<$BlogRSDUrl$>

14.3.04

Baksida 

Sundag er fridag på BlixBlog, etter gammal og gudleg sed og i samsvar med religiøs så vel som sekulær visdom om vekslinga mellom arbeid og kvile. Etter høgmessetid skal eg likevel tillate meg å sitere eit par lesefrukter frå helgas lektyre av det noko lettare slaget. Ramnane Hugin og Munin har gjort baksida av Vårt Land kjend og populær i vide krinsar, gjennom sine daglege skråblikk på tilværet og språket. Men der er òg staden for eit dagleg fyndord i spalta Sitatet. I går, laurdag 13. mars, var det Knut Nærum (frå Nytt på nytt, NRK Fjernsynet) som fekk ordet:
Vil vi kunne kommunisere med vesener fra andre planeter, vi som hevder at vi blir dumme av nynorsk?
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?