<$BlogRSDUrl$>

24.2.04

Blix og Garborg I 

Ungane har vinterferie, og eg reiser med dei til Hamar i morgon. Eg tek med meg eit studieemne eg lenge har hatt lyst til å sjå nærare på: Tilhøvet mellom Elias Blix og den femten år yngre Arne Garborg.

Elias Blix og Arne Garborg
Dei to var ikkje utan fellestrekk. Det var språket som førte dei saman. Begge var overtydde landsmålsfolk med ein gjennomtenkt ideologi, og begge gjorde ein fundamental innsats for bruken av landsmålet - Garborg i litteraturen, Blix i kyrkja. Grunnutdanninga si hadde begge frå lærarseminar, Blix frå Tromsø, Garborg frå Holt ved Tvedestrand. Og begge hamna dei som studentar i Kristiania - med framifrå resultat til artium og andre-eksamen. Blix kjende nok vel att dei materielle og sosiale tilhøva som Garborg skildra i Bondestudentar.

Men av temperament må dei ha vore høgst ulike, den sindige og forsiktige Blix og den skarpe og urolege Garborg. Dei gjekk ulike vegar etter artium. Blix klatra til topps på den akademiske og sosiale karrierestigen, medan Garborg kjempa seg til ein plass i det offentlege rommet som journalist, publisist og forfattar. Begge sokna nok politisk til venstresida, men med heilt ulike profilar. For Blix var det nasjonale motivet overordna i den politiske verksemda hans. Garborg hadde nok meir av klasseperspektiv med seg, arbeidde med anarkistisk tankegods og tankane til Henry George.

Garborg kom til Kristiania i 1873, 22 år gammal. Blix var eitt år eldre da han flytte til hovudstaden i 1859. Eg veit ikkje kvar og når dei to møttest, men dei har i alle fall treft einannan i Det norske Samlaget. Blix var styremedlem i åra 1868-1869 og 1873-1877. Dei andre åra sat han i domsnemnda. Garborg kom inn som eit friskt pust og var formann i åra 1876-1878.

Eg vil kartleggje korsvegane eg finn utover i veka. I morgon rekk eg vel ikkje så mykje, tenkjer eg, men torsdag vil eg presentere ordskiftet mellom Blix og Garborg i Fædrelandet sommaren 1882, da Stortinget lot vere å løyve eit reisestipend til Garborg.

Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg V (Asker).
Blix og Garborg. P. S.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?