<$BlogRSDUrl$>

18.3.04

Eksamen 1 

Reidar Bolling, Elias Blix, s. 48-49:
Våren 1866 melde han seg opp til teologisk embetseksamen. Dei fekk desse oppgåvene: 1. "Psalme 74 v. 1-9". 2. "En Udvikling af den christelige Lære om de gode Gjerninger med Paaviisning af de vigtigste Vildfarelser som i dette Punct have gjort sig gjældende." 3. "Søndagens Betydning for den Christne." 4. "Johs. ev. 5 v. 19-27." 5. "Septuagintas Oprindelse, Beskaffenhed og Betydning." 6. "Arminianismens Historie og Betydning for Kirken." Svara er gøymde. Blix har skrive godt fråseggjorde oppgåver i alle fag, men det er lett å sjå kvar hovudinteressa hans har lege. Dei dogmatiske og kyrkjehistoriske svara vitnar om jamn dugleik, men dei eksegetiske oppgåvene ligg høgt over det vanlege. Serleg i den gamaltestamentlege oppgåva syner han djup innlevingsevne. Einskildkarakterane er diverre ikkje nedskrivne, men salmeoppgåva hans var sikkert verd innstilling.
Frå fakultetsarkivet til Det teologiske fakultet har eg no dette å melde av ny informasjon:

Eksamenssvara til Blix finn eg ikkje (men eg veit kven som hadde dei sist ...). Men skriftleg sensur fall under fakultetsmøtet 2. juni 1866 (sak 13/1866 i forhandlingsprotokollen). Professorane Tønder Nissen (kyrkjehistorie), Dietrichson (NT) og Johnson (dogmatikk/etikk) var til stades, Caspari (GT) var fråverande. Elias Blix fekk den kryptiske hovudkarakteren 2 4/18. I arkivsakene frå 1866 ligg ei liste over alle einskildkarakterar til skriftleg eksamen (som altså er nedskrivne). Her finn ein forklaringa:

Theologiske Examen Mai og Juni 1866.
Skriftlig Prøve d. 9de, 11de, 12de, 14de, 16de og 18de Mai. –

E. Blix Pedersen
G. T.s Exegese [oppg. 1, AA]2 1/4. 2 1/4. 2 1/4.
N. Ts Exegese [oppg. 4]2 1/4. 2 1/2. 2 1/4.
Dogmatik [oppg.2]2. 2 1/4. 2 1/4.
Ethik [oppg. 3]2 1/4. 2 1/4. 2.
Indledning [oppg. 5]2 1/4. 2 1/4. 2 1/4.
Kirkehistorie [oppg. 6]2 1/4. 2 1/2. 2 1/4.
Sum40 1/2.
Hovedkarakter2 4/18 Laudabilis ÷

Dette er som i hopprenn. Karakteren frå kvar sensor er oppgjeven i kvart fag, og hovudkarakteren er rekna ut som gjennomsnittet av alle dei 6 x 3 = 18 einskildkarakterane. Skalaen som er nytta, ser ut til å vere 1 (= laudabilis prae ceteris), 2 (= laudabilis), 3 (= haud illaudabilis), 4 (= non contemnendus), kvar karakter på nytt gradert i firedelar.

Vi kan slå fast at sensorane vurderte noko annleis enn Bolling.
  1. Blix hadde beste hovudkarakter etter skriftleg, hårfint føre Jesper Jespersen og Christian Lilloe med 2 5/18, og Martin Richard Olsen med 2 6/18.
  2. Det mest iaugefallande med eksamenskarakterane er kor jamn Blix er. Stort sett ligg vurderingane på 2 1/4 i alle fag. Det er ein svært god karakter. Preceteris sat langt inne i dei dagar.
  3. Om ein likevel vil analysere dei ørsmå utslaga i vurderingane, er dogmatikk og etikk dei to faga som gjev best (= lågast) poengsum, så kjem gammaltestamentleg eksegese og innleiing, svakast (om ein skal nytte eit slikt uttrykk) er nytestamentleg eksegese og kyrkjehistorie.
  4. Og endeleg: Blix er faktisk ikkje bestemann i gammaltestamentleg eksegese, den disiplinen som seinare skulle gje han levebrødet. Olsen låg to hårstrå føre han, Jespersen og Lilloe eitt.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?