<$BlogRSDUrl$>

9.1.04

Dagens Blix 

Vaar Herre er ein Hyrding god, / Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgja vil med hugheilt Mod, / Der denne Hyrding fører.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 36

Dette tykkjer eg er ein svært karakteristisk Blix-salme. Her lar Blix fleire bibelske tekstar spele saman på ein scene henta frå norsk natur. Gjetar hadde han vore sjølv, som gutunge. Pastorale-motivet er for så vidt tradisjonelt, og tekstkombinasjonen Blix nyttar ligg i dagen: Johannes 10 (Jesus som den gode hyrdingen), Lukas 15 (likninga om den bortkomne sauen) og Salme 23 (Herren er min hyrding). Men det er fint gjort, og salmen har fått ein plass i Norsk Salmebok (nr. 310). Og det er ikkje tilfeldig at Blix i 1883 gjev frå seg ein ny salme med motiv frå Johannesevangeliet. Blix omsette personleg to av bøkene i det første Landsmålstestamentet: Romarbrevet, som kom ut i 1882, og Johannesevangeliet. Omsetjinga av Johannes kom først ut i 1889, da Blix var ferdig som kyrkjeminister.

Heile salmen.
Kjelde for bibeltekstene: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?