<$BlogRSDUrl$>

25.3.04

Dagens Blix 

Romarane 7,21-25
21 So finn eg daa den Log fyre meg, naar eg vil gjera det gode, at det vonde ligg meg fyre Handi;
22 for eg er glad i Guds Log etter den indre Menneskja;
23 men eg ser ei onnor Log i mine Lemmer, som strider imot Logi i min Hug og fangar meg under Synde-Logi, som er i mine Lemer.
24 Eg arme Menneskja! kven skal frigjera meg fraa denne Daudens Likam?
25 Eg takkar Gud ved Jesus Kristus, vaar Herre! So tener eg daa Guds Log med Hugen, men Synde-Logi med Kjøtet.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Om Romarbrevet verkar vanskeleg å forstå, er det ikkje sikkert at omsetjarane Blix og Aasen har skulda. Framstillinga til Paulus er svært komplisert, anten ein nærmar seg frå ein filologisk, ein teologisk eller ein logisk synsstad. Ein kan undre seg over kvifor dei begynte her, med ein av dei mest kompliserte bøkene i Bibelen, i staden for med ein enkel forteljande tekst, dei tre første evangelia eller Apostelgjerningane.

Mykje av svaret ligg i stortingshandsaminga av spørsmålet om offentleg løyving til landsmålsomsetjing (1881), som min gode ven Per Halse arbeider med for tida. Her vart Romarbrevet og Johannesevangeliet uttrykkeleg nemnde som eigna skrifter for prøveomsetjing. Dette er i røynda ein eksamen for sjølve den nye målforma. Kunne landsmålet nyttast til Romarbrevet, kunne det nyttast til det meste.

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?