<$BlogRSDUrl$>

18.3.04

Eksamen 2 

Og 4. juni 1866 begynte muntleg eksamen, ein langdryg affære, som varte heilt til 16. juni. To kandidatar vart kvar dag krysseksaminerte av heile professorkollegiet. Elias Blix var oppe første dagen, og fakultetet sin voteringsprotokoll fortel nøkternt at lauden heldt. Protokollen er underskriven av dei same tre professorane som hadde skriftleg sensur, pluss professoren i semittiske språk. J. P. Broch, som òg var teolog.

Ifølgje Berge Furre (Soga om Lars Oftedal, 1.53) vart det jamvel ført referat frå samtalen med kandidatane under muntleg eksamen. Noko slikt har eg ikkje funne enno.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?