<$BlogRSDUrl$>

19.3.04

Henrik Krohn 

Ny transkripsjon av brevet frå Henrik Krohn i papira til Blix:
Sogndal 20 Aug 1871.

Gode Vin!

Presten Unger heve bedet meg skriva til einkvan god Kjenningen i Hovudstaden med Krav um, at han skulde gjera sitt til, at dar kunde koma ein god Personelkapelaan att i staden hans i Kvam: “ein, som umfram dat gode Prestesinne, ogso hadde Hugnad av dei folkelege Straumdrag i Landet, hadde Kjærleike til Bonden og Maalet hans.” Eg vonar at du inkje vil spara Umaken at gjera kvat du kann i dette Stykket. Eg heve ogso skrivet til Klæbo um dat same, og daa eg inkje veit kvar han bur, so bed eg deg vere so snild at fli honom Brevet. Dan som vil faa høyra Vilkori fyr Kapellanen, kann ganga til Doktor Tiedemand i Gamlebyen.

Kor er dat *** med Maalsaki darburte? Gjeng ho no i rette Faret? Dat ser fulla inkje so ut fyre meg, men me sjaa alle Stykkevis, maa vita, og dat kann gjerna vera, at dat er Gagn i Gjerdi, alt um eg tykjer, at dat ber paa Skade laust. Soframt som eg heve Rett i min Maate at sjaa Saki paa, so skulde dat no vera paa Tid, at dei gamle Maalmenner i Hovudstaden tok i av all Magt, og fekk Saki inn i sitt rette Far atter. Til dessa trur eg at Saki vaar heve voret framburet med Kjærleike, no synest ho vera komi i Hender paa Hatet, som aldri heve fenget nokot godt fram i Heimen. Me lyt sjaa til at faa i Stand eit Maalmannsmøte til Aaret komande fyre alt Landet! Tenk paa dette og gjer kvat du kann.

Din
Henrik Krohn

Eg fer til Byen um nokre Dagar.

[Tilføying i margen:] Inkje eit Ord um Tidskrifti vaar i Bladet ditt? Likar du dat likaso litet, som Framsguten? Lat dat i alle Tilfelle koma fram anten dat er til Lov elder Last. Du er pligtig at leggja Mark [?] paa Arbeidet fyre Maalsaki.
Eg har hatt høve til å drøfte teorien min med Per Halse, Oddmund L. Hoel og bror Per Kristian, og eg er stadig sterkare i trua: Dette brevet var opphavleg stila til Hagbard Emanuel Berner, Dagblad-redaktør og Samlags-leiar. Han har gjeve brevet vidare til Blix. Eg vil jo gjerne ha det til at Berner ville ha Blix til å søkje stillinga. Men Per H. har sjølvsagt rett når han seier:
Blix ville sjølv vere ein god kandidat etter "kompetansekrava" som er nemnde i brevet, men i tillegg tenkjer eg på at han kanskje også kunne vere ein mellommann/formidlar som evt kunne tipse fleire aktuelle kandidatar enn dei Berner kjende til (?)
Eg har skrive eit lite notat til Nasjonalbiblioteket om saka, det kan du lese her (.pdf-fil).

Les meir (.pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?