<$BlogRSDUrl$>

4.12.03

Dagens Blix 

Kom, Heilag Ande, til oss ned! / Lys inn i Hjartat med din Fred, / Du Guddoms Ljos og Stjerna!
Du Sannings Sol, som aldri sig,/ Giv at me Sannings Veg og Stig / Ved deg maa fylgja gjerna!
Leid meg / Den Veg!
Lys fyr Fotom! / Riv med Rotom / Ut dei Tankar,
Som fraa Myrkheim til meg vankar!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 25

Er det mørkt og trist rundt deg? På BlixBlog kan du oppleve pinsehelg alt på førjulsvinteren! Ny utgåve av den første pinsesalmen Blix publiserte, ei gjendikting etter M. Schirmer og S. Jonassøn. 1869-utgåva var slett ikkje dårleg, men Blix har gjort større og mindre endringar i kvar einaste strofe likevel.

Eg har lyst til å peike på ein samanheng eg trur er sentral i Blix' univers. Fjerde verset av denne salmen begynner slik:
Du dyre Balsam, Livsens Saft! / Du vil oss giva Kjempekraft / At me må standa sterke,
Imot vaar arge Fiendsmann / Og med di Verja vinna kann, /Og bera høgt ditt Merke!

Her er trekk som peikar mot den seinare fastetidssalmen "Jesus, lyft ditt ljose merke." Men stikkordet kjempe- minner dessutan om dei sterkt nasjonale ungdomsdikta til Blix, som vi har sett døme på tidlegare ("Dat norske Maalet", "17de Mai"). Samanhengen mellom folkeånda og Heilaganden er vel kjent hos Grundtvig. Samspelet mellom kristning og nasjonsbygging er eit grunnleggjande ideologisk trekk hos Blix, som vi skal få rikeleg høve til å studere seinare.

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?