<$BlogRSDUrl$>

19.2.04

Dagens Blix 

Ber no Bod til Heidningland, / Bod um Ljos og Lukke
Til dei Arme, som i Band / Og i Myrker sukka!
Bod, som sprengjer Fangebur, / Som kann løysa Lekkja,
Brjota gjenom Myrkers Mur / Og dei Daude vekkja!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 62

Salme frå eigenproduksjonen, ny i 1883-heftet av Nokre Salmar, under overskrifta Missionen. Dette er ein tradisjonell misjonssalme, men med Blix sine karakteristiske bibelreferansar.

Eg veit enno ikkje om Blix var med i misjonsforeining, men eg held det ikkje som usannsynleg at han kom i kontakt med denne forma for kyrkjeleg verksemd under åra i Tromsø. Ei hending gjorde stort inntrykk overalt i kyrkje-Noreg, her formidla gjennom brev frå bispinne Henriette Gislesen i Tromsø, datert 17. januar 1859:
Saaledes har vel den sidste Efterretning fra Afrika (om den første Daab) været en stor, fælles Glæde baade for Bibelselskabets og Missionens Venner. Ak, i mit Hjerte faldt den som en kvægende Dug. Gislesen prædikede netop Dagen, efterat vi havde faaet det at vide, og han kunde ikke Andet end i sit Hjertes Glæde prise og takke Gud lydeligt derfor paa Prædikestolen, da han kom til Bønnen om Ordets Udbredelse blandt Hedningerne.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?