<$BlogRSDUrl$>

11.3.04

Dagens Blix(!) 

Frå eit oppslag over fire spalter på første side(!) i Christiania-Posten tysdag 12.03.1861:
Innlegg i Maalstriden.
Dat Maalemne, me her vilja skriva eit Ord um, er vistnog so tidt og so klaart utgreidt, at dat var ventande, at Ingen, som vilde tenkja roleg og døma rettvist, ennu skulde vera i Uvissa um, korsu dan Sak stend. Men daa sume af vaare Motmælarar aldri verda trøytte af at slaa um seg med Vaapn, som lengesidan ero døyvde, og stødt og stendugt venda vaare Ord paa Ranga, so maa dat orsakast, at me endr og daa freista paa at greida ein og annan af dei Vasar, som vaare ærade Motstandarar so truleg vinda.
...
Nu kom dei setajnde [SIC] med alle dei Motgrunnar, som tenkjast kunde og vel so dat; og desse hava dei sidan so jamt tekit uppattr utan at ansa dan Motbyr, som bles fraa andre Kanten, at dei nu hava deim so greidt som i ein Sekk. Me vilja nu løysa paa Bandet og skoda ned i denne Sekken, som nu attr med so stor Styrke er kastat ut imot os, lik ei Pandorasøskja full af usæle Foreignir.

Øvst af alle sjaa me dat gamle Ordtak: At skriva dat norske Landsmaal vid Sida af vaart Bokmaal vilde vera likso narreligt, som at skriva eit tysk Bygdemaal og giva dat ut fyre betre Tysk enn dat aalkjende Bokmaal.
...
Dan neste Motgrunnen lyder so paa Lag: Dat sokallade Landsmaalet høyrer ingenstad heime i Landet; gakk til Sunnmøre, Thelemork, Setersdal, – gakk Landet rundt og sjaa, um du nokonstad finner eit Maalføre, som ser slikt ut som dette "Landsmaalet"; dat er di fyre inkje norsk Maal, dat er eit tillagat Maal, som ein Mann hevar gjort paa sitt Lesarbur og so giver ut fyre eit Landsmaal. – Dar hava me daa dan knusande Setning, som du kann vera likso stød paa at høyra, naar vaare Motstandarar røda um Landsmaal, som Gauken i Saadtid og Amen i Kyrkja.
...
Nedst paa Sekkebotnen finna me ei Setning, som nettupp ligg so djupt fyre at verda gjøymd som ei Varpil, til dei andre ero bortskotne; og at ho daa kann gjera den betra Verknad, so hava dei sodit henne inn med ei Seid, som dei paa sitt Maal kalla Kulturen. "Landsmaalet kann inkje semjast med Kulturen, inkje røma den høgre Andsuppleving", heiter dat. Kvat Samlag er dat millom Ljos og Myrker, millom Sedhevd og Landsmaal. Atter ei hard Skulding, som kunde giva os Blygsel fyre os sjølv, um ho maatte finnast sann. Her skulo me nu stoppast so djupt ned i Raaskap, Used og Villmannskap (barbaries), at alle sedade Folk verda rædd os. Og dat verste ved denne som all annor Seid er, at ho er so vand at verda klok paa, daa dei vise Seidkonur aldri hava viljat visa, kvat Brest det er i vaart Maal, som valder denne usæle Vande, og me brjota faafengt Hovud og Heile paa at gjeta, kvat han daa nærast ligg i denne Skaden i Maalet. Ligg han i sjølve Ordi? Me vilde gjerne tru dat, naar me inkje havde røynt, at me lagde likso høge Tankar og reine Kjenslur inn i vaare Ord um Himmel og Heim, Liv og Ljos, Sanning og Sæla, som vaare danske Vinir, naar dei nemna dei same Ting paa sitt Maal. Elder ligg han i Ljoden og Klangen, i dei harde Medljodir og dei stærke Tviljodir? Men daa maa vel det svenske Maal vera likso vonlaust med sine harde Ljodir (hata, smkra [SIC], tapa) og dat tyske med sine mange Tviljodir (laufen, träumen, meinen), som nettupp svara til dat norske. Elder kannskje Bresten endeleg ligg i Ordlaget og Setningsbygnaden. Dat er knapt truande, daa dat nettupp er i dette Stykket, at Landsmaalet alramest likest dat danske og alle andre nærskylde Maal. Me maa standa til, at vaar Forstand her stend still, naar dat geld at uppdaga Grunnen til dette leide Lyte. Men dat skal nu heldr inkje finnast med Forstanden, sagde ein Mann i "Posten" fyre tvo Aar sidan, dat skal sitja i Smaken; men daa ein af vaare største Maalkunnige spurde honom, kven dat daa var, som skulde smaka og døma, daa svarade han turt og godt: "Dat er i mindste inkje Din Smak, som skal fella Domen." Og hermed vard me daa atter lika vise, so me til Slut inkje vita rettare enn at raada dei gode Menn at styra sin fine Smak fyre dat fyrste. Me hava aldri tenkt at tvinga inn paa andre ein Kost, som dei finna Usmak i. Lat dat vera sagt, at me hava inkje annat Krav enn dette, at dei som kunna og vilja skriva vaart Maal, kunna faa Lov at gjera dat i Ro utan at høyra Neitord; eiger daa Maalet Kraft til at fylgja med Kultur og gode Sedir, so vil dat nog vita at søkja Sessen sin og vinna dan Vyrdnad, dat fortener, og kan dat inkje, – nu, so lat dat fara burt med Fred!

Nu kunna me inkje skygna meir paa Sekkebotnen, for um dar var nokot meir, so hever dat voret so fint, at dat ere dustat burt; me pakka difyre inn og binda Bandet atter.
Bakgrunnen for innlegget er eit stykke som stod i Budstikken (redigert av Peter Chr. Asbjørnsen og F. C. Schübeler) i februar 1861. Ivar Aasen noterte i dagboka si: "17. Nyt Hefte af Budstikken, med et Svinestykke om Sproget. Megen Ærgrelse. Søvnløshed." Eg har berre gjeve att eit lite utdrag; heile innlegget kan du lese her (.pdf-fil, retta utgåve 01.07.2004). Ifølgje Reidar Djupedal ("Elias Blix og salmane hans," Der eit fjell stig mot sky, s. 198) heiter den anonyme forfattaren av dette innlegget Elias Blix. Innlegget er interessant av mange grunnar, ikkje minst fordi det er skrive på landsmål. Om dette seier innsendaren sjølv:
Dette Innlegg er skrivit paa Landsmaalet af tvo Grunnar: fyrst fyredi ymse Blad hava meint, at dat var eit Merke paa Maalets Vanmagt, at dat laut forsvara seg i Bokmaalet, dinæst fyredi dat nylega er sagt, at berre tvo Menn kunna skriva dat.
Men kan nokon hjelpe meg med følgjande spørsmål: Korleis visste Djupedal at Blix var forfattaren? [Oppdatering, 05.04.2004: No veit eg svaret!] Innlegget er jo anonymt. Eg ser nokre moglege nøklar i teksten, men eg vil gjerne ha respons.
  1. Verken Aasen eller Vinje er forfattar, sjølv om teksten har stildrag som kan minne om begge. Det må vel vere desse "tvo" som "kunna skriva dat"; dessutan har Aasen svara Budstikken (i "det almindelige Boksprog"!) i Morgenbladet 27.02.1861.
  2. Forfattaren har ei brukbar skolering i klassisk retorikk og argumentasjon. Eg har verken tid eller kompetanse til ein utførleg retorisk analyse av innlegget, men det kunne absolutt vere på sin plass.
  3. Forfattaren har ei tydeleg og sjølvsagt bibelsk-religiøs referanseramme (det seier ikkje stort; på denne tida var bibelen ein del av kulturarven ...).
  4. Kan ein finne dialekttrekk i språket? Det er enno for tidleg å tale om ein "normal" for landsmålet, men nokre drag er likevel påfallande. Eg nemner nu for "no", men særleg korsu for "korleis". Min eigen dialektbakgrunn er høgst usikker og inkompetent, men eg meiner å hugse slike former frå dei første barneåra mine i Tromsø (som rett nok er ein by og ligg langt frå Salten). Ordet Foreignir er i Aasen si 1850-ordbok lokalisert til Helgeland: "Foreign, f. Forvarsel for en Hændelse, saasom for et Dødsfald. Helg." Men det treng ikkje tyde noko; innsendaren legg jo vekt på landsmålet sin eklektiske karakter når det gjeld gode dialektord.
Les heile innlegget (.pdf-fil, 54K. Retta 01.07.2004)
Oppdatering, 05.04.2003.
Gårsdagens Blix.
For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.3.04
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?