<$BlogRSDUrl$>

9.2.04

Artiumssensur 

Fram til 1883 var det Universitetet som stod for avviklinga av examen artium, i august kvart år. Elias Blix var knytt til Det teologiske fakultet som adjunktstipendiat sidan 1873. Men etter at han seint i 1875 leverte inn avhandlinga si for den filosofiske doktorgraden (og ikkje den teologiske), fekk han snart oppgåver ved Det historisk-filosofiske fakultet òg.

I dei fire åra 1876-1879 valde fakultetet han såleis til sensor ved examen artium i "Modersmålet". Med i denne sensurkomiteen var dessutan ein universitetsprofessor og ein lærar ved ein høgre skole. Dei to andre medlemmene skifta for kvart år, så i desse fire åra var det Blix som sørga for kontinuiteten ved artiumssensuren i norsk. Etter professorutnemninga i 1879 slapp han denne plikta.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?