<$BlogRSDUrl$>

19.12.03

Dagens Blix 

Kom og kjenn den store Gleda, / Som alt Folk paa Jordi gjeld!
Kom og høyr Guds Englar kveda / Sæle Ord um Jolekveld!
Dei deg lovar fager Lagnad, / Mannaætt i Sud og Nord!
Herrens Hugnad, Fred og Fagnad / Lovar dei den fallne Jord.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 16-18

Mykje er trygt og tradisjonelt i denne julesalmen. Her er englesong og kyrkjekokker og fred og glede. Men det er òg ein del gode bilete og formuleringar. Du kan gjerne blåse støvet av denne teksten no i jula. Ta skapningens lovsong i vers 5, til dømes. No må du tenkje deg attende til den gongen jula var kvit:
Sjaa, all Skapning med vil vera / I den store Helgarkor!
Stjernehimmelen kann bera / Lovsong fram i gyllne Ord.
Jordi kann seg fagert fjelga, / Skinande i kvite Skrud.
Dei seg vil fyr Herren helga, / Dei i Ljos vil lova Gud.
Eller den jordiske og den himmelske kyrkjelyden sin kosmiske julesong (v. 2):
Sjaa den Folke-Heren fara / Kyrkjeferd so glad og nøgd,
Dei vil Englesongen svara: / Æra vere Gud i Høgd!
Og jamen er det ein liten fugl her òg (v. 6):
Lat oss daa dei Engleordi / Syngja glad som Fugl paa Kvist!
Og så melodien. "O, du store Seireherre," står det, med "Här är ljuft och godt" i parentes. Dette må da vere ein "kristeleg forvendt" bruk av Gunnar Wennerbergs "Här är gudagott att vara" ("Examenssexa på Eklundshof") frå "Gluntarne"? Dette skulle eg gjerne ha hjelp til å finne ut av. Kjenner nokon songen "O, du store Seierherre"?

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?