<$BlogRSDUrl$>

2.3.04

Blix og Garborg V 

Asker
Eit samantreff må eg hugse å nemne før eg forlet tilhøvet mellom Elias Blix og Arne Garborg for denne gongen: Begge hadde band til Asker-bygda.

Miljøet på Labråten er velkjent (sjå denne artikkelen av Gudmund Harildstad). Garborg-familien hadde Labråten som base frå 1897 og utetter. Det var Rasmus Steinsvik, Garborg sin medredaktør i Den 17de Mai, som hadde kjøpt Labråten, og staden vart sentral i eit (mot)kulturelt nettverk med stor slagkraft. Ottar Grepstad har gjeve ein omfattande dokumentasjon og analyse i "Askerkretsen: mytar står for fall" (2002).

Mindre kjent, sjølv om biografane har nemnt det (t. d. Bolling, 163), er det at Blix-familien i mange år leigde sommarhus på Slependen. Huset står der framleis, tvers over vegen for IKEA. Det høyrde opphavleg til Mellem-Nes gard. Opplysningar om sommarhuset har eg fått gjennom historielaget og mållaget i Asker og Bærum. Særleg har eg Hans Christen Mamen og Per E. Vale å takke. Så langt er 1888 den tidlegaste omtalen av sommaropphald i Asker eg har funne (brev frå Sofus Arctander til W. C. Brøgger, 10.07.1888).

Eg har ikkje funne noko teikn på direkte kontakt mellom dei to periodeinnbyggjarane i Asker, i form av vitjingar eller slikt. [Oppdatering, 03.03.2004: Det måtte i så fall vere dette brevet frå Blix til Hulda Garborg] [Oppdatering, 17.04.2004: Jo, Ivar Blix nemner i det minste eitt besøk på Labråten.] Eg har heller ikkje funne teikn til direkte kontakt mellom Blix og det nasjonsbyggar-nettverket som Bodil Stenseth har skildra i boka si om Lysaker-kretsen - der dei viktigaste aktørane var Fridtjof Nansen og kunstnarvenene hans, som slo seg ned på Lysaker i slutten av 1890-åra.

Elias Blix var altså geografisk plassert mellom Lysaker og Labråten. Tru om ikkje dette kan tene som kulturpolitisk og -historisk plassering med? Men det var Blix som var først ute ...

Oppsummering
Elias Blix og Arne Garborg har vandra kvar sine vegar, men dei har møttest ved mange korsvegar. Dei har arbeidd målmedvete for ei felles sak, sjølv om dei nok aldri var nære vener. Men materialet dokumenterer, trur eg, ein varig og gjensidig sympati og respekt, trass alle ulikskapar i temperament og livssyn. Det klåraste vitnemålet er jubileumshelsinga frå Blix til Garborgs 50-årsdag.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg. P. S.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?