<$BlogRSDUrl$>

17.11.03

Spott og salmar 

Eg har lova å fortelje noko frå seminaret "Spott og salmar: Religiøs ambivalens i den nynorske tradisjonen" (Ivar Aasen-tunet, 6.-7. november). Seminaret samla om lag 30 deltakarar, med bakgrunn frå litteratur, kyrkje, skole og anna språkleg verksemd.

Jan Inge Sørbø heldt opningsforedraget, i professoral kontakt med manuskriptet sitt, men innhaldet var spenstig nok. Garborg-diktet "Tvileren" fekk slå an grunnakkorden for utforskinga av tilhøvet mellom nynorsk og religiøs ambivalens:
Jeg tror paa Vorherre og nægter ham dog,/ jeg beder og bander tillige;
jeg gaar næsten kvalt under syndens aag/ og nægter dog Satans rige . . .
Jeg spotter om dagen, naar solens flom/ sig vælter om skogens klædsel,
jeg skjælver om natten for Herrens dom/ og gyser for hælvedes rædsel.

Sørbø teikna opp to ulike argumentasjonslinjer i målreisingsarbeidet, ei nasjonal og ei klassemessig. I den radikale og til dels anarkistiske delen av målrørsla (Fjørtoft, Steinsvik) fekk religionskritikken ein framtredande plass, medan leiande målfolk med nasjonsbyggande ambisjonar var skeptiske til religionskritikk (Aasen). Det har vore affinitet på den eine sida mellom den nasjonale argumentasjonsrekka og den religiøse språkbruken (Blix, Olav Aukrust), på den andre sida mellom religiøs opposisjon, folkeleg opprør og latter-kultur (Garborg - Sande - Jonsson - Fløgstad ...). Med Bakhtin i bakhand var Sørbø oppteken av å konstruere dette tilhøvet ikkje først og fremst som opposisjonelt, men som syklisk: Her er karneval og marknad - men ikkje heile året; faste- og pasjonstid høyrer òg med. Den karakteristiske ambivalensen til religion heng nøye saman med det indre spennet mellom nasjonalt og folkeleg i den nynorske kulturen, om eg forstod Sørbø rett.

Min gode studiekamerat Per Halse rykte brått fram i køen av talarar, fordi flyet med fleire av innleiarane, etter ein flytur som visstnok kunne gjere nokon kvar religiøs, vart nekta å lande på Hovden og ekspedert vidare til Sandane, med påfølgjande landevegstransport. Per arbeider med utviklinga av nynorsk som kyrkjespråk, med vekt på det eldste bibelomsetjingsarbeidet. Han gav eit historisk oversyn og nokre konkrete teksteksempel knytt til emnet "Helgespråk eller kvardagsmål? Spenningar rundt dei første bibelomsetjingane til landsmål."

Forfattarane Inger Bråtveit og Edvard Hoem gav oss lesingar av to forfattarskapar som på kvar sin vis eksemplifiserar det ambivalente tilhøvet til religion, dei til Ingvar Moe og Jakob Sande. Og Stephen Walton teikna opp "Ivar Aasens religiøsitet" i sitt "vandrande foredrag" i Aasen-tunet.

Torsdagskvelden var det boknatt. Om den har eg gjeve rapport ein annan stad.

Fredagen tala Oskar Stein Bjørlykke om "Nynorsk og religion i min generasjon" - det vil seie generasjonen som debuterte i slutten av 60-åra, medrekna Profil-krinsen. Han knytte òg nokre kommentarar til dei ulike litterære "krinslaupa," der religiøs litteratur gjerne har kome på eigne forlag og hatt eigne distribusjonskanalar. Det norske Samlaget har ambosjonar om å gjenspegle totaliteten av den nynorske kulturen, og der har religionen sin plass: "Så pass, men ikkje meir," med Bjørlykke sine ord. Nokre ord om nynorskens religiøse dimensjon hadde han òg. I ei skildring som Hermann Starheimsæters Nordvegen fann han til dømes nynorsk som religionssubstitutt.

Åse Bjørg Høyvoll Kallestad oppsummerte hovudoppgåva si, Da Gud kom tilbake i norsk litteratur: En lesning av fire norske romaner fra 1900-tallet. Dei fire romanane er av Dag Solstad (Professor Andersens natt), Hanne Ørstavik (Like sann som jeg er virkelig), Jon Fosse (Morgon og kveld) og Erlend Loe (Naiv - super). Ho teikna eit bilete av Guds retur til litteraturen, i fire punkt: Underkasting under noko som er større enn ein sjølv. Ein fråverande Gud, ein som ikkje er til stades i skaparverket; saman med distanseringa av Gud frå skaparverket heng tendensar til gnostisisme og mystikk. Og endeleg tala ho om underkasting utan frelse; ho var i det lengste usamd med Eivind Tjønneland (som har skildra 90-talsforfattarar "på lemenmarsj mot Gud"), men enda med å gje han rett i å sjå ein "regressiv, innadvendt og passiv tendens". Fråveret av ein frelsar gjer at den einskilde må "korsfeste seg selv for å gå oppreist." Men det metafysiske behovet, lengten etter "Gud" er her eit heilt individuelt prosjekt, ikkje knytt til religiøse fellesskap.

I den avsluttande panelsamtalen rakk vi innom dei fleste temata som hadde vore oppe til diskusjon, før Ragnar Hovland fekk siste ordet, det vil seie, dei litterære personane han har skapt "Med Indrebø-bibelen i bagasjen." All ære til Ivar Aasen-institusjonane (instituttet og tunet) for arrangementet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?