<$BlogRSDUrl$>

12.2.04

Kollokviegruppa 

"Jørgensen" er identifisert!

I det tidlegare siterte brevet frå John Klæbo til Anton Chr. Bang frå november 1865 skreiv førstnemnde: "Blix læser nu af al Kraft. Endel Fag læser han sammen med Jørgensen, t. Ex. Ebræerbrevet og Dogmatik."

Ved hjelp av kyrkjehistorikarbror Per Kristian har eg dette å melde om det andre medlemmet i kollokviegruppa som førebudde seg til embetseksamen våren 1866:

Jørgen Jørgensen (1841-1922) var fødd som lærarson på ein lærarskole (Holt ved Tvedestrand), og var sjølv i 40 år lærar og rektor ved lærarskolen i Hamar. Men han hadde oppveksten sin som presteson på Jæren. Faren var sokneprest i Hå frå 1845, og etter kvart prost. Jørgensen tok, som Blix, artium i 1860, andreeksamen (philosophicum) året etter, og embetseksamen i 1866 - som Blix med sers gode resultat. Han vart lærar ved Nissen skole i Kristiania (Blix arbeidde òg der nokre år), men kom til Hamar borgerskole i 1869, og altså til lærarseminaret i 1874. P. Sandvik fortel i ein nekrolog i Norvegia Sacra (1923):
Allerede som student hadde han pleiet filosofiske interesser. Kierkegaard gjorde saaledes i sin tid et sterkt indtryk paa ham. De teologiske stridsspørsmaal veiet han samvittighedsfuldt med tanke paa hvad han skyldte at ta med for sine elever. Hans standpunkt som konservativ teolog var klart nok; men en forstaaelsesfuld prøvelse av motstanderes meninger var ham en samvittighetssak ...
Sandvik fortel òg at Jørgensen var sentral i arbeidet med reform av norsk lærarutdanning, som medlem av offentlege komitéar på 1880- og 90-talet. Dessutan var han interessert i skolehistorie og litteraturhistorie. Skreiv sjølv gjorde han òg, men helst høvesvers.

Ein høveleg makker for Elias Blix i eksamensførebuinga, som ein ser.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?