<$BlogRSDUrl$>

3.3.04

Dagens Blix 

Renn upp yver Grav, du signad Sol! / Min Jesu, lat Straalar strøyma
Og lysa meg inn til Naadens Stol, / Naar her dei i Grav meg gøyma!
So heim eg kann fara i ditt Ljos / Og Striden i Gleda gløyma!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 68

Vi er komne til den siste salmen i 1883-utgåva av Nokre Salmar, ny for denne utgåva - og til det aller siste bandet mellom Elias Blix og Arne Garborg: Dei to siste versa av denne salmen avslutta gravferdshandlinga til Elias Blix laurdag 25. januar 1902, ved grava på Vår Frelsers gravlund. Og i januar 1924 vart dei sungne under Arne Garborgs jordeferd frå Trefoldighetskirken. Det siste var det Ivar Mortensson Egnund som stod bak - i strid med kva avdøde og familien ønskte.

Høyr melodien her (frå sida til Svend Christiansen).
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?