<$BlogRSDUrl$>

17.3.04

Eksamensoppmeldinga 

På tide å kommentere gårsdagens Blix-tekst – oppmeldinga hans til embetseksamen i vårsemesteret 1866. Alle som melde seg til teologisk eksamen, skulle sende inn ei kort oversikt over livet og studiet sitt. Dette er eit unikt materiale, som nokon ein gong burde gå systematisk gjennom. Det varierer mykje kva eksaminandane skriv i desse dokumenta. Blix sitt brev er (med unnatak for æresrunden om namnet) nokså typisk for den meir nøkterne og kortfatta enden av skalaen. Som eit tidleg stykke sjølvbiografi har det krav på stor interesse. Diverre fortel Blix ikkje om framtidsplanane sine. Eg skulle gjerne ha høyrt han sjølv seie på dette tidspunktet at det var prest han ønskte å bli, men det teier han altså om.

To detaljar i meldinga krev kommentarar.

1. I faget Det gamle testamente var det ein viss fridom til å velje grunnspråkleg pensum, men dei viktigaste litteraturformene skulle vere representert. Alle studentane eg har sett på, la opp heile Første Mosebok (det er mogleg dei kunne velje Femte Mosebok i staden, men det er eg ikkje sikker på). Alle la òg opp eit utval av Salmane, dei fleste (Blix inkludert) las dei 50 utvalde salmane som professor Caspari heldt førelesningar over, men nokre valde andre løysingar. Størst er variasjonen innan profetlitteraturen. Mange las tre av dei "mindre" profetbøkene, men utvala er ulike (Blix: Joel, Obadja, Jona). Andre las dei tolv første kapitla av Jesaja-boka.

2. Kvar student valde seg ein privatpræceptor mellom professorane. Blix hadde Jakob Frederik Dietrichson (1806-1879), fakultetet sin eldstemann og professor i Det nye testamente. Han vert, underleg nok, aldri omtala i samband med Blix' biografi.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?