<$BlogRSDUrl$>

13.12.03

Blix-CD 

Enno eit CD-prosjekt med Blix-tekstar! Eg har underteikna eit støtteskriv for prosjektet til Bodø Domkor og Bondeungdomslaget i Oslo. I søknaden deira til Kulturrådet og Kulturdepartementet om økonomisk støtte heiter det mellom anna:
Som ein fylgje av minneåret om Elias Blix [2002], har Bodø Domkor saman med Bondeungdomslaget i Oslo ynskje om å gje ut ei CD med Elias Blix sine salmar. Noka slik innspeling på grammofonplate finst ikkje før. I tillegg til sjølve grammofonplata, er det tanken at det skal gjevast ut eit notehefte som songkor kan få attåt CD`en.

Arbeidet med innspelinga er alt godt i gang, og ein vonar å få ut plata får årsskiftet 2003/2004. Denne innspelinga vil ikkje berre verta ei nyskaping innanfor religiøse plateutgjevingar i Noreg, men vil venteleg nå eit publikum langt utover dei som vanleg vis kjøper religiøs musikk. Plate med medfylgjande notehefte vil i tillegg vera til stor hjelp for songkor over heile landet som vil ha Elias Blix sine salmar og songar på programmet.

Du kan altså ikkje få kjøpt denne som julegåve i år. Men Kine Hellebust sin Blix-CD er i sal. Til neste år kjem Dvergmål, og, får vi vone, Bodø Domkor.

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?