<$BlogRSDUrl$>

12.2.04

Dagens Blix 

Ein Saknad saar eg heve røynt: / Min Gud sitt Andlit heve løynt,
Eg einsam gjeng i Villa.
Kor er daa Livet audt og turt, / Naar du, min Gud, vil ganga burt!
Mitt Hjarta lid so illa, / Du eine kann det stilla!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 57

Ein av dei sterkaste og mest personlege Blix-salmane, tykkjer eg, første gong publisert i 1870-heftet. I denne utgåva har Blix sett ein skilje, ein vassrett strek, før dei to siste versa. Det slår meg at med det skriv han seg opp mot ei klassisk gammaltestamentleg salmeform. I bibelske klagesalmar kan vi ofte observere eit omslag mot slutten, der klaga slår over i takk og frelsesvisse. Slik er det her òg.

Salmen er rik på bilete både frå Bibelen og naturen. Eg skal berre peike på eitt: Den vesle fuglen (som kjem sterkare og sterkare jo eldre Blix blir, særleg i Salmar og Songar, 1900). Slutten av vers 3:
Eg er som vesle Fugl paa Kvist, / som hev den trugne Maken mist
Og einsleg no maa kura / Og full av Saknad stura.
Tonen er oppgjeven som "Om Himmerig vi tale vil." Eg er ikkje heilt sikker på kva for ein melodi som er meint, men eg trur det er denne.

Heile salmen.
Kjelde for musikkeksempel: Svend Christiansen
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?