<$BlogRSDUrl$>

11.2.04

Myten 

Ein biografi med respekt for seg sjølv bør visstnok "punktere myter" om biografiobjektet. Hermed eit forsøk:

Myte:
Striden kvesste seg til etter kvart, og i 1883 skreiv 250 leiande kristne under på oppropet "Til Kristendommens Venner", der venstrepolitikken beint fram vart stempla som antikristeleg. Alle bispane skreiv under, og av dei teologiske professorane var det berre Blix og Fredrik Petersen som nekta skrive under. Det var ikkje beint for ein kristen å vere venstremann nett da!
(Reidar Bolling, Elias Blix; Oslo: Samlaget, 1953, 83-84)

I 1883 kom så det vidgjetne oppropet "Til Christendommens Venner i vort Land". Gisle Johnson hadde ført det i pennen, alle bispane, mange professorar og 450 kjende kristne personar hadde underteikna det. ... Ein kan lett tenkja seg det presset som Blix vart sett under då dei bad om underskrifta hans. Professor Caspari, den nære venen og velgjeraren hans, hadde skrivi under saman med professor Lochmann og andre kollegaer. Blix høyrde sjølv heime i den konservative lekmannstradisjonen.
Men Blix nekta!
Det må ha kosta ikkje så lite for ein gamaltruande lekmann å setja seg sjølv utanfor den flokken der han høyrde heime. For Blix var det ikkje tanken på å gjera seg sjølv interessant som låg bak avgjerda. Han har skjøna at kyrkja sat fast i gamal tenkjemåte. Ei ny tid kravde andre svar. Handlingsmåten hans vitnar om personleg mot og stort sjølvstende.
(Egil Elseth, Elias Blix: Verk og virke; Oslo: Verbum, 1989, 64-66)

However, showing great courage, Blix refused to sign when he was asked.
(Finn Tømmerberg, Elias Blix: Norwegian Hymn Writer and Poet of Nordland; Halsa, 1999)
Punktering:
Det er ingen ting som tyder på at Blix vart beden om å skrive under "Oppropet." Arkivet etter oppropskomiteen er teke vare på, det fyller tre boksar i Heggtveit-samlinga (Menighetsfakultetets arkiv). Carl Fredrik Wisløff har skrive ei grundig og omfattande studie kring oppropet (Politikk og kristendom, 1961). Han nemner ikkje Blix med eitt ord. Derimot stadfester han at Fredrik Petersen avslo å skrive under.
Fredrik Petersen sier i sitt svarbrev at han regner seg for å tilhøre "det politiske Høire." "Men det paatænkte Opraab -- forekommer mig at savne den Klarhed, som jeg maatte ønske, inden jeg dertil knyttede mit Navn." (Wisløff, 99)
Eg har sjølv bladd i oppropsarkivet, så langt utan å finne ei staving om Blix. Det er ikkje anna enn ein kunne vente. Blix sin Venstre-sympati var velkjend på universitetet. "Den nære venen og velgjeraren hans", den erkekonservative (for ikkje å seie reaksjonære) Caspari, hadde jamvel utnytta dette for å skaffe Blix eit professorat og seg sjølv hardt tiltrengt avlasting. Det framgår tydeleg av to brev frå Caspari, daterte i januar 1879:
Jeg forvænter i denne Tid et "vita nuova", jeg mener Dr. Blix's Udnævnelse til Prof. i Hebraisk, en Udnævnelse, der vil befri mig fra Examen (og Halvdelen af mine Forelæsninger) imod, at jeg gjør, hvad jeg kalder, mit Testamente ved at skrive, om Herren vil, en Del Skrifter over gammel- og nytestamentlige Bøger og Æmner ... Der siges, at Storthinget sikkert vil bevilge Gagen, idet Blix er Persona grata i Majoritetens Øjne - iblandt os sagt, den eneste Fejl, jeg kan opdage hos Manden.
(Caspari til Jørgen Moe, 11.01.1879)

Der er al Udsigt til at forslaget vil gaa igjennem i Storthinget, thi Blix er "persona grata" hos Storthingsmajoriteten (uagtet han er en særdeles brav Mand). Mit Arbeide vil jo blive betydelig Større, end det nu er, men derimod ulige behageligere. At blive hele Examensvæsenet quit, som absorberer den fjerde Del af Aaret, hvilken Lise!
(Caspari til Andreas Munch, 21.01.1879)
Konklusjon:
Soga om Blix som nekta å skrive under "oppropet" er soga om fjøra som vart til fem høns. Det var sjølvsagt ingen som såg nokon grunn til å be ein erklært Venstre-mann om å skrive under på eit opprop mot Venstre-politikken.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?