<$BlogRSDUrl$>

31.10.03

Blix på nett 

Andre presentasjonar av Elias Blix på verdsveven. Veit du om fleire, vil eg gjerne ha eit tips.

Send ein kommentar.
# lagt inn 31.10.03
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografisk film 

Ein noko annan vri på biografidebatten gjev Kjetil Lismoen i artikkelen "Filmens forvrengte speil" i Morgenbladet denne helga. Det handlar om biografisk film.
Den biografiske filmen er en tvilsom sjanger som spekulerer i vår hunger etter intime detaljer. Flere nye filmer, deriblant den premiereklare Sannhetens time: Historien om Veronica Guerin, avdekker sjangerens upålitelige rolle som sannhetsvitne.

Andre filmar som vert omtala er Baltic Storm (Estonia-filmen) og Sylvia (Plath, eit av dei meir myteomspunne moderne biografiobjekta).

Send ein kommentar.
# lagt inn 31.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Signad du som kjem / Til Jerusalem!
Fredarfyrste fraa Gud Fader, / Drag du inn i alle Stader!
Gjer kvart Hjarterom / Til din Heilagdom!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 2

Siste verset av adventsalmen "Seg Jerusalem: Sjaa din Konung kjem." Som "Gjer Dyrri høg, gjer Porten vid" er det berre små ortografiske endringar sidan førsteutgåva i Nokre Salmar III (1875): "Fredafyrste" (1875) vert "Fredarfyrste" (1883), "Hjartarom" ('75) vert "Hjarterom" ('83).

Tonen "Vaag, o Sjæl, og bed" burde eg ha kommentert i den samanfattande analysen av Nokre Salmar I-III. Blix hadde alt nytta han i salmen han skreiv til svigermora si gravferd (1873). Til oss er tonen komen frå Sverige. J. O. Wallin sin salme var visst omsett av Wexels (1840), men han kom ikkje inn korkje i Kristiania-tillegget til Evangelisk-christelig Psalmebog (1853) eller i Landstads salmebok (1869).

Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 31.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.10.03

Språkstrid 

"Siste ord er ikkje sagt" er overskrifta på ei sak i Magasinet (Dagbladets, altså) måndag 25. oktober. I ingressen heiter det: "Norge har en kuet minoritet som blir angrepet fra alle kanter: nynorskingene. Ivar Aasen ville vært stolt over hvordan de holder stand." Utgangspunktet er den nye syklusen med strid om sidemålsstilen (det må vere vanskeleg å finne på noko nytt der nede i Akersgata). Finn-Erik Vinje og Endre Brunstad har ved dette høvet dei tradisjonelle rollene som profetar mot og for nynorsk. Men det er andre røyster som er meir interessante. Redaktøren min i Samlaget, Sverre Tusvik, står til dømes fram som pessimistisk minoritetsrepresentant:
- No snakkar eg off-the-record til deg, sier Sverre Tusvik og senker stemmen. Han er sjefredaktør i nynorskforlaget.
- Når det gjeld nynorsk, er eg like hårsår som minoritetar som har vorte mobba for si seksuelle legning.
- Hvorfor er du det?
- Kvifor det? Men det er så sjølvsagd. Eg er 58 år gammal og sjefredaktør i Det Norske Samlaget, men sjølv eg må fleire gonger kvar einaste dag forsvare at eg brukar nynorsk. Kveitemjøl, seier eg. Hva? seier dei. Bokmålingane glir friksjonsfritt gjennom samfunnet, mens vi heile tida må tenkje gjennom vår identitet. Og eg kan gje ut bøker så det tyt, men før avisene, film, reklame og næringslivet tar nynorsk i bruk, har vi tapt. Om 150 år er nynorsken død.
- Om 150 år?
- Då er det eitt språk i Norge, og det er bokmål med ein del nynorske ord. Då er nynorsk eit mandarinspråk. Eit sånt språk som berre dei gamle skriftlærde i Kina kan.

Eller Steinar Øksengård i det militante Bokmålsforbundet:
- Jeg har selv nynorskbøker i bokhylla, blant andre Jakob Sandes samlede verker, og der er det mye flott. Så jeg er ingen nynorskhater, sier Øksengård på tørt bokmål med flatt nordlandsk tonefall.

"And some of my best friends are Jews," som det gjerne heiter i antisemittiske krinsar.

Men debatten om saka på Dagbladet.no orkar eg ikkje.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gjer Dyrri høg, gjer Porten vid! / Sjaa Krist, din Konung til deg rid!
Han raader yver alle Land / Og er all Heimsens Frelsarmann.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 1

I "Andre rettade og aukade Utgaava" frå 1883 aukar talet på Blix-salmar med 12, frå 56 til 68. Det er ikkje spesielt mykje, den store nyproduksjonen (for ikkje å seie masseproduksjonen) kjem med fjerde utgåva (1891). Så vidt eg kan sjå, strauk Blix aldri ein salme han hadde publisert, i seinare utgåver. Men det hende ofte at han arbeidde vidare med tekstane sine.

Det er ikkje tilfellet med denne første adventsalmen. Han er praktisk tala uendra frå Nokre Salmar III (1875). Einaste endring som er verd å nemne, er at ordet "Dyri" (1875) no er blitt til "Dyrri" (1883), utan at eg skjønar kvifor; Aasens Norsk Ordbog (1870) har "Dyr" som nemneform.

Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.10.03

Utstilling 

Ivar Aasen-tunet viser temautstillinga om Elias Blix, "Mannen som kristna landsmålet," i reprise, frå denne veka og til ein gong på nyåret. Ta ein tur innom, dersom du har høve. Eller sjå plansjene i pdf-format: Plansje 1-6, plansje 7-10.

Neste veke er det eit særleg rikt kulturprogram i Aasen-tunet. Eg reiser oppetter. Kjem du?

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ved Mad. Marie Hansens Jordefærd
den 27de November 1873

Mel. Vaag o Sjæl og bed.

Sødt du slumred ind / Med din Gud i Sind.
Stille som din Gang i Verden / Var din Gang i Hedenfærden.
Blidt som Sol gaar ned, / Sov du hen i Fred.

Thi en Engel blid / I din sidste Strid
Løfted dig paa Vinger stærke, / Peged høit paa Korsets Mærke
Did du skued fast, / Tit dit Øie brast.

Hvor du kom, Guds Fred / Fulgte dine Fjed.
Med Velsignelser betegnet / Var din Vei, til her du segned.
Derfor Manges Savn / Følger nu dit Navn.

God som Dag er lang, / Tro i al din Gang
Var du størst i Hjemmets Virke; / Der du gik som i din Kirke
Der du virked glad / Der du græd og bad.

Tak fra dette Hjem! / Tak fra alle dem,
Som nu græde saart ved Graven, / Men dog takke Gud for Gaven.
Signe Gud din Blund / Til vort Gjensyns Stund!

___________

Tung er Gravens Sten, / Løftes kun af En:
Han som seired over Døden / Og stod op som Førstegrøden,
Han af Gravens Hjem / Fører Sine frem.

Tag da Jord dit Støv! / Her maa Høstens Løv
Falde af og dø i Muldet, / Siden gror dog Sommerguldet:
Saa paa Kristi Ord / Liv af Graven gror.

------------------------

Salmar av Blix på bokmål er enno meir sjeldne enn prosatekstar av han på landsmål. Så er høvet for denne salmen heilt spesielt: Gravferda til svigermor hans, Marie Hansen (f. Saxen).

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.10.03

Dagens Blix 

Stuttsyn.

Med Sut og Harm so tidt me sjaa, / at dat, me trudde best,
dat vendast, naar dat leitar paa, / til Vande alraverst.
Me ero stuttsynt kvar og ein / dat valder mykit Mein.

Me sviva um paa ville Hav / i Storm og Bylgjubrak;
me tru at øygna vist vaar Grav / og tvila um vaar Sak:
Me stira etter nærmast Hamn / og styra dit vaar Stamn.

Og naar me vinna upp mot Land / og tru vaar Bjerging nær,
me skoda kun ei aude Strand / med Brott og blinde Skjær.
Dan Hamn, me søkte i vaar Naud / han vardt vaar visse Daud.

Me trøyttast tidt paa beine Veg / for Livets Byrda strid.
So velja me ein Sidastig / som lokkar oss so blid.
Men Stigen fører ut i Ørk / og Øyda vill og myrk.

Me saara ofta, naar me tru / at grøda alrabest
tidt naar me oss til Bøting bu, / me valda største Brest.
Kun denne Tanke gjerer sæl: / "Me vilde alt so vel!"

------------------------
Syn og Segn 10 (1904), 55

"Stuttsyn" er datert "10-3-1860," og altså skrive i Kristiania.

Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.03

Dagens Blix 

Heimen.

Dat var einn Vinterkveld,
eg sat og grundad paa dei gangne Dagar,
og Tanken førte yvir Sjø og Fjell
inntil einn velkjend Stad so logn og fager,
dan Stad, hvar Dagens Ljos eg fyrst fekk skoda,
hvar Livets Sol rann upp med Morgonroda.

I gamle Helgeland,
hvar Havet bugtar seg langs laaga Strender,
og Fjellet hever seg so stolt fraa Strand
i Fjorden speglande dei hvite Tinder, -
dar stod min Vogga tæt vid blanke Bylgjur,
dar hvilte eg i Vard af høga Fylgjur. -

Dar voks eg upp, vardt stor,
dar leikad eg med kjære Brøder, Systrer,
dar saang eg i dat himmeltakte Kor,
og Songen blandad seg med Skogens Røster,
naar Vinden susade i Bjørkins Krona
og Fossen dundrade i djupa Tonar. -

Dar stod eg tidt i Lid
og skodad Blom og Blad i unga Grønska
dei fagra Markin paa ein herleg Tid,
dan atterfødde Vaar, som Alle ynskja -
og venast Blom, som grøna Eng mon bjoda,
hann bar eg skundsamt heim, bad Mor at skoda.

Dar jamt so kjennslafull
eg vandrade kring um dei Aakrar rike,
som med sitt herlegdyre Sumargull
meg helsade med Venleik utan Like,
og Tanken flaug til hann, som Markin kleder,
som med sitt gode Grøde Bonden gleder. -

Dar sat eg tidt i Baat,
so hugsamt voggande paa Fjordens Vaager,
og Bylgjur leikade so ungdomskaat
med fager Fargebrigd i Solins Loger,
og Djupet skjenkte af dan Skatt, dat gjøymer,
dat var einn Hugnad, som vist seint eg gløymer.

So var minn Ungdomsvaar;
hann aatte Blomar - smaa og do so vene,
i stilla Frid dei runno dessa Aar,
og Hjartat fegnadest i Gleder reine;
og ingen unøgd Lengsla, ingen Saknad
og ingen Ihug enn i Barm var vaknad.

Min Lagnad lokkad meg,
og eg laut lyda Bodet, maatte fylgja;
so drog eg burt fraa gamla, kjende Stig
og sa' Farvel til elskad Fjell og Bylgja.
Rett myket godt hev' eg vel sidan fenget,
men do eg saknar dat, eg fraa hev' gjenget.

Og naar paa framand Stad
so mangein Gang eg sat og saag tilbaka,
daa rann meg tidt minn Heim i Hug, - eg bad,
eit Augnablind dess Sæla at faa smaka;
men Vegen er for lang so snøggt at ganga,
einn venleg Tanke kunn eg dit kan langa.

------------------------
Syn og Segn 10 (1904), 53-54

Attende til tidlege landsmålsdikt av Blix (1858-1860). Eg gjev att "Heimen" in extenso.

Diktet er ikkje spesielt godt, men det er ein nøkkeltekst. I dette diktet, datert "Tromsøy, 30-11-58," finn vi mange nøklar til personen Elias Blix (og kan hende til nynorsk litteratur i det heile, om ein skal følgje Claus Hjelle, hovudpersonen i Hermann Starheimsæters roman Nordvegen. Meir om denne boka sidan).

"Heimen" er eit nøkkelomgrep. Og det er barndomsheimen i Gildeskål det gjeld. No skal ein sjølvsagt ikkje tru at alle detaljar er sjølvbiografiske. Likevel må vi ha lov til å finne eit bilete her av ein kjenslevar ungdom (22, på den tida diktet vart til) med opne sansar mot naturen rundt seg, ei tydeleg morsbinding og ei sjølvsagt religiøs tolkingsramme.

Men den verkelege nøkkelen er det nest siste verset. Dette er eksil-litteratur. Diktet er skrive i Tromsø, men det kunne like gjerne vore i Amerika. Heimen er "Paradise Lost," det er ingen veg attende. Den framande staden er tvetydig; han er ikkje berre staden for framandgjering, men òg for framtid, endring og von. Diktaren trivst stort sett riktig bra med eksilet sitt, og han kjem ikkje til å vende attende til "Heimen" - mellom anna fordi heimen han hugsar, ikkje finst meir.

Laurdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II (slutt)

Dagblad elder andre Avisur helder desse Folk mykit sjeldan; og dat, som dei kalla Politik, hever dan gode Mannen ingi Greida paa. Han hever lært so litet utanfyre sitt eigit Dagstræv, kjenner so litet til Landets Skikk og Torv utanfyre sitt nærmaste Grannelag, at han inkje kann hava Skyn paa vitugt Bygdarstyre og endaa mindre paa Landsstyre; men naar han daa imillomaat røder um slike Ting, daa kann ein høyra dei undarlegaste Meiningar elder rettare: dan største Meiningsløysa. Dat er inkje berre Setersdølen, som vita at fortelja um dei tvo store Herrar, Kjeisaren og Paven, som standa yvir Kungarne, baade vaar og alle andre. Dan same Læra høyrde eg fyre faa Aar sidan av ein gamal Klokkar i Nordland, og daa Skulegutarne hans gjerne vilde halda seg til dan høgste Herre, maavita, so var dat undarlegt nok, at han inkje gjorde deim til reine Pavetruande; men Lukka var nok dan, at dat Bilætet, han gav deim af desse store Menn, var so dimt og taakut, at Gutarne inkje vitste, anten han skulde leita etter deim paa Jordi elder i Maanen. Dette og meir af same Slaget kann vera merkjande, afdi dat visar, kor langt att i Tidi Folk paa mange Stadar enno liggja, og at her turvast sterke Kreftir til at draga deim fram ur Myrkret til dat fulle Dagsljos.

Me ero her komne til ein Skort, som vel maa kallast Grunnen til alle andre: Skort paa sann folkeleg Upplysning. Alle, som hava vorit paa dei Stadar i Nordland, dar dat stender verst i dette Stykket, vil naudsynlega hava fengit eit myrkt Bilæte af dan store Mengdens Faakunna og all dan Armod, som fylgjer med henne. Borni læra so mykit af Kristendomen, at dei kunna sleppa fram hjaa Presten, og endaa dette er inkje komit djupare inn, enn at dat um faa Aar kann vera gløymt alt ihop. Og darmed er dat Slutt paa Lærdomen; dat andre, dei læra, er so ørlitet, at dat inkje er rødande um. Me hava nemnt, at mykit af dat gamle kverver burt med dei utdøyande Slægtir, gamle gode Folkevisur og Segnir høyrast inkje meir, Maalet, som paa fleire Stadar var i god Hevd, vanhevdast og vanskapast litet um Senn. Og dette er inkje, som ymse Folk læra, ein Verknad af di, at dei nye Tidirs Upplysning og Sedhevd inkje kann semjast med dette gamle, taka dat upp i seg og forklaara dat, men lyt driva dat burt for at faa Inngang. Nei, dat er snarare radt motvendt, dat er Skort paa Upylysning [SIC], Vankunna, som gjerer alt til inkjes. Tidi berer ei øydeleggjande Magt i seg i dette som andre Stykke, naar ingja onnor høgre Magt kjem til og verjar dei gamle Eignir, og denne andre Magt er sann og folkeleg og tidshøvande Upplysning og Kunnskap.

Og den Brest, som her er nemnd, vil vera so mykit meir til Meins i ei Tid som vaar, daa Verdi med so lange og snare Stig gjenger fram i Uppseding, daa dan eine nye Røynsla og Uppfinding so skjott fylger paa dan andre, at ein knapt kann fylgja med, um ein hever dan beste Raad og dat lettaste Tilhøve dartil. Dan arme Mannen, som inkje lærer, er daa reint raadlaus. Tidi lauper so at segja fraa honom, han verdt ein Attergløyming, som maa nøgja seg med dat vesle, han lærde af Fader og Farfader, og dat verste er, at han inkje kann bruka dette helder, so at dat høver til dei nye Tidir og Umstødur. Han stender dar, mishaldin med dat gamle, men magtast inkje at gjera Spranget inn i dat nye, fyrr ein annan laaner honom sin Arm. Denne hjelpande Arm er Aalmugaskulen; dat Liv, som den aukade Samferdsel fører ut yvir Landet, kann inkje rekkja ut til alle Nordlands einskilde Øybuarar. Her maa Ljoset berast inn i kvar Gard, kvart Hus, og spreida Myrkret, og dette kann kun ein god Folkeskule gjera. Men skal dette henda, lyt Skulen taka Staven i ei onnor Hand enn hittil; og me venta, han vil gjera dat no, daa Landsstyret hever byrjat taka ei kraftug Hand i med til Fremde af dette vigtuge Augnemed. –

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 369-371

Her talar ein lærar som seinare vart undervisningsminister. Det kan vere interessant å lese Blix sitt livsverk, salmedikting og språkpolitikk inkludert, som styrt av eit pedagogisk program. Folkeopplysningstanken er heilt sentral hos seminaristen og venstrepolitikaren Elias Blix. Her er det den nye lova om skolen i landdistrikta av 1860 som er den aktuelle konteksten.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II (framhald)

Og medan dei no sitja kvar med sitt Arbeid, vankar dar tidt hugsame Husrødur. Denne Tvertiging eller Maalløysa millom Husens Folk, som ein tidt treffer paa hjaa vaare Bønder, er inkje her mykit merkjande. Ein maa daa inkje venta at høyra Tala um store og vigtuge Maalemne, inkje helder Lærabygnader (Theorier) um Sjødrift og Gardsbruk og slikt nokot; um dette kann dar inkje vera stort at segja, meiner Bonden, dat gjenger af seg sjølv, dat, naar ein berre vinner arbeida. Naar ein fyre nokre Aar sidan fortalde dan gamle Bonden, at me no skulde faa Skular, dar Folk kunde læra at driva si Jord rett og verda dugande Gardmenn, so sette han i ein Laattr aat slikt Narreverk. “I denne Vegen kjem ein inkje langt med Lærdom, dat lyt Arbeid til,” sagde han med myndug Mina. Dan, som vil høyra ei Husrøda af rette Slaget, so maa han agta paa ein Kveld, naar Mannen er i Godlaget; daa forteler han um alle dei undarlegaste Røynslur, han i sine Dagar hever gjort um alt dat store og gjæve han høyrde og saag, daa han var i Bergen, kor gildt han vardt fagnad af Kaupmannen sin; denne store Mannen var no so afbragslega god af seg; han baud Nordfararne, som handla med honom, upp til Middags, sette seg sjølv midt imillom desse Fiskarar, og sendte Maten ikring til deim med mange fine Ord: “Ver so god, Herr Nils Person! ver so god, Herr Hans Torkilsen!” segjer han. Og naar Bonden forteler um dette og mange andre rare Ting, daa er han sjølv stolt, og Gutarne sitja so dei gapa af Gaum og sjaa med Lengsla fram til dan Dag, daa dei ogso kunna faa sitja til Bords med Kaupmenn og verda kallade Herrar. Elder ogso røda dei um Havmannen, elder um Draugen elder um Tuftemenn og alt dat undarlegaste, som til er elder hever vorit. Ægte gamle Folkesegnir høyrer ein no næstan aldri; eit og annat Merke visar daa, at her eingong hever gjengit slike Segnir, men dei ero utdøydde med dan gamle Slægt, ei ny er vaxin upp, som hever gløymt dat gamle utan at hava fengit nokot nytt og betre i Staden.

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 369

"Tvertiging" er eit framifrå ord for eit kommunikativt fenomen som særleg førekjem på det indre Austlandet. Elles er nok mykje av dette avsnittet sjølvopplevd. Ifølgje Reidar Bolling skal Elias Blix ha vore med på Bergensferd som "kokkglunt" med jekta til handelsmann Carl Olsen i 1850.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II (framhald)

Kona er no dan andre Magt i Huset, maavita. Dat er sjølvsagt, at mykit af Gardsdrift og Hustjorn lyt falla paa henne, og ho maa standa Mannen til Andsvar fyre, kvat som verdt gjort, medan han er burte. Ho lyt arbeida sjølv og føra Tilsyn med Arbeidsfolket sitt; men næst dat vanlege Dagstræv hever ho si Handgjerd, naar ho um Kvelden kjem inn, og dan arme Kona hever tidt stort Stim med at halda Arbeidet i Gang, iser naar Gjenturna hennar ero kveldsvævde, og duva millomaat, so Rokken elder Veven stadnar, og Traaden slitnar af millom Fingrom.

Dessutan er dat Kona, som jamnast maa læra Borni at stava og lesa; dar sitja dei daa med Bøkerna sine framfyre Moderi, for at ho kann høyra og rettleida deim. Men skal ho inkje heftast i sitt Arbeid, lyt ho sjølv kunna Bøkerna godt; og difyre ero desse Folk tidt vonde paa dei nye Lærabøker, som brigda for mykit af fraa dei gamle, dei sjølv lærde. Denne Lærdomen gjenger no fulla inkje djupt, som ein kann vita, men han er daa ei gagnleg Framhjelp, solenge Aalmugaskulen er i slik Umegd, som han mange Stadar hittil hever vorit.

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 367-368

Kor mykje er det av Margrethe Våg, mor til Elias Blix, i denne kvinneskildringa? I alle fall er ho kulturhistorisk interessant. Lesebøker, med innhald ut over det reint religiøse, vart tekne i bruk i skolen frå midten av 1800-talet - under stor motstand. Noko av motstanden var religiøst motivert. Men her møter vi eit anna motargument mot fornying av lærebøker.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II

Dat er i fyrste Stykket visat, at Nordlendingen jamt og samt er ute paa Sjøen, og at Fisket er honom ei kjær Verksemd. Og denne Lyst til Sjølivet er openberlega likaso gamal som sjølve Nordlendingarne; dat er nok i sin Grunn berre ein annan Skapnad elder ei onnor Framsyning af dan same Hug, som i forne Dagar dreiv Fedrarne ut paa Havet og gjorde deim til so namngitne Sjømenn. Dat er ein Sjølvgivnad, at denne Hug altid maa halda seg betst og visa seg sterkast paa slike Stadar, dar Sjøen med sine rike Gaavur leter Mannen lettare og vissare finna sin Næring enn paa Landjordi. Me sjaa soleides, at dar er nokot gamaldagslegt elder antikt i denne Livemaate. Men naar ein stundom møter framande Folk, som tenkja seg desse Fiskarar som heile elder halve Villmenn framfyre andre Folk, daa er dette ein Misgaaelse. Sedirna ero her som annarstad smaatt um Senn vordne blidare: Villmannalivet er kvorvit burt fyre dat fredelege Kappstræv; Nordlendingen elskar nok Sjøen, men han er ingin Neskunge, som gløymande Hus og Heim sviver um i same ville, stormande Uro som dei Bylgjur, som bera honom. Dat maa merkjast som fyrr er sagt, at desse Fiskarmenn fyre meste Deildi ogso ero Gardmenn; dar er mykit som dreger Mannen heim, naar Fisket fyrst er ute, og han er glad, naar han etter langt Fraavære fær sjaa sin Gard og sin Huslyd atter.

Dat er daa inkje negtande, at dette Sermerke i Folkets Livevis maa hava sine Brestar og føra til mangt, som inkje er ynskjande. Gardsbruket kann inkje verda drevit med dan naudturvelege Kraft og røktat med dan rette Umsyn, naar Mannen so tidt lyt vera burte. Og difyre er dat daa ogso ofta paa desse Kantar liten Skikk paa Jordbruket. Men i dan Tid, Mannen hever Ro i Heimen, er han aalmennelega idig og strævsam, ja ofta meir enn ein med Rett kunde venta.

Me vilja inkje røda um, at dat her som annanstad kann vera ymse Folk, baadi Menn og Kvinnur, som lata Hus og Heim skjøyta seg sjølv, og drepa Tidi med at ganga gardamillom, frega um Bygdarnytt og sjaa paa, at andre arbeida. Slike Folk hava dat no paa sin eigin Maate, og dei liva til dei døy, dei og, etter dat gamle Ordtøket: “Som ein teker Verdi til, so gjenger ho.” – Dat me hava at halda oss til, er dat aalmennelege, og dette er, at Mannen og Husfolket hans sjølv gjera alt dat, som hans Drift og Livemaate kann krevja – fraa Huset, dei bur i, til Klædi, dei ganga i. Handverkarar af dei ymse Slag er ein Ovbunad (Luxus), som dar er litet af. Er dat nokot, Mannen inkje rett kann med, og hans Granne skyner seg betre paa Tingen, so gjera dei Arbeidabyte, og so ero baade velhjelpne.

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 367-368

Den andre delen av "Eit og annat um Livet i Nordland" var nok òg skriven for Dølen i 1860. Men det kom som kjent ikkje noko nummer av bladet i 1861. Det året gav Vinje i staden ut Ferdaminni.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.10.03

Operasjon 

Så er ryggoperasjonen til eldstejenta over. Så langt har alt gått bra. Men det står att eit sjukehusopphald på minst ei veke, og eit godt stykke arbeid med opptrening.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eit og anna um Livet i Nordland. I. (slutt)

Dan Dagen, naar Fiskaren naar fram til sitt Rorvær, er han so glad, at eg trur mangein Utvandrar inkje er stort gladare, naar han hever vunnit fram til “dan nye Verdi”. Fiskarens Hus er ei Rorbud med Gruva i, Ljore i Taket og “Billar” elder Sengir langs med baade Langveggirne. Her samlast no Hovudsmannen og Karlarne hans, drikka kverandre til med eit “Velkomen i Budi!” og godrøda og ero so fornøgde, som um dei vaaro komne heim; dat einaste som vantar, er at deira Konur og Systrir og andre Skyldingar ero so langt burte, og difyre lyt deira Tanke millomaat leika med deim dar heime.

Kringum Kyndelsmessa byrjar Fisket at ganga paa; Fiskararne greida sine Garn elder egna Lina og draga ut og setja. Hittil hever dat i mange Vær vorit so, at kvert Baatalag hadde sitt Sett elder Havstykke til at setja Reidskapen i, og alle laut paa same Tid ro ut og draga upp. Um Morgonen, naar dat var Sjøvedr, saag ein daa Baat ved Baat liggjande greidd og ventande, at Tilsynsmannen skulde vinda upp Flagget elder blaasa i Ludren. Naar dette Teikn er givit og dei sleppa laust, er dar eit Braak, so dan eine vil brjota Aarirna af fyre dan andre, til dei ero komne utum dat tronge Utlaupet og setja Segl til.

Naar alt gjenger greidt, er Børnskapen snart uppdregin; men naar Setningarne ero drivne ihop med Sidemannens, og Fiskararne verda liggjande og greida Vase, verdt dat tidt sein Kveld, fyrr dei koma i Land og faa si Fengd vel paa Hjell.

Men verst er dat, naar Landvinden møter Fiskaren so sterk, at han lyt driva undan, og anten lata Livet i Vestfjorden elder stivfrosen og halvdaud finna ei Hamn paa Innlandet etter ei lang Vettrnatt paa ein open Baat, – drivande millom dynjande Bylgjur.

I langvarugt Uvedr, naar Fiskararne hava Landlega, fær ein sjaa mange Slags Verk: Sume arbeida: binda Garn, gjera Skjeidir, Ausur og Dallar og annat Trearbeid; andre sova medan dei orka; og so er dar no ein og annan Galning, som sviver ute heile Dagen, drikker seg ein Dram endr og daa, driver Narreverk, so Folk bisna umkring honom, elder slæst og styrer paa dan Maaten; dette sidste verdt daa alt meir og meir sjeldsynt.

Hovudsmannen er Husbonden i Laget og seter kver Karl til sitt af dat, som til Samarbeidet høyrer. Man naar Sumarmaal er umme, og han daa vil halda lenger paa, kunna Leigkarlarne leggja seg kvar og neita at vera med paa Sjøen; men aalmennelega er dat no Slutt paa Fisket kring desse Tidir. Naar Heimhugen fyrst er komin yvir Mannen, hever han dat mykit annsamt med at koma afstad. Han turkar Garni, klavar upp Lina og teler Fisken på Hjellen, som fyrst i Juni Maanad skal verda hentad. Han hever selt so mykit Fisk, at han hever Pengar til at kaupa noko “Lofotnytt” til deim, han hever heime. So snart Vinden blæser god, legger han skundsamt i Baaten og dreger burt, latande Budi tom og aud etter seg. Vaaren er no so vidt framliden, at Fiskaren kann ferdast baade Natt og Dag, til han naar heim og verdt fagnad af sin Huslyd, som no lenge med Lengsla hava skodat ut yvir Fjorden etter kvart Segl, dei saago der ute.

------------------
Syn og Segn 10 (1904) 293-294

Denne skildringa av Lofotfisket er skriven i 1860 av ein som har vore med sjølv, kan hende berre ein gong (1853), og kan hende utan stor suksess. Men ei førstehandskjelde er det.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. I. (framhald)

Alt dette er daa berre Smaating i Likning med det store Fisket, som Bonden med mykin Kostnad bur seg til, og som mest leikar honom i Hugen; dat er Skreidfisket i Lofoten. Til detta lyt han ofta draga langt burt fraa Heimstaden og vera burte tvo tri Maanadar; og dat er fyre honom nokot so ovstort, at Lofotreisi berre verdt kallad Ferdi elder Utferdi (Utfala). “Kor mange Aar hever du vorit i Ferdi, og hever du gjengit fyre full Kar dar?” lyt ein spyrja Guten, naar ein vil vita, kvat Dygd dat er i honom, fyrr er han no inkje vaxin, og dan som inkje hever vorit med i Lofoten, er ingen god Sjømann. – Me vilja sjaa nokot nærare paa Fiskarens Utreidsla og Heimanferd.

Hausten er afliden: dat berer fram til Jol. Fraa Bergen hava Jegtirna ført heim Korn og Hamp, Traad og meir, som til Fisket høyrer. No verdt dar eit Liv og ei Annsemd i Garden, som er sjeldsynt. Mannen helder paa med at bøta gamle Garn, binda nye, setja upp Lina og gjera alt greidt paa si Sida. Kona vøler um Klædnaden hans; og so bakar ho so fint Braud, som ho hever Raad til, kliner Lefsur og steller alt som til ei stor Høgtid. Midt i dette Staak og Stell kjem no dan stille Jolehelg og dreger Mannens Tankar fyre nokre Dagar burt fraa Ferdi; men naar Trettanddagen er umme, daa er dat Ferdtid, og Mannen maa afstad. Baaten reidest ut, Karlarne samlast fraa Grannegardarne og leggja Ferdatyet i Baaten, so lenge han kann bera; Resten verdt skipat inn i Jegti, som skal koma baketter. Dan Dagen, daa Mannen skal beda Hus og Heim Farvel, er ein stor Dag. Heile Huslyden fylgjer honom til Baats; dar gjever han deim Kistemat af dat betste, som Kista hans kann bjoda. Og naar han so hever sagt Kona og Kjenningarne sine Farvel, skuvar han af; Seglet vindest upp; “Lukkeleg Reis!” lyder dat fraa alle Kantar, medan Kona stender stirande etter Baaten, som berer hennar kjære burt, til nærmaste Odd gjøymer Seglet fyre hennar Auga. – Ho vender heimatter med dat faste Fyremaal at stræva so med Ferøkt og heile Husstyr, at Mannen kann fegnast ved si Heimkoma, um vaar Herre unner henne at sjaa honom atter; og so trøyter ho dei lange Vettrmaanadar, ofta utan Spurnad til Mannen, fyrr Vaaren fører honom heim. Me fylgja honom i Ferdi og skoda dat mest forvitnelege i hans Stell og Aatferd.

Baaten stryker afstad med blaasande Byr elder skrider jamt fram under dei sjøvane Karlarnes sterke Aaretak. Heimstaden er snart kvorvin burt, og Ferdi krever Mannens heile Tanke og Gaum. Dat berer tidt yvir harde Fjordar i Storm og klingande Kulde; Baarurna ganga høge og slaa yvir Baaten inn paa Fiskaren; um ein Augneblink er Skinnhyret hans islagt, og dat glimar af honom som af ei Isbræda. Som tidast leggja fleire Baatar Lag med einannan, og dan haalaste Siglaren lyt daa bida dei seinaste. Han driver eit Bil fyre Vinden, til dess Sellarne naa fram. “Velkomen etter.” – “Takk, som bidad!” heiter dat fraa dei ymse Sidur – og so upp med Seglet og afstad. Soleides gjenger dat paa, til Myrkret byrjar at verda deim til Meins, og dei verda samde um ei Hamn Natti yvir.

Naar mange Baatalag taka upp paa same Stad, verdt dar stort Staak og Stim utetter Kvelden; Folk sviva upp og ned, att og fram som ein Straum. Fyrst skulo no alle hava Hus yvir Hovudet, og etter kvert som Baatarne lenda, fær ein sjaa Mann etter Mann skrita upp til Gards med ei Tunna paa Ryggen, so ein skulde tru, dei gingo til Mylna; dat er Sengklædi, dei bera upp. So lenge Stovugolvet og Loftet røkkja til, verdt dat utmælt likasom i Teigar, kvert Baatalag fær sin Teig. Men naar dar inkje lenger er Rum, lyt dan arme Fiskaren krøkja seg ned i Uthusi elder i Baaten, dar han tjeldar med Seglet; dat er tidt ufysne Nætter. Ellest er dat no inkje alle, som Folk ero lika godviljuge til at laana Hus; ein og annan er so leid til at slaast og gjera Ugagn paa dan Maaten, at ein naudlega vil taka deim inn. Fyrr hava no ymse Bygdir vorit meir namnkjende fyre slikt enn andre, og ein kunde daa stundom høyra Folk fraa slike Stadir segja som so, naar dei baado um Hus: “Me ero nok fraa dan namngjetne Staden, men me slaast inkje lel.”

Raakast no nokre Kjenningar her, so fylgja dei einannan til Baaten, taka seg ein Dram og kosa seg paa dan Maaten attpaa Dagens Stræv og Møda; Andre ganga upp med Kost og Eldgogn, og sidstpaa samlast alle til Kvelds. Her verdt no lang og livande Røda um, kor mange Klør han hever sett, kvat kver hever røynt, og kvat Fagnaverk han hever gjort. Mange hava dan vakre Sed, at dei halda Kveldsbøn og syngja ei Salm, fyrr dei leggja seg. Sidan byrjar dan betste Eventyrmakaren at fortelja; dei andre høyra paa med største Gaum og læ og skjemta millomaat –; og soleides gjenger dat med Laatt og Løge, tildess Forteljaren tagnar, og alle sovna.

--------------------
Syn og Segn 10 (1904) 290-293

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.10.03

Technomesse 

"- Gudstjenestene er designet for de som levde i 1814, de fleste av dem er døde, sier Gregers Lundh, prest i Gjøvik. Han er en av ildsjelene bak technomessa i Fjellhallen, et annerledes møte med kirka," ifølgje Oppland Arbeiderblad. Messa finn stad 15. november, og er "kickoff" for konfirmantundervisninga i Gjøvik-området, pluss ein del av 850-årsjubileet til Hamar bispedømme.
I tillegg til at autofile Jan Erik Larsen er et gedigent trekkplaster har Technomessa sikret seg DJ-en Øyvind Borgsjø og rapperen Multi. Bandene Apangello og Shoeshine Boys og et stort ten-sing kor skal også delta.

Innimellom skal det være bibeltime, litt undervisning og det blir også tid til en gudstjeneste.

- Men, glem alt en legger i begrepene gudstjeneste og undervisning. Selv om liturgien er lik blir dette noe helt annet, forsikrer [Merete] Huuse [ved Hamar bispedømmekontor].

Et av de essensielle kirkelige spørsmålene skal bli det første konfirmantene møter: Finns Gud? Ellers vil ikke de involverte røpe for mye av innholdet, men lover også noen overraskelser underveis.

Eg funderer stadig på korleis ein i dag kan realisere Elias Blix sitt program om å "lovsyngja Krist paa vaar tunga", og eg ser ikkje bort frå at dei er inne på noko på Gjøvik.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tre stammers møte 

Tromsø internasjonale korfestival er i gang, og eit av høgdepunkta er seminaret "Tre stammers møte". Deltakarane arbeider med samiske, norske og kvenske songar og framfører materialet på konsert i Tromsø Domkyrkje laurdag kveld.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Rikshospitalet 

Dei næraste vekene blir aktiviteten her i huset noko annleis enn vanleg. Eldste dotter vår er lagt inn på Rikshospitalet i dag for ein ryggoperasjon måndag. Det vil verte mindre aktivitet enn vanleg på denne staden nokre dagar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. I.

I vaare Dagar, daa so mykit verdt gjort fyre at læra dei ymse Greinir af vaart Folkeliv at kjenna, og mangei Bok alt er prentad um Bygdartilstandet kringum i Landet, vil dat vonlega inkje verda illa upptekit, naar eg her freistar paa at giva eit og annat Drag af Livet uppe i Nordland. Dat er vel so, at Folkelivet her uppe inkje hever mange store Tilburdar at syna fram i Likning med mange andre Bygdir; men nokot kann dar daa altid vera, som sermerkjer Nordlendingen i hans Liv og Aatferd, og som kann vera forvitnelegt fyre andre at kjenna, um inkje af annan Grunn, so af dan, at Folk jamt ero mykit nyfikne paa dat, som hender langt burte i Afkrokarne af Verdi.

Fyrst maa dat daa merkjast, at dat er dan nørdste Deild af Nordland, eg mest vil halda mig til i denne Uppskrift. Denne Deild er ei Sjøsysla, Bonden er likaso mykit elder endaa meire Fiskar enn Bonde; og dat verdt daa mest Frettnader um Fiskarlivet, eg her kann bjoda. – Den nordlendske Bonden hever nok ein Jordlut og dyrkar honom ogso paa dan Vis dat kann vera; men naar fyrst hardaste Onnirna ero umme, daa ser ein snart, at han inkje rett kann trivast paa Landjordi, daa verdt Sjøen hans daglege Arbeidsmark, Fisket hans kjæraste Dagverk. Som ein Sjøfugl trøyter han Dag etter annan paa denne Maaten, og um dat enn tidt hender, at han kjem i Land med nett so mange “Liv”, at han kann koka til Kvelds fyre seg og Huslyden sin, so skuvar han lika radt Baaten ut dan næste Morgon, og med fyrste Fuglen ligger han atter paa Fjorden og freistar som fyrr. Og er daa Lukka med honom, og han fær nokot, som munar, so er han glad og stolt af si Gjerning. Dat er hugsamt at høyra ein Gubbe af rette Slaget fortelja, kor mange store Kveitur han f. Ex. hever tekit i si Tid; hans gamle Andlit klaarast upp, og han talar med ein Eldhug, som er makelaus.

Etter Haust-Onnirna teker Mannen sine Sildagarn i Baatskutten og soknar Fjord ut og Fjord inn leitande etter Sild; ho er no reint umissande fyre Nordlendingen baadi til Husbruk og endaa meir til Agn til Lofotfisket, og spyrer du Mannen um Aarvegen, vil han som tidast svara: “Aa berre Uaar,” naar han inkje hever fengit Sild nok til Vettren. Dei gamle hava nok ellest mange Merke paa, um dat skal verda godt Sild-Aar elder ei: dat er soleides eit godt Fyribod, at dar um Sumaren vexer myki Ber, iser Blaaber. Dei tvo Ting hanga no ihop med einannan, maa vita.

-----------------------
Syn og Segn 10 (1904) 289-290

Prosatekstar av Blix på landsmål er sjeldan kost. Denne er dessutan både kulturhistorisk og biografisk interessant. Her skildrar Blix det fiskarbondemiljøet der han sjølv hadde opphavet sitt. Difor vil eg sitere fleire omfattande avsnitt i dagane som kjem. Teksten er skriven i 1860, og del I vart publisert anonymt under tittelen "Frettnader um Livet i Nordland" i eit tilleggshefte til Dølen dette året.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.10.03

Bibelomsetjing 

I dag skal eg på seminar i Bibelselskapet, saman med dei andre som skal vere med på å revidere den norske omsetjinga av Det gamle testamentet frå 1978. Prosjektet er i ferd med å konkretisere seg. Frå januar 2004 er vi i gang!

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Dat norske Maalet.

Dat var ei gomoll gyllin Tid, / mi gode norske Tunge!
daa dine Ord som Fossen strid / fraa alle Lippur klunge,
daa du i Haralds Kongastad / i Høgbænk millom Kjempur sat,
og Skaldar sine Høgtidskvad / i dine Tonar sunge!

Men daa dei frie Fedrars And / i Noregs Natt mun' blunda,
og vonde Vættar yvir Land / sit Vælde mune grunna,
daa sakk du fraa di gamle Høgd, / kvarv burt fraa By - til øvste Bygd,
dar du i Dalens Ro og Trygd / so hugsamt byggja kunde.

Men enn du eiger Kjæmpemerg / og Mannamot i Bringa;
lat skraala kun ein framand Dverg, / han skal deg aldri tvinga!
Du alt hev vunnit fyrste Slag, / og no som fyrr i Ord so hag
du skal til Noregs sidste Dag / paa Nordmenns Tunga klinga.

---------------------
Syn og Segn 10 (1904) 50-52

Ei av ulempene ved å vere stor diktar er at før eller seinare finn nokon fram ungdomssyndene dine og publiserer dei. Her er tre av dei åtte versa i "Dat norske Maalet" (vers 1, 5 og 8).

Denne teksten har absolutt historisk interesse, sjølv om det er langt att til dei språklege og poetiske kvalitetane den seinare salmediktaren er kjend for. Dette er, så langt eg kan finne, den eldste kjende Blix-teksten på landsmål. Versjonen som er trykt i Syn og Segn er datert "Marts 1859," og merka med bokstaven "l." (for Elias? Blix har nytta dette merket fleire gonger i desse tidlege manuskripta). Men det eksisterer eit manuskript frå 1857. Blix sende det som helsing til Johan Amundsen, klassekameraten sin frå seminaret, som den gongen var kyrkjesongar i Loppa.

Det har skjedd ein heil del med den kraftpatriotiske songen mellom desse versjonane. Det gjeld ortografi og ordval, og ikkje minst - tru det eller ei - ein moderasjon av språkbruken. Av variantar i dei siterte versa kan ein nemne at den eldre versjonen har "Haakons Kongestad" i vers 1; at "vonde Vættar" i vers 5 opphavleg var "danske Dvergar"; at "ein framand Dverg" i siste vers likeeins opphavleg var "den danske Dverg"; og at sjette lina i vers 5, "kvarv burt fraa By - til øvste Bygd", tidlegare lydde "fraa Bok og By til Landets Rygd" - med forklårande fotnote: "= Gru, Bedrøvelse (til Landets Bedrøvelse)."

Landsmålet kom seg etter kvart. Og Blix vart ein betre diplomat seinare i livet.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.10.03

Teologinytt 

Forseinka gratulasjon til Menighetsfakultetet, som har oppgradert biblioteket sitt til læringsressurssenter. Nyopninga vart markert 6. oktober - med kanapéar og bokstavkjeks.

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nynorske bøker 

"Bokhandlarar på Austlandet vil ikkje ha bøker på nynorsk. Resultatet blir at forlaga vegrar seg for å gi ut nynorskbøker." Det seier Jorunn Sandsmark, som er ansvarleg for sal og marknadsføring i Genesis forlag, til NRK Sogn og Fjordane.

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fotballnytt 

Ny runde i den klassiske feiden Tromsø IL - Bodø/Glimt på Alfheim i Tromsø i går. Bodø/Glimt vann semifinalen 3 - 0, og stemninga dagen derpå er noko ulik i Tromsø og i Bodø. Sjølvsagt var Elias Blix representert:
Bodø/Glimt fikk en strålende og hjertelig velkomst av den største tilskuermassen i Nord-Norge på 10 år da de entret Alfheim-matta i kveld. Anført av solisten Jardar Johansen ljomet den gamle Glimt-hymnen fra 1975, Barndomsminne fra Nordland ”Å , eg veit meg eit land,” ut over Tromsøs hjemmearene.

Flottere velkomst er det ikke mulig å gi et gjestende lag!

Men Johansen ble sørgelig alene. Publikum sang ikke med slik vi er vant med fra Aspmyra og Ullevaal. Kanskje ante de hva de hadde i vente?

Fotballfolk har noko avgrensa historisk hukommelse. Når det gjeld "den gamle Glimt-hymnen frå 1975," viser eg til ein tidlegare kommentar. Men no forventar vi betre allsong på Ullevål i cupfinalen!

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Lukka.

Alle sanna dat gamle Ord: / Lukka er vand at finna.
Mangein vide Vegar for / leitande yvir dan heile Jord,
kunde daa aldri vinna / sanne Lukka at finna.

Mannen dan unge med Hug so varm / lengtade Lukka at finna,
kjende daa stødt ein Saknad i Barm; / brukad sit Hovud og brukad sin Arm,
trudde, at Kunnskap og Æra / sannaste Lukka laut vera.

Andre leitade Aar for Aar / - Lukka er vand at finna -
trudde, ho kom med Gull til Gaard, / strævade trutt baadi Haust og Vaar,
tolande Mein og Møda: / Lukka ho alt skulde bøta.

Men kvat han fann elder inkje fann, / Lukka er vand at finna,
Æra og Storleike litet vann, / Rikdom og Magt inkje batad eit Grand;
sidstpaa laut Mannen sukka: / "Livet er utan Lukka."

Mange freista men inkje faa; / Lukka er vand at finna.
Dan, som skal dan fagre naa, / klaarnad Syn for Livet lyt faa:
tidst stend ho nær ved vaar Sida / medan me leita so vida.

Rett at vyrda alt gjævt og godt, / som me i Livet finna,
fegnast ved dat me hava faatt, / takka vaar Herre for stort og smaatt,
dat er so tungt at vinna: / Lukka er vand at finna. -

-----------------------------
Syn og Segn 10 (1904) 49-50

Diktet "Lukka," som her er attgjeve in extenso, er skrive i 1860. Reidar Djupedal skriv: "Det er eit velforma dikt, sikrare i forma enn dei tidlegare, og med ein gjennomført idé." (Der eit fjell stig mot sky, 195).

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.10.03

Romeo og Julie 

Og om du ikkje har noko å gjere i kveld, er du velkomen på konsert med Oslo Symfoniorkester. Eg skal spele bratsj.

TIRSDAG 14. oktober kl 1930 i Universitetets aula
Program:
Johan Svendsen: Romeo og Julie, orkesterfantasi, op. 18
Peter Tsjaikovskij: Romeo og Julie, fantasiouverture
Sergej Prokofjev: Romeo og Julie, utdrag fra ballett-suitene, op. 64
Dirigent: Rolf Gupta
Konsertmester: Arne Jørgen Øian

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Stipend 

I morgon er det søknadsfrist for stipend frå Det faglitterære fond for 2004, så i dag har eg sendt søknad. Om lukka er like god som førre året, då eg fekk ti stipendmånader, står att å sjå. Det skal mykje til, men ein får freiste.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sidemålsstilen 

Prosa-redaktør Halvor Fosli har tenkt. Resultatet kan vi no lese i leiarartikkelen "Sidemålsstilen":
Jeg tror den obligatoriske sidemålsstilen bør bort. I praksis betyr det at bokmålsfolk skal slippe å lære å skrive nynorsk, mens nynorskelever trolig bør lære begge deler.

Vil den sidemålstilhengar som kjenner seg råka av følgjande utsegn, vere venleg å reise seg?
Jeg forstår ikke dem som gjør nynorsk-bokmål-konflikten til en norsk variant av religionsmotsetningen i Nord-Irland.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

17de Mai.

So rann han atter upp dan Dag, / daa me vaar Fridom fingo,
daa Feder slog eit Hovudslag / og ut med Siger gingo:
Daa Noregs Menn med Kjempehand
seg løyste ut av Træleband
og helsade sin Heidersdag / med ljose Framtidsvonir.

Og som eit Verk av Ljosets Gud / vaar Fridomssol dan bjarta
snart straalad yvir Landet ut, / ja inn i Folkets Hjarta;
snart vardt dat Vaar i Noregs Land,
snart bryddad upp fraa Fjell til Strand
dan Maisaad so grøn og prud / paa Folkets Odalsmarkir.

--------------------
Syn og Segn 9 (1903) 195-197

Bonusspor 2. "17de Mai" er datert 1860. Vi skal møte endå tidlegare og meir kraftpatriotiske utgåver av Elias Blix sidan. Her er han alt eit godt stykke på veg mot den formsikre diktaren av fedrelandssalmen, sjølv om det heng att eit og anna av ein nasjonalisme som er litt for høgspent for vår tid. Den norske "kjempa" og "odelsretten" hans er bilete som går att i denne tidlege nasjonale diktinga, og som ikkje smakar heilt godt lenger - særleg fordi eg har nytta delar av hausten til å setje meg inn i fornorskingspolitikken andsynes samane i Noreg i hundreåret 1850-1950.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.10.03

Nokre Salmar I-III 

Eg har no arbeidd meg gjennom dei tre hefta av Nokre Salmar, gamle og nye, verdas første salmesamling på landsmål. Elias Blix gav dei ut anonymt på Det norske Samlaget i 1869, 1870 og 1875. Nokre resultat av arbeidet mitt kan du følgje i spalta "Dagens Blix" på denne sida, andre kan du finne i "Nettbiblioteket" til Ivar Aasen-tunet, der salmane etter kvart vert lagde ut i fulltekst. I dag kan det høve med ei kort førebels analyse.

Eg finn det naturleg å dele salmediktinga til Blix inn i tre fasar, dels knytt til biografi, men mest til det andre større litterære arbeidet hans på landsmål: Bibelomsetjinga.
1) Salmar før omsetjinga av Det nye testamentet:
a) Hefte I-III, 1869, 1870, 1875
b) "Andre rettade og aukade Utgaava," 1883
2) Salmar under omsetjingsarbeidet: "Fjerde aukade Utgaava," 1891
(Den første bibeldelen i Samlaget si NT-utgåve, Romarbrevet, kom ut i 1882. Omsetjinga var fullført i 1889.)
3) Seinare salmar, under arbeidet med revisjon av NT: "Salmar og Songar," 1901
(Blix gav ut ei revidert utgåve av NT i 1899. Dei siste åra sine byrja han på omsetjinga av Salmane i Det gamle testamentet.)

Dei tre hefta vi har sett på til no, inneheld i alt 56 salmar (eller 57, om vi reknar dei to versjonane av "Guds Ord det er vaart Ervegods/vaar Fedrearv" kvar for seg), 13 i hefte I, 27 i hefte II og 16 (17) i hefte III.

Fordelinga mellom originale salmar og gjendiktingar er 28 - 28 (29). Men fordelinga er ulik i dei tre hefta, og utviklinga er eintydig: Det blir stadig fleire originalsalmar (4 - 10 - 14) og færre gjendiktingar (9 - 17 - 2 [3]). Dette kan tolkast på fleire måtar. Vart diktaren meir sjølvtrygg etter kvart? Eller hadde han gjennom omsetjingane av kjende salmar prova at landsmålet var brukbart til salmesong, og på den måten bana vegen for heilt nyskrivne tekstar?

Av dei omsette salmane er det heile 6 av Hans Adolf Brorson (4 - 2 - 0), 5 av Thomas Kingo (1 - 4 - 0), 3 av Martin Luther (1 - 1 - 1), 2 (3) av N. F. S. Grundtvig (0 - 2 - [1]), 2 av Paul Gerhardt (1 - 1 - 0) og Søren Jonæsøn (2 - 0 - 0), og ein kvar av følgjande forfattarar: Joh. Heerrmann og Peder Jakobsen Hygom (i hefte I); Philipp Nicolai, ein anonym dansk forfattar, Hans Thomissøn, Hans Christensen Sthen og Jakob Johan Lund (i hefte II); Georg Weissel (i hefte III).

Ei gruppering av dei omsette forfattarane etter språk og periode får fram klåre tyngdepunkt:

Tysk, 1500-tal: 2 diktarar, 4 salmar (3 av Luther)
Tysk, 1600-tal: 3 diktarar, 4 salmar
Dansk, 1500-tal: 2 diktarar, 2 salmar
Dansk, 1600-tal: 2 diktarar, 7 salmar (5 av Kingo)
Dansk, 1700-tal: 3 diktarar, 8 salmar (6 av Brorson)
Dansk, 1800-tal: 1 diktar, 2 (3) salmar (Grundtvig)
pluss ein uspesifisert "gamall dansk"

Vi gjer materialet liten urett om vi byter ut hundreåra med idéhistoriske nemningar som "reformasjon" (1500-tal), "ortodoksi" (1600-tal) og "pietisme" (1700-tal). Blix har henta materialet sitt på trygg konfesjonell og tradisjonell grunn. Den rasjonalistiske salmediktinga på overgangen frå 1700- til 1800-talet er ikkje representert, og Grundtvig er den einaste samtidige diktaren. Omsetjingane representerer, med mogleg unnatak for Grundtvig, inga fornying av repertoaret i norsk salmesong. Men hypotesen om gjendikting av kjende salmar som prøvestein på landsmålet sin kvalitet som kyrkjespråk held seg.

Blix sitt val av melodiar er eit interessant studieobjekt. Av dei 56 (57) salmane er det berre ein, "I Jesu Namn Me stemna fram til Himmelhamn", som ikkje er knytt til ein eksisterande melodi. Eg har ikkje gjort ei detaljert analyse av opphav og alder for dei ulike melodiane enno, men nokre hovudtendensar er tydelege.

32 ulike melodiar er nytta. Flest gonger førekjem reformasjonskoralane "Vor Gud han er saa fast en Borg" (5x [6]) og "Af Høiheden oprunden er" (5x). 3 gonger førekjem: "Fra Himmelen høit", "O Jesu, for din Pine", "Fader vor udi Himmerig" og "Om Himmerig vi tale vil". 2 gonger: "Et lidet Barn saa lystelig", "Jesu, dine dybe Vunder", "Nu velan, vær frisk tilmode", "Min Sjel nu lover Herren", "Paa Gud alene", "Jeg vil mig Herren love" og "Her vil ties, her vil bies". Med unnatak av den siste høyrer alle til den tysk-danske koraltradisjonen, og dei er å finne i O. A. Lindemans koralbok (1834). 19 melodiar er nytta ein gong kvar.

Blix nytta altså kjende og kjære tonar, jamvel til nye tekstar. Men ikkje berre. I melodivalet er det signal om ei fornying av salmesongen, langt på veg den same som er representert ved namna Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman. Blix har teke i bruk fleire av Lindemans nyskrivne koralmelodiar, mellom anna "Her vil ties, her vil bies" (= "Påskemorgen slukker sorgen"), "Kirken den er et gammelt Hus" og "Saligheden er os nær".

To salmar skal nemnast særskilt, fordi Blix her vel melodiar utanfor det tradisjonelle koraltilfanget, eit potensielt radikalt grep.

Den eine er "Far utor dine skor." Her oppgjev Blix Rosenius-sangen "Våga dig" som melodi. Ein kyrkjesalme med lågkyrkjeleg tone, altså. Nøyaktig kva for ein melodi Blix har meint, har eg enno ikkje fått stadfesta (Sigvald Tveit meiner at melodien "Glade jul" har vore nytta).

Den andre er "No koma Guds Englar," som er sett til melodien "Det hendte sig Jefta den Gileads Mand". Teksten er frå Petter Dass' Bibelsk Visebog, og har aldri stått i noko kyrkjesalmebok. Alle tonar eg kjenner kjem frå folkeleg tradisjon. Har Blix teke det steget som Landstad og Lindeman (trass i alle samlarferdene til Lindeman) ikkje våga, nemleg å ta dei folkelege salmetonane i bruk?

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Noregs Vaar.

Lenge, mit Land!/ I Løyndom du stundad
Ventande Vaarens / Varme og Liv.
Lang var dan Vinter, / Som laag yvir Landet
Dyljande Soli / Med Dima og Driv.

Folket dat fagna / I framande Velde
Sukkande sat / Innum stengjande Mur,
Rett som naar Fuglen, / Fangad i Flugti,
Siter og sturar / Sutsam i Bur.

Herren os høyrde / Himlen os unde
Atter ein Mai / So undarleg mild.
Vaarsol seg synte, / Snjofennir braanad
Isbredir smeltad / Ved Straalarnes Smil.

Fedrane saadde / Follrike Frøet,
Himlen gav Saadet / Solskin og Regn,
Gledeleg glimad / Grønande Aakren
Fruktirna fagre / I Fridomens Hegn.

Lydt uppi Lid / Og lauvade Skogar
Vengade Skarar / Sungo i Sky;
Tusende Tungur, / Som tagde so lenge,
Livnande lovad / Ljoset dat ny.

---------------------------------
Syn og Segn 9 (1903) 193-195

Før vi gjev oss i kast med den andre utgåva av Nokre Salmar, skal vi unne oss nokre bonusspor. Etter av Blix var død, publiserte Syn og Segn ein del tidlege Blix-tekstar på landsmål. Dei er skrivne i åra 1858-1860, men dei fleste vart ikkje publiserte medan Blix levde.

"Noregs Vaar" er datert 17. mai 1860. Dette var Blix sitt første år i Kristiania. Han tok artium i august, 24 år gammal.

Vi spanderer fem av dei åtte versa. Tonen er kraftig nasjonal. Stilen kan minne både om Håvamål, Aasen og Vinje. Korte liner, mykje bokstavrim. I dette diktet finn vi ei rad motiv som Blix seinare har arbeidd vidare med i "No livnar det i Lundar" og "Gud signe vaart dyre Fedraland".

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.10.03

Dagens Blix 

No Soli bak um blaae Fjell / Sitt ljose Andlit gjøymer,
Og Myrker yver Heimen fell, / Og Jordi ligg og drøymer.
Gud lat di Aasyn lysa ned! / So heilag Fred
Inn i vaart Hjarta strøymer!

Kom Jesu inn og med meg ver, / Naar det til Kvelden stundar!
Og lat din Engel standa her / Ved Lægjet, naar eg blundar,
Og varda vel min Kvilestad! / Og vekk meg glad
Til Song med Fugl i Lundar!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Med Kveldsong er vi komne til slutten av det tredje heftet "Salmar." Tonen er oppgjeven til "Maria hun er en Jomfru ren". Det er ikkje godt å seie kva for ein av dei to melodiane Blix har hatt i tankane, L. M. Lindeman sin (den gongen) nyskrivne, som vi nyttar i dag, eller den gamle frå Thomissøns salmebok.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.10.03

Statsbudsjettet 

Det kunne vere mykje å kommentere i framlegget til statsbudsjett. Her vil eg peike på ein av dei gledelege postane: Avisa Nordland melder, under overskrifta "Får en million ekstra i premie":
Statsbudsjettet ble stasbudsjett for museene i Nordland. De tre nye museumsenhetene får en ekstra million hver.
– Dette betyr at vi nå virkelig kan få satt ut i virkeligheten arbeidet med å samordne museene i Salten til en felles enhet. En del er gjort og det er nok derfor vi har fått denne påskjønnelsen i form av ekstrabevilgning, sier daglig leder Harry Ellingsen på Salten Museum.
...
Publikum vil merke det bedrede økonomiske armslaget blant annet ved at det nå blir fast ansatte folk ved alle avdelingene, det vil også si de tidligere bygdemuseene i Steigen, Gildeskål, Beiarn og Sørfold. Dette igjen vil gjøre Salten Museum bedre i stand både til å planlegge og gjennomføre tiltak som utstillinger og restaureringer.
– Vi kommer i det hele tatt til å få en bedre formidling fordi vi får flere fagfolk, sier Harry Ellingsen.

Så vonar eg Stortinget gjev løyvinga, og eg gler meg til å vitje Salten museum, avdeling Gildeskål.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dødehavsrullane 

Noko på sida av biografi-prosjektet, men likevel i hebraiskprofessor Elias Blix si ånd: Eg driv med omsetjingsarbeid i dag. Bokklubb-serien Verdens hellige skrifter planlegg å gje ut eit bind med tekstar frå "Dødehavsrullane" våren 2004, med Torleif Elgvin som redaktør. Svært lite av dette materialet er omsett til norsk. Så her sit eg, med bøner på arameisk og bibelkommentarar på hebraisk, frå tida før Kristi fødsel.

Vil du vite meir om desse funna, kan du vitje qumran.no.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

No livnar det i Lundar, / No lauvast det i Lid,
Den heile Skapning stundar / No fram til Sumars Tid.

Det er vel fagre Stunder, / Naar Vaaren kjem her nord,
Og atter som eit Under / Nytt Liv av Daude gror.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Gudleg Vaarsong er overskrifta til "No livnar det i lundar," ein salmetekst som ikkje har forandra seg stort frå førsteutgjevinga og til Norsk Salmebok (nr. 765). Men melodien har. I 1875 står tonen "O Jesu, for din Pine," som vi i dag nyttar mellom anna til "Guds Sønn steg ned å tjene" (Norsk Salmebok nr. 703).

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.10.03

Vekking? 

Og til slutt i dagens rapport frå avisårgangen 1854: Nokre kommentatorar tidfestar starten på Tromsø-vekkinga til dette året. Men i avisa er det få spor av ekstraordinær religiøs aktivitet. Gudstenester og bibellesingar held fram som før, fråhalds- og misjonsforeininga likeeins. Det einaste vesle signalet er namnet "Ole Kallem" eit par stader i passasjerlistene til dampskipa på tur til og frå Finnmark. Ole Kallem reiste dette året som forkynnar for "Den stavangerske Bibel- og Traktatforening," saman med Endre Johannessen. Desse to lekpreikarane skulle kome til å spele ei sentral rolle i den første fasen av Tromsø-vekkinga, særleg frå 1855, ser det ut til.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Eksekusjon 

Hausten 1854 kan vi på nytt følgje etterspelet etter "Kautokeino-opprøret" i november 1852. Medan avisa ser ut til å ha teia i hel dommen i underretten 6. august 1853 (Tromsø-Tidende valde frå tid til annan denne strategien, kan hende på grunn av den labile situasjonen i mange distrikt i Troms og Finnmark), var høgsterettsdommen av 14. februar 1854 referert i avisa 16. mars. Fire av dei hovudtiltalte sat i varetekt i Tromsø heilt frå september 1853.

14. september: "I søndags borttransporteredes til Throndhjem med Dampskibet Prinds Carl ... de to saalænge her i Varetægtsarrest holdte Kautokeinofinner, som for Delagtighed i Rædselsscenerne i 1852 i Koutokeino ere dømte til livsvarig Slaveri" (Lars Hætta og Aslak Pedersen Rist).

12. oktober: "Idagsmorges transporteredes de til Døden dømte Finner, som nu i over et Aar have siddet i Varetægtsarrest i Tromsø." (Mons Somby og Aslak Hætta). "60 Mand Soldater med 5 Mands Kommandopersonale afgik til Alten forat være tilstede ved Henrettelsen."

19. oktober: "De til Døden dømte Finner bleve i løverdags henrettede i Alten."

Det utførlege referatet skal eg spare deg for. Litteratur om hendingane finn du her.
Men dette er altså eit sentralt element i det lokale nyheitsbiletet i Blix si Tromsø-tid.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lokalpolitikk 

Det interessante ved referatet frå suppleringsvalet til Tromsø formannskap i Tromsø-Tidende 8. oktober 1854 er dette innblikket i den lokalpolitiske sedvanen avisa omtalar som "en stræng Overholdelse af Kastevalg":
Det er blevet til en Praxis, der vistnok ikke i mange Aar har bestaaet, men ikke desmindre har faaet Auktoritet næsten som Bylov, at sammensætte Formandskabet af to Kjøbmænd, to Haandverkere og en Embedsmand. ... man siger: 'Vi have en Haandverkerplads at besætte; nu er Tiden vor,' og er Partiet stærkt nok, sætter det om saa den umodneste Kandidat ind i Formandskabet, fordi det saa af denne eller hin Grund konvenerer det.

Avisa tek til orde for ein diskusjon av denne praksisen. Eg skulle gjerne visst kven som har skrive kommentaren. Sannsynlegvis var det ein embetsmann med tilknyting til latinskolen.

Blix og politikken
Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens dementi 

Tromsø-Tidende, torsdag 12. oktober 1854:
Hr. Bjørner Eriksen har i Anledning af vort sidste Referat om Formandskabsvalget bedet os oplyse Publikum om, at han selv ingen Andel har i, at han kom paa Valg. Vi have aldrig antydet en saadan Formodning og bekjendtgjøre gjerne denne hans Erklæring.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens injurie 

Tromsø-Tidende, sundag 8. oktober 1854:
Ved suppleringsvalet på medlem til formannskapet etter bakarmeister Jordan (som var flytta frå byen) "fik Hr. Skræddermester Holm 22 Stemmer; næst ham var Hr. Skrædder Bjørner Erichsen, der fik 17 Stemmer." Valdeltakinga var låg, noko som uroar avisa.
Vi tage nemlig ikke i Betænkning at udtale vor Overbevisning om, at Valget af Bjørner Eriksen til Medlem af Formandskabet vilde været en ubehagelig Overraskelse for den større Del af Byens stemmeberettigede Borgere, da denne Mand er uden Praxis i Byens Kommuneforretninger og næppe kan formodes at have de Egenskaber, hvis Tilstedeværelse bør være det ledende Hensyn ved et besindigt og heldigt Valg. Med hvilken Iver imidlertid et vist Parti arbeidede for ham, beviser noksom den Omstændighed, at En af hans Vælgere endog afgav to Stemmesedler, men hvoraf den ene dog blev tilbagevist.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Jesu, du er den Himmelveg, / Som til Gud Fader oss leider.
Frelsa det er at finna deg, / Liv og uvisnande Heider.
Du er all Skapnings Ljos og Liv;
Verdi daa enn i Myrker sviv,
Vinglande vilt millom Graver.

Men dei, som honom tok imot, / Gjerna i Tru honom fagnad,
Faa fyre alle Brester Bot, / Finna ein lukkeleg Lagnad;
Deim giv han Barnerett hjaa Gud,
Klæder deim med sitt Rettferds Skrud,
Etter sitt Namn han deim kallar.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

To vers av nok ein Blix-klassikar, det første og det tredje (som vart mest endra i seinare utgåver). Tone: "Kirken den er et gammelt Hus" (L. M. Lindeman).

Dette er og ein av dei bibelsprengde Blix-salmane. Første verset byggjer på Johannes 14,6 og 1,1-5. Til "vinglande vilt millom Graver" foreslår eg Markus 5,1-20.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.10.03

Dissentarar 

Den "apostolisk-kristelege" frikyrkjerørsla i Troms er mellom anna handsama i:

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Religiøse impulsar 

Ein viktig del av Tromsø-kapitlet i ein Elias Blix-biografi må handle om religiøse impulsar.

Religionsundervisninga ved seminaret - den formelle og den uformelle - har eg alt skrive om. Men her er mykje meir å undersøkje. Nett på 1850-talet gjekk ei kraftig vekkingsbølgje over byen. Det mest radikale resultatet var skipinga av ei friforsamling, "Den apostolisk-christelige Frimenighed", i 1856. Liknande forsamlingar vart skipa i fleire av bygdene kring byen, mellom anna i Balsfjord og i Lyngen (tippoldefar min og familien hans var medlemer i Lyngen-forsamlinga, skipa i 1858). Tromsø Indremisjon starta opp i 1858, som eit statskyrkjeleg mottrekk. Mellom stiftarane var - Elias Blix. Med til biletet høyrer dessutan faktorar som gudstenesteliv og anna organisert kyrkjeleg verksemd, haugianske impulsar, den læstadianske vekkinga, misjonsforeininga og fråhaldsforeininga.

Hypotese: Elias Blix er i religiøs samanheng mest eit produkt av ein tradisjonell oppdragingskristendom frå heimen, skolen og seminaret. Vekkinga på 50-talet gjorde han aldri statskyrjekritisk. Men den kan ha utfordra han, som mange andre, til eit sterkare individuelt fokus, på personleg tileigning av tru og livsstil. Dessutan har organisasjonsverksemda (fråhald, misjon, indremisjon) ei viktig samfunnsmessig side: Når skolelærar Elias Blix skipar indremisjonsforeining, saman med byens geistlege stand (med biskopen i spissen) og fleire leiande handelsmenn, fortel det og noko om sosial oppdrift og ambisjonar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Med Jesus vil eg fara / Paa Livsens Ferd i Lag.
Gud lat den Samferd vara / Inntil min døyand Dag!
Det er mi høgste Æra, / Det er mi største Ros
Hans Fylgjesvein at vera / Og vandra i hans Ljos.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

"Med Jesus vil eg fara" kjem høgt opp på lista over dei oftast sungne salmane i norsk tradisjon: Eit utal skoledagar er opna med denne salmen og Fadervår.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 7.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.10.03

Dagens Blix 

I Jesu Namn/ Me stemna fram til Himmelhamn.
Med Krist umbord / Me styra yver Livsens Fjord.
Naar han er med, / Me fara i Guds Fred.

I tyngste Trong / Til Himmels stig daa opp vaar Song.
Der styrer han, / Som all vaar Vande venda kann
Og snu vaar Graat / Til Song og Sigers Laat.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

To vers av "I Jesu Namn," mest på grunn av dei flotte bokstavrima i andre verset.

Dette er den første salmen Blix ikkje oppgjev nokon tone til. Lindeman skreiv ein melodi til 4. utgåva av Nokre Salmar i 1891, men vi nyttar ein av Otto Winther-Hjelm frå 1916.

Send ein kommentar.
Fredagens Blix.
# lagt inn 6.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.10.03

Edward Said 

Edward Said (1935-2003) er død. Palestinaren, amerikanaren, kulturpersonen og -kritikaren, forfattaren av Orientalism og inspirasjonskjelda til ei heil bølgje av "post-koloniale studiar."

På denne staden skal eg berre sitere eit poeng frå ein av nekrologane, den til Morten Strøksnes i Morgenbladet. Han omtalar Said sin overklassebakgrunn og "den best mulige utdannelsen på elitistiske koloniskoler" som han fekk på britisk prega skolar i Jerusalem, Kairo og Beirut:
Det doble budskapet Said mottok på disse skolene var at han måtte streve hardt med å tilegne seg kolonimaktenes overlegne kultur, samtidig som han aldri kunne bli en fullgod representant for den. Han var en ikke-europeisk «andre», språklig, rasemessig og etnisk.

Slike observasjonar har overføringsverdi, jamvel til (nord-)norske tilhøve. Det norske motstykket til Orientalism heiter Nordlendingen og er skrive av Edmund Edvardsen. Den boka skal eg kome attende til. Eg trur poenget om den framande "andre" er vesentleg for å forstå fenomen av typen Elias Blix, menneske som frå ein sosial og geografisk periferi (fiskarbondemiljøet, Nordland) midt på 1800-talet nærmar seg makt- og kultureliten i hovudstaden. "Post-koloniale studiar" har noko å tilføre norsk historie, og det er grunn til å reise Edward Said eit minnesmerke sjølv her i utkanten av verda.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tromsø fortel 

Gyldendal har nett gjeve ut boka Tromsø forteller, og fortel:
I denne boka har Nils Magne Knutsen laget et frodig og levende utvalg om folk og liv i byen gjennom to hundre år – fra begynnelsen av 1800-tallet og fram til i dag.
...
Boka er inndelt i bolker under titlene ”En by tar form”, ”Tromsø sett med fremmede øyne”, ”Oppvekst”, ”Ishavsbyen”, ”Byjentenes fortellinger”, ”Krigen” og dagens Tromsø. Her er samlet noen av de fineste tekster som er skrevet om denne byen. Det er nok å nevne navn som Nils A. Ytreberg, J.A. Friis, Halvdan Koht, Einar Figenschou, Arthur Arntzen, John Giæver og Peter Wessel Zappfe, Henry Rudi og Cora Sandel. Av ”ungsauan” skal nevnes Herbjørg Wassmo, Ivar Enoksen, Laila Stien, Knut Smistad og Ragnar Olsen.

Nordlys presenterte boka 2. oktober.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.10.03

Salmodikon 

Hamar er ikkje berre velsigna med statsarkiv, men og med eit av landets beste musikkbibliotek, med P. Sandviks samlingar som grunnlag, og med Astrid Hagen som drivande kraft gjennom ein menneskealder. Dette er ein av dei få stadene der ein kan finne godbitar som J. A. Lindeman, Choral-Melodier for Psalmodicon til de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk christelige Psalmebog forekommende Psalmer udsatte i Ziffre efter den ved kongelig Resolution af 15 Juni 1835 authoriserede Choralbog, tilligemed en Veiledning til Brugen af Psalmodicon (Christiania: Hoppe, 1841). Du kan trekke pusten her.

No veit eg korleis ein byggjer eit salmodikon. Men eg har for mange tommelfingrar til å gje meg i kast med eit slikt prosjekt.

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Sol og Skjold og Styrke, / Er Gud vaar Frelsar blid.
Og kjem so Tider myrke / Og stundom Storm og Strid:
Den Sol gjeng aldri under, / Um Dagen sloknar her;
Den Skjold gjeng aldri sunder, / Kor hard enn Striden er.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

"For Herren vår Gud er sol og skjold" (Salme 84,12).

Kjelde for bibelsitatet: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.10.03

Dagens Blix 

Synd og Sorg er Systkin-Ord, / Fylgjast jamnan her paa Jord.
Synd fraa Gud oss heve skilt, / Difyr lider Hjartat ilt:
Hjartat, som fyr Gud er skapt, / Syrgjer, naar det Gud hev' tapt.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Enkel salme på fire vers om eit djupt dogmatisk og psykologisk tema. Sarte sjeler bør ikkje late seg skremme av pietistiske spøkelse her. Dei kan gå glipp av linja Paulus - Augustin - Luther, og det ville vere synd.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 2.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Student av Blix 

Nokre dagar på Hamar, på besøk hos foreldra mine. Dessutan har dei statsarkiv her.

Stud. theol. (seinare biskop i Hamar) Henrik Hille har dette å fortelje far sin, Arnoldus M. Hille (biskop i Hamar), om korleis det var å studere hebraisk under professorane Elias Blix og Alexander Seippel i studieåret 1900-1901 (om du skulle lure på det: Den emeriterte Hamar-biskopen Georg Hille er son av Henrik og soneson av Arnoldus):

29. oktober 1900
Med hebraisken gaar det småt; Blix er meget langsom af sig.

8. november 1900
Blix gaar rolig, men sikkert fremad med hebraisken. Efter jul begynder jeg da at høre Exodos hos Seipell og maa læse Job paa egen Haand. Jens Saxe gaar nu og hører Job, saa jeg faar hans forelæsninger efter jul. … Rigtig fart kommer der vel knapt i selve teologien, før hebraisken er gjort unna.

25. mars 1901
Der er nu den forandring i hebraiskforelæsningerne, at vi ikke læser mandag. 2 af de 6 timer var nemlig oprindelig ekstratimer, og vi er nu kommet saa godt i fart, at vi ikke behøver at kile saa paa.

19. april 1901
I dag begyndte Blix at holde examinatorier i grammatikk; bare han ikke var saa frygtelig seig og sen, kunde vi lære meget deraf, tror jeg.

1. mai 1901
Fra i dag til næste torsdag har Seipell taget en ferie for at reise bort, eller rettere hjem til sin gård i Numedal.

11. mai 1901
Fredag kl. 10 begyndte saa examen; jeg var oppe først. Jeg blev hørt i Job 7 og klarte oversættelsen feilfrit. I den paafølgende gjennemgaaelse klarte jeg ogsaa de vigtigere spørgsmaal undtagen et om suffix med nun energicum. Om dettes brug gjælder det, at det ikke kan stå ved perfektum, men det havde jeg aldrig hørt verken af Blix eller Seipell, og havde heller ikke læst det. Dette gjorde, at jeg fik 1 -. … Efter sigende skal det være noksaa sjeldent, at Seipell giver 1.

Til lukke med karakteren, Henrik. Men eg er samd med Seippel: Suffiks med nun energicum burde du greidd.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.10.03

Manuskriptfunn 

Nei, det gjeld ikkje Blix denne gongen, men den eldre samtidige Lars Levi Læstadius. Nordlys melder:
Den som leter, finner. Det har tromsøforskerne Per Posti og Nils Magne Knutsen erfart. I går la de fram beviset: Boka der Lars Levi Læstadius' avhandling om samisk mytologi, del 1, Gudalära, for første gang presenteres i sin helhet. - Vi trodde nesten ikke våre egne øyne, sier Per Posti om øyeblikket da han og Nils Magne Knutsen sto i et støvete og dårlig opplyst bibliotek i rådhuset i den lille byen Pontarlier i Vest-Frankrike.

Avhandlinga til Læstadius heiter Fragmenter i Lappska Mythologien. Læstadius var med den franske Recherche-ekspedisjonen, som gjorde omfattande studiar i Nord-Skandinavia og på Svalbard i 1838-40. Rolla til den seinare vekkingspredikanten var helst som botanikar, men han har og studert tradisjonell samisk religion.

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Religion 

Kva lærte Blix på lærarseminaret II
Førre: I. Musikk
Kristendomskunnskap var hovedfaget i seminarene liksom i almueskolen. De andre fag stod lavere i rang. ... Seminaristene fikk en grundig innføring i kristendomskunnskap, og på dimisjonsattesten var det både 2 og 3 karakterer i faget (alt etter hvilket seminar de gikk ved). Det varte ikke lenge før folk kunne tale om "Seminarist-Theologie."

Slik skriv Helge Dahl (Norsk lærerutdanning, 50 og 54) om tilhøva midt på 1800-talet. Dahl si framstilling byggjer mykje på reglementet frå Asker seminar av 1837, som vart gjeldande for dei fleste lærarseminara. Undervisninga i Tromsø var regulert i eigne kongelege resolusjonar fram til det nye reglementet for lærarutdanninga kom i 1869. Men den sentrale plassen til religionsfaget var den same som dei andre stadene.

På dimisjonsattesten til Blix finn ein separate karakterar for "Bibellæsning", "Religion" og "Bibel- og Kirkehistorie". I tillegg kom den undervisningsprøva eller katekesen som galdt som del av eksamen i "Praktisk lærerdygtighed". Undervisninga i samisk og i musikk må ein heller ikkje gløyme. I samiskundervisninga ser det ut til at andaktsboka Rokkus- ja oappo-girje av N. V. Stockfleth stod sentralt. Av biblioteket sin katalog og utlånsprotokoll går det fram at skolen hadde boka i klassesett, og at Elias B. Pedersen lånte eit eksemplar gjennom heile det første skoleåret. Og musikkundervisninga handla for det meste om salmesong og salmodikon-akkompagnement.

Barlindhaug oppgjev timetalet i "Kristendomskunnskap" for dei to åra til 9 + 7, dessutan 3 veketimar kateketikk i 2. klasse. Men det er mogleg å vere litt meir spesifikk: Eksamen i "Bibellæsning" var lagt til 2. klasse, men det kan hende at elevane i 1. klasse og følgde undervisninga. Ein gjekk gjennom søndagstekstane i kyrkjeåret. "Religion" var undervisnings- og eksamensfag i begge klassane. Denne undervisninga handla om katekisme og forklåring, Luther og Pontoppidan. Bibelhistorie hadde to veketimar i første klasse og ein i andre, medan kyrkjehistorie vart undervist ein time for veka i andre klasse. Kva for lærebøker som vart nytta i dei ulike disiplinane har eg (enno) ikkje full oversikt over. Biblioteksprotokollane tyder på at eit tobandsverk av Friedrich Gustav Lisco om Det nye testamente var mykje brukt, sannsynlegvis som hjelpemiddel i "Bibellæsning". Ved dei andre seminara nytta ein gjerne Herslebs bibelhistorie (som kom i ei stor og ei lita utgåve, i mange opplag), i det minste til styraren for Asker seminar, Knud Gislesen, gav ut si lærebok (1853). Gislesen, som vart biskop i Tromsø i 1856, hadde dessutan gjeve ut ei katekismeutgåve utstyrt med "Henviisning til bibelske Fortællinger og med tilføiede Psalmer og Anmærkninger" som vart standardbok i norsk lærarutdanning. Læreboksituasjonen i kyrkjehistorie er ikkje klår, men gjennom heile skoleåret 1854-55 står Elias B. Pederssen som lånar av skolebibliotekets einaste eksemplar av G. A. Lammers' Uddrag af den christne kirkes historie, omsett etter ei tysk framstilling av Leipold. Boka var ein del i bruk i norsk lærarutdanning, men i dette tilfellet er det nok heller ein særleg ambisiøs elev vi har å gjere med.

Frå seminaret fekk ein med seg ein solid dose oppdragings-kristendom. Den formelle undervisninga var berre ein av faktorane som formidla dette. Seminaristane tok del i eit regelbunde andakts- og gudstenesteliv, og dei hadde sin sjølvsagte plass i kyrkja om søndagane, der andreklassingane jamvel hadde korteneste. Internatlivet var og tenkt som del av ei heilskapleg kristen oppseding. Og ikkje minst spela lærarane ved seminaret ei rolle som personlege føredøme. For Blix si utvikling veit vi at førstelærar Christian Ludvig Rode har hatt mykje å seie. Litteraturen gjer han gjerne til grundtvigianar, utan at det blir heilt klårt kva det ligg i ei slik nemning på dette tidlege tidspunktet. Her ligg det ting og ventar på undersøking.

I alle høve: Ved sida av barnelærdomen heimanfrå er seminaret i Tromsø ein viktig faktor i forminga av Elias Blix som truande og teolog - kan hende vel så viktig som universitetsstudiet?

Førre: I. Musikk
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det er so godt at vitja / Guds Hus og Heilagdom paa Jord.
Det er so sælt at sitja / Og lyda paa Guds gode Ord.
Der er det godt at tjelda / Fyr trøytte Ferdamann.
Der inn ved Livsens Kjelda / Spring Liv i aude Land.
Og der den Kjelda surlar, / Der byggja Fuglar smaa;
Den arme Duva kurlar / Og lengtar dit at naa.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Ljoset er ofte framheva som grunnleggjande motiv i Blix-salmane. Vonde tunger vil ha det til at det er det einaste på diktaren sitt repertoar. Det er usant. Eit anna hyppig brukt motiv er hagen, med åkeren som næraste nabo. Her syng gammaltestamentlaren vel så sterkt som fiskarbonden: Heilt frå Eden-forteljinga i 1. Mosebok 2 og 3 er hagen eit bibelsk sentralmotiv. Hagen er staden for å dyrke Gud og å dyrke jorda, for gudsteneste og kvardagsliv. Blix får fram noko av det beste i luthersk tradisjon i denne salmen (nei, det er ikkje alt i luthersk tradisjon som er like godt): Den heilage, allmenne kvardagen, der arbeid og heim i samsvar med Luthers kallsetikk vert tolka som gudsteneste - og den heilage, allmenne gudstenesta, der heile himmelen får rom sjølv under eit trongt kyrkjetak.

Meir om hagen som bibelsk motiv kan du få vite hos norsk teologis fremste hage-ekspert, gammaltestamentlaren Terje Stordalen.

Kjelde for bibelsitatet: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 1.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?