<$BlogRSDUrl$>

10.12.03

Vulkan-salme? 

Du har sikkert fått med deg forskarane frå Texas State University som har slege fast at den raude himmelen på Edvard Munchs kjende bilete "Skrik", måla i 1893, har bakgrunn i noko han observerte ti år tidlegare, i 1883. Meldinga har gått som ei farsott i norske medium i dag. Vi tek NRK - fordi det er lettvint. Vil du ha meir, kan du vitje New York Times.
I analysen, som ble publisert tirsdag i magasinet Sky & Telescope, hevder professor Donald Olson og hans kolleger at en masse som ble kastet ut i atmosfæren fra et stort vulkanutbrudd på den indonesiske øya Krakatoa forårsaket et sterkt rødt lys på himmelen i Europa fra november 1883 til februar 1884. Og at det var dette lyset Munch så da han ble inspirert til å male "Skrik".

I sin dagbok skrev Munch han fikk inspirasjon til å male bildet fra en opplevelse utenfor Kristiania (nå Oslo) ved solnedgang: "Plutselig ble himmelen blodrød, skyer som blod og ildtunger hang over den blåsvarte fjorden og byen. Jeg sto alene, skjelvende av bekymring. Jeg følte et stort endeløst skrik som gjennomtrengte naturen", skrev Munch.

Kunstekspertane er noko avventande. Det er jo nokre år frå 1883 til 1893, og det kan jo hende at kunstnarar har andre tankar bak fargevalet sitt enn å representere eit synsinntrykk dei har hatt. Men dei er sjølvsagt sjanselause mot ei god historie som denne.

Her er det grunnlag for ei vekstnæring. Dette må jo ha vore synleg for alle verdas kunstnarar. Eg lyser med dette ut følgjande konkurranse: Kva for ein Blix-salme kan vere skriven på inspirasjon frå vulkanraud kveldshimmel over Kristiania 1883-1884?

Kjelde for biletet: Munch-museet
Send eit forslag.
# lagt inn 10.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?