<$BlogRSDUrl$>

9.2.04

Talen 

Til slutt i dag, før eg reiser til Oslo for å sjå kva som finst i arkivet til Menighetsfakultetet: 19. mai 1901 vart det halde ein stor fest i Frimurerlogen i Kristiania, til ære for salmeskalden Elias Blix. I eit trykt referat finst mellom anna denne teksten:
Av ein Tale,
som Professor Alexander Seippel vilde halde ved Blixfesten, dersom det ikkje hadde vore so mange Talar fyrr. Talen er som ein ser um Blix som Granskar av dei gamle Maali i Austerland.

--- So var det daa til Austerlande, til Fyndeheimen ell Gamle-Tidi i Austerlande at Prof. Blix styrde sine Fet som Maalgranskar. Nett no kjem eg i Hug ei fager austerlendsk Segn, Segni um Khadir, som aldri kunde eldast og aldri kunde døy. For paa sine Ferdir i Ungdomen hadde han ytast i Austerheimen funni Livsens Kjelde. Sidan drog han um paa Jordi, evig ung og evig frisk, og kvar Gong som Hundrad Aar er ute, kjem han attende til den same Staden, som han hadde leika paa som Baan. Segni legg attaat, at denna Khadir inkje er nokon annan en Profeten Elias, han som Gud hadde so kjær, at han inkje vilde lata han døy. – Skal tru, um det inkje paa ein Maate hev gjengi likeeins med Namnen hans Khadir ell Elias, vaar Lærar og Diktar Elias Blix. Han og drog, som me saag, langt aust-etter, vilde granske Nimrods og Abrahams Maal. Og medan han grov og granska, raaka han paa Livsens Kjelde, Kjelda som Vitskap og Poesi strøymer utor, og han drakk av Kjelda og fekk uppletne Augo, so han vart var Venleiken og Visdomen i sitt eigje Fedremaal og fekk Gaave til aa syngje fagre Songar i det. Sjaa for godt Gud trudde han og for vel han vilde han! Han let han fysst fara langt burt fraa Heimen sin, til han vart ein gjæv Maalmeistar, og førde han so attende, og gjorde han til noko myki større, til ein heilag Skald for sitt Folk: “Gud eiger Austerland, Gud eiger Vesterland: han leider kven han vil paa rettan Veg,” som Muhammed seier. Og Elias Blix vilde han rettleide, so han baade hadde Lukka med seg paa Utferdi og kom vel heim att. Her i Heimen sin, som han elskar so høgt, kan han daa i Fred njote den Rikdom han hev funni i Viddeheimen og som han so trugi hev bytt med oss, til ein Gong den Dagen kjem, at han – no talar eg atter paa Muhammeds Vis – som ei av dei evige Svanunn med Song paa Munnen kan flytja yver fraa den laage Verdi til den høge. Men me vil vone, at det endaa maa vare mange Aar, fyrr Songsvaneflokken paa si Ferd sud-etter kjem innum og tek han med seg, so vaart Folk endaa lengje kan faa lyde paa dei Songarne han syng, og njote godt av Rettleidingi hans, han som er so vel laga til aa rettleide andre, av di han er den mildaste og kjærlegaste av alle, og sjøl den mest rettleidde, som ein Austerlending vilde segja.

20. Mai 1901. Alexander Seippel.
Alexander Seippel var 15 år yngre enn Blix, professorkollega i semittiske språk, målmann og seinare bibelomsetjar. "Talen som aldri vart halden" fascinerer meg. Det var altså ikkje semittisten og professoren folk skulle hugse; det var salmediktaren. Men det var no bra at Seippel skreiv det ned.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?