<$BlogRSDUrl$>

27.2.04

Dagens Blix 

Kom, Norge, med Laurbærkrandsen
og fæst den som Seirens Løn
om Panden paa Helten Nansen,
din store, straalende Søn.

Ræk ham og de Tapre Prisen,
som kjæmped mod Mørke og Død
deroppe i Natten og Isen
men seired og gjennem brød!

Lad Æventyret fra Polen
om Nansen, hans Mænd, hans Baad
opildne Gutten fra Skolen
og mane til mandig Daad!

I Kampen mod Mørkets Borge,
mod Bjerge af Hundreaars Is
da seire skal Sønner af Norge,
vor gamle Moder til Pris.

Dr. E. Blix
Denne er eg stolt av. Ein publisert, men ukjend Blix-tekst - på bokmål.

I 1896 gav Hjalmar Bigler's Forlag ut eit slags festskrift i samband med feiringa av Fridtjof Nansen og mannskapet på "Fram". Dei hadde ikkje nådd Nordpolen på den fleirårige ferda i ishavet, men dei fekk ei mottaking som sakna sidestykke i heimlandet - der ein absolutt trong nasjonalsymbol i tida fram mot unionsoppløysinga. På første side i festskriftet står Arne Garborgs hyllingsdikt "Dr. Fridtjof Nansen" - på nynorsk. Som bilag til festskriftet følgde ein plansje med "Tanker og Ønsker ved Nansenexpeditionens Hjemkomst". Forleggjaren hadde skrive til den norske kultureliten og bede dei sende inn det dei hadde av slikt, på eit til føremålet eigna frankert brevkort. Så monterte ein desse saman og laga ein fotografisk reproduksjon av dei handskrivne helsingane. Og her er altså bidraget frå Elias Blix.

Bokmålet er ei sak for seg. Det var nok ikkje noko som hindra Blix i å nytte nynorsk, det gjorde jo Garborg. Kan hende tok det han meir tid å skrive på nynorsk, kan hende stilte han høgare krav til sine eigne tekstar i slik språkdrakt.

Her er jo patos i bøtter og spann. Men om ein greier å sjå forbi det, kan ein få auge på nokre interessante og typiske Blix-drag. Den fromme Blix nemner ikkje Gud med eitt ord i denne teksten, han treng ikkje det. Her er rikeleg med bidrag frå kyrkjefolk som gjer det, på kvar sin måte: Oslo-biskopen og Blix-venen A. Chr. Bang, stiftsprosten Gustav Jensen, den katolske biskopen J. O. Fallize, for å nemne dei tre mest markante. Men pedagogen Elias Blix, den nasjonale folkeopplysaren, er tydeleg til stades i vers 3. Det verkeleg interessante er likevel det fjerde og siste verset. Her vert "Kampen mod Mørkets Borge, / mod Bjerge af Hundreaars Is" ein metafor for den nasjonale kampen mot kulturell og politisk dominans utanfrå. Det er det same historiesynet som i "No livnar det i Lundar", "Gud signe vaart dyre Fedraland" og andre sentrale Blix-tekstar.

Nei, eg har ikkje funne denne teksten heilt åleine. Det er Geir Hestmark sin forvitnelege biografi om W. C. Brøgger, Vitenskap og nasjon, som er vegvisaren min.

Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?