<$BlogRSDUrl$>

25.2.04

Dagens Blix 

Ver glad, mi Saal, og far med Fred, / Naar eingong du skal stiga ned
Imillom Daudens Skuggar!
Fylg med din Frelsar Jesus Krist! / Han aldri vil deg leida Mist.
Hans Kjærleik mildt deg huggar / Og inn til Ro deg ruggar.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 66

Kapitlet "Dauden" har vakse til tre salmar i 1883-utgåva av Nokre Salmar. Salmen til J. J. Lund har nok tiltala Blix. Den er frå ein tradisjon like bibelsprengd som hans eigen. Men Blix har gjeve salmen si eiga karakteristiske form, dette er ei gjendikting, ikkje ei omsetjing. Det sjuande og åttande verset, til dømes, får hos Blix farge av forteljinga om forklåringa på berget (Matteus 17 og parallellar), noko som følgjer fint opp "hytte"-temaet i vers 5, men som altså tilfører originalteksten nye dimensjonar.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?