<$BlogRSDUrl$>

8.3.04

Artium 1860 

Eg har gjeve ein del sitat frå breva Blix skreiv til Johan Amundsen, sin gamle kamerat frå seminaret i Tromsø. Det er på tide å gje sitata ein kontekst, å tolke kva dei fortel om Elias Blix og livet hans.

Første prosjektet i Kristiania var å ta examen artium. Heilt fram til 1883 var det universitetet som arrangerte eksamen og avgjorde kven som fekk status som student. Det hende ved starten av haustsemesteret, i august kvart år.

Frå breva til Amundsen høyrer vi at Blix hausten 1859 hadde "kand. filol. Bugge" som lærar, og at han denne hausten arbeidde utelukkande med artiumsfag (30.10.1859). Han hadde alt eit godt grunnlag med seg frå Tromsø, som vi veit. Reidar Bolling (s. 42) seier at Blix "gjekk inn på Heltbergs studentfabrikk." Eg kjenner ikkje identiteten til lærar Bugge, og eg kjenner ikkje grunnlaget for Bolling si kobling til den kjende og særmerkte utdanningsinstitusjonen. Her tek eg gjerne imot hjelp.

På grunn av eit langt sjukefråver var Blix sterkt i tvil om han skulle gå opp til artium i 1860, fortel han (02.02.1861).
Men dels mine Læreres Forestillinger, dels Hensynet til mine Formuesomstændigheder, der ej vilde tillade mig at anvende endnu et helt Aar blot til saadan Læsning, drev mig da til den dristige Beslutning. - Og Udfaldet gik over Forventning. Den 31ste August var jeg Student med "Laudabilis" eller den saakaldte "bedste Karakter".
Denne passasjen seier mykje. Den stadfestar for det første at Blix var heiltidsstudent gjennom heile artiumsåret sitt. Seinare måtte han alltid arbeide ved sida av studiet. Bolling fortel (s. 38-40) at det var kjøpmann Carl Olsen frå Nord-Arnøy i Gildeskål som støtta han økonomisk slik at han fekk teke studenteksamen.

For det andre kan vi freiste å lese eit og anna om hovudpersonens psykologi mellom linene. Den "dristige Beslutning" gav altså eit "Udfald" som "gik over Forventning", og ein svært sterk artium. Bondestudentane var nok ofte utrygge og hadde vanskeleg for å finne fram i det akademiske livet. Kva var bra nok? Kva for standard skulle ein målast etter? Slikt må ha vore mykje enklare for embetsmannssønene.

Ligg det òg eit element av kompensasjon her, tru? Med ein svak økonomisk og sosial status kan Elias Blix ha kjent presset i retning av å gjere det godt, helst betre enn dei "betrestilte". Blix nyttar ofte uttrykket "slaa sig frem" om kjenningar i Kristiania. Yngvar Nielsen fortel: "Der gik da store Ord om disse flinke Nordlændinger, som kunde bryde sig selv Vei" (En Christianiensers Erindringer, 214). Iscenesetjinga av "the self-made man" er ikkje berre eit amerikansk fenomen. Elias Blix gjev ofte inntrykk av å vere ein smålåten mann, beskjeden til det sjenerte. Men det skin mange stader igjennom at han var ein svært ambisiøs og målmedveten mann.

Sikkert måtte ein òg vise heimbygda, familie og sponsorar at ein faktisk lukkast. Bygdedyret er gammalt her i landet. No er det ikkje lett å etterprøve kor mykje dette kan ha hatt å seie i det individuelle tilfellet Elias Blix. Nokre har drege fram tilhøvet til stefaren, som ikkje skal ha vore spesielt interessert i høgre utdanning. Det kunne vere interessant å studere Blix' psykologi i lys av tap og endringar i relasjonar til nære vaksne i barne- og ungdomsåra, men det er eit vanskeleg prosjekt.

Etter lang tids leiting har eg endeleg funne biografiane om Studentene fra 1860 i Nasjonalbiblioteket. Eg skal inn i dag for å sjå litt meir på data om artiumskullet til Blix. Det er mykje interessant sosialhistorie ein kan få ut av slike publikasjonar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?