<$BlogRSDUrl$>

9.12.03

Dagens Blix 

Fraa Himmelen Guds Ande for, / Guds Ande for,
Og løyste Tungeband paa Jord. / Halleluja, Halleluja!

Han kom som Jesu Kristi Tolk, / Som Kristi Tolk,
Med Tungor ny' til alle Folk. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 28

Pinsesalme til julemelodi: "Et barn er født i Betlehem." Dette er ei enkel lita vise på 11 vers, av Grundtvig. Eg har skrive litt om Grundtvig-salmane i samband med førsteutgåva (1870). Denne salmen er praktisk tala uendra. Men ein kan jo merkje seg at det tidlegare "Pintse" konsekvent er vorte til "Kvitsun" i 1883-utgåva.

No som det nærmar seg jul, kan vi jo fundere på kva for ein melodi denne salmen vart sungen til. L. M. Lindeman sin melodi til "Et barn er født i Betlehem", som er einerådande i dag, er datert 1871 i Norsk Koralbok - det vil seie: Etter første utgåve av "Fraa Himmelen Guds Ande for", men før denne utgåva. Spørsmålet er kor fort den vart teken i bruk. Eg veit ikkje kor lenge den gamle middelaldermelodien heldt seg, men det må ha vore ei god stund, for den er framleis trykt som alternativ melodi i salme- og koralbøkene.

Og når det gjeld Magnhild Bruheim sine forståingsproblem knytte til bokmålsteksten av "Et barn er født i Betlehem," viser eg til kommentaren frå i går.

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?