pladse til Hans Majestæts Raadighed.

Kongen vart no informert om situasjonen. Dei næraste dagane var det ein omfattande korrespondanse pr. telegram og brev, særleg mellom Johan Sverdrup og kongen, men òg med Richter involvert. Det er kjent at kongen uttrykte støtte til Johan Sverdrup, og at Sverdrup var klar til å late dei aktuelle statsrådane gå og supplere regjeringa med nye folk (Koht III, 396). Det er òg kjent at Richter i desse dagane sette opp lister med aktuelle statsrådskandidatar, noko som helst tyder på at han førebudde seg til eventuelt sjølv å ta over som regjeringssjef (Fuglum II, 253-254). Kongen og statsrådsavdelinga i Stockholm (som i mellomtida var reist til Sverige att) kom til Kristiania 18. oktober. Det kom no til kompromiss. I statsråd 20. oktober la Arctander, Astrup og Kildal fram avskilssøknadene sine for kongen, men på kongeleg oppmoding gjekk dei med på å fråfalle søknadene og bli i stillingane sine inntil vidare. Når Stortinget kom saman, skulle ein prøve å avklare den parlamentariske situasjonen. Krisa var utsett til nyåret 1888.

Så vidt eg kan sjå, har ingen av dei som har skildra desse hendingane kjent til dette brevet frå Richter til Blix. Det fortel både at Blix alvorleg vurderte å gå som følgje av kyrkjesaka og at kongen (i alle fall i Richters tolking) ikkje fann ein regjeringskabal med Jak. Sverdrup som kyrkjeminister haldbar. Kva desse momenta har hatt å seie for forhandlingane i Kristiania 18.-20. oktober, er uvisst. Sannsynlegvis fortel dei meir om Richter sine haldningar enn om kongens. Men møtet Blix vart kalla inn til saman med Richter og Sørenssen kan ha vore viktig; Arctander uttala seinare at press frå kollegaer var ein viktig grunn til at det vart kompromiss 20. oktober. Brevet er datert Stockholm, 15. oktober 1887 og lyder slik (in extenso):
Kjære Ven og Kollega!

I vedlagte Telegram vil De se en liden Antydning af kongeligt Mishag i Anledning af vor Kollektivoptreden. Ved de Forklaringer, som der efter Kongens Ankomst idag har været Lejlighed til, tror jeg dog nok der er lykkedes Sørenssen og mig at paavise det følgerigtige deri. Særligt med Hensyn til Dem antog jeg ikke De ønskede tilbagekaldt, at Deres Stilling egentlig var den, at De ansaa det uforenligt med Deres Forhold til Kirkesagen at blive staaende naar tre andre Medlemmer af Raadet paa Grund af denne Sag fratraadte – at De ved at slutte Dem til Sørenssen og mig altsaa i Virkeligheden havde indskrænket Dem til noget mindre end De sandsynligvis vilde finde nødvendigt, dersom der ikke under Hans Majestæts Mægling kunde tilvejebringes en Vending i Sagen. Kongen havde det fuldkommen paa det Rene at Deres Udtræden vilde gjøre Stillingen aldeles uholdbar – med andre Ord at Jacob Sverdrup som permanent Kirkeminister er umulig. Jeg tror derfor ogsaa at Spørgsmaalet om hvorvidt Kongen med nogen Styrke vil paavirke Statsministeren i Retningen af at opgive Brodersønnen, ret meget vil bero paa om han af Dem selv modtager Bekræftelse paa hvad Sørenssen og jeg altsaa har ment at kunne fremstille som Deres Standpunkt.

Det vil jo iøvrigt, som der synes, gaa Slag i Slag, idet Kongen har bestemt sin Afrejse til Mandag Aften (med Extratræn). Vi kommer med det ordinære Hurtigtog – altså Kl. 11 Tirsdag, og tillader jeg mig at henstille om det kunne falde Dem belejligt at vi mødes hos Sørenssen for at faa en liden Samtale før Kongen ankommer.

Med mange Hilsener
Deres hengivne
O. Richter.

Det vedlagte telegrammet frå kongen, datert 14. oktober 1887:
Statsminister Richter og Statsrådsafdelningen
Stockholm

Meget misfornøiet over de uventede dimensioner sagen har taget og hvilket jeg hidtil opfatter som svaghed mod yderste venstre. Henstillen om din sørensens og Blix’s pladse til rådighed unødig da grundloven altid stiller dem så. Jeg håber at ikke alt for meget ondt kommer af dette. Telegraferer nu til Christiania om forberedelser for min ankomst.

Oscar

Korrespondansen Richter-Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?