<$BlogRSDUrl$>

25.12.03

GLEDELEG JUL! 

Julehelsinga på BlixBlog måtte bli denne:

Jolemorgon i Nordland.

Upp ved Nordlands lange Strender
Under høge myrke Fjell
Sol seg snøgt til Skugge vender,
Ljos og Myrker misjamt fell.
Medan Sumarsoli straalar
Dag og Natt paa Fjell og Fjord
Og med Gullglans Landet maalar,
Daa det fagert er der nord.

Men naar Vetterstormar durar,
Snjoen fjell-imillom fyk,
Baaror bryt som høge Murar,
Sjoen kvit fyr Vinden ryk:
Daa si ljose Aasyn gjøymer
Under Hav den signad Sol,
Folk i Myrker gjeng og drøymer,
Ventar Solhov fram mot Jol.

So ein Jolemorgon tidleg
Derfraa drog eit Kyrkjelag.
Stjernor blinkad til deim blidleg,
Lovad ljos og fager Dag.
Snart dei Grannebaatar naadde,
Rodde fram i Reid og Rad.
Til Guds Hus dei trugne traadde,
Og i Kor dei Salmar kvad.

Daa eit Uve'r braadt fell yver
Land og Hav med Kov og Dam.
Snjo og Driv i Syni gyver,
Snaudt ein ser til Stamnen fram.
No er gode Raader dyre,
Her det gjeld um mange Liv.
No Guds Hand maa halda Styre,
Elder lukt til Havs dei driv.

Full av Folk den vesle Baaten
Duvar paa den ville Fjord.
Kvinnor rædde tek til Graaten,
Gluntarne paa Livet ror.
Kven skal Veg i Myrkret finna?
Dei ser ingi Leid og Med,
Ingi Raad til fram aa vinna:
Saart til Gud um Ljos dei bed.

Daa dei høyrer Klokka tima –
Alle Gluntar lyfter Hatt.
So dei ser ei Stjerna glima
Gjenom myrke Uve'rsnatt.
Sjaa, der stend ho yver Kyrkja
Og deim viser Veg til Liv:
Snjo og Sky, som vil deim myrkja,
Hennar Straalar sunder riv.

Heilag Hugnad daa dei kjenner,
Som um dei den Stjerna saag,
Som ein Gong dei vise Menner,
Lyste dit, der Jesus laag.
Til den Stjerna dei seg vender,
Daa i Land dei frelste kjem,
Og si Takk dei Jesus sender,
Stjerna blid fraa Betlehem.
-----------------------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), 136-139
Songen skal visstnok ha bakgrunn i ei konkret hending i Gildeskål juledagen 1847. Men her er hendinga tolka i ei bibelsk referanseramme. I Skrifta finn du både stjerna, vismennene og stormen.

Og med det ønskjer eg alle lesarar av BlixBlog ei signa julehøgtid.

Teksten i eige vindu.
Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?