<$BlogRSDUrl$>

22.3.04

Holmboe 

Reidar Bolling, Elias Blix, 161:
Sommaren 1867 følgde han studiekameraten Jørgen Holmboe heim til Jevnaker prestegard. Vel heimkomen etter ferien skreiv han eit langt rimbrev til dottera i huset, Nora, og takkar for all hugnad om sommaren, og det skin fram av dei varsame orda at han ville ikkje ha noko mot å utdjupe kjennskapen.
Eg har ikkje gjort noko med denne passasjen hos Bolling, anna enn å irritere meg over kjelder eg ikkje finn, her: Rimbrevet til Nora Holmboe. Men i arkivet ved Teologisk fakultet fann eg eksamensoppmeldinga til Jørgen Holmboe (1838-1917), og den sette meg på eit spor eg burde ha lukta tidlegare, sporet av ein annan del av Tromsø-nettverket til Elias Blix.

Jørgen Holmboe var nemleg fødd i Tromsø. Han var 1838-årgang, to år yngre enn Elias Blix, og han budde framleis i Tromsø medan Blix gjekk på seminaret der i 1853-1855. Far hans, prost Leonhard Holmboe (1802-1887), representerte kontinuiteten i Tromsø-presteskapet i dei urolege 1850-åra.

Mot slutten av 50-åra var Blix med på å stifte Tromsø Indremisjon saman med Leonhard Holmboe. Indremisjonen var for øvrig litt av ei familiebedrift. Mellom stiftarane finn vi C. F. Holmboe (Leonhards son og personellkapellan), M. W. Holmboe (Leonhards bror, kjøpmann), Conrad Holmboe (kjøpmann, son av M. W.), Joachim Giæver (kjøpmann, systerson av L. og M. W.) og Hillebert Pettersen (kjøpmann, gift med brordotter til L. og M. W.). Holmboe er ei patrisierslekt av den typen som har generert eigne slektsbøker og jamvel ein vevstad. Det er ei stor hjelp i leitinga.

Jørgen var ute av reiret på det tidspunktet, han studerte i Tyskland ved "Hannoveri polytech. Institut". Men det var vondt om arbeid for ein nyutdanna ingeniør, så etter nokre år ved vassverkanlegget i Kristiania vart det til at Jørgen styrte prestegarden for faren – som i mellomtida var komen til Jevnaker på Hadeland som sokneprest. Men gamle Holmboe var raus, han kosta på sonen utdanning nr. 2: Artium 1863, andre-eksamen 1864, teologisk embetseksamen 1866. Fort, effektivt, men ikkje spesielt godt gjekk det. Men Jørgen tok sin eksamen og vart prest.

Så langt er vi ikkje komne enno. Det kan godt vere rett at Elias Blix var med Jørgen Holmboe til Jevnaker prestegard sommaren 1867. Han var av same eksamenskullet som Jørgen, dei gjekk vel saman på praktikum, og på Jevnaker kom jo Blix til gamle kjenningar.

Cherchez la femme. Kor kjem så Nora frå? "Dotter i huset" var ho ikkje. Det var ei heimeverande dotter på Jevnaker prestegard. Men i 1865-folketeljinga heitte ho Maren Marie og var fødd i 1830. Noko dotter Nora hadde Elise og Leonhard Holmboe ikkje.

Men det hadde bror til Leonhard, den legendariske skolemannen og politikaren Hans Holmboe (1798-1868), og kona Welgjerd f. Løberg (1805-1889). Hans Holmboe hadde vore rektor ved katedralskolen i Bergen i ei årrekkje, jamvel etter at han vart blind. Men i 1865 er dei busette i Kristiania. Det er òg yngste dotter deira, Anna Margarethe Eleonora Holmboe (1848-1901) – der har du Nora.

Det er slett ikkje usannsynleg at Jørgen si 19 år gamle kusine var sommargjest på Jevnaker i 1867, heller ikkje at mannlege sommargjestar la merke til henne. Nora gifta seg tre år seinare, 5. september 1870, i Jevnaker kyrkje, med ingeniør Jonas Wessel (1839-1884). Dei må ha flytta til Sverige, for Stockholm er oppført som dødsstad for Jonas. I 1886 gifta Nora seg på ny, med ein svensk godseigar og oberst.

Rimbrevet frå Elias Blix har ho tydelegvis ikkje teke med seg. Men eg skulle gjerne visst om det framleis eksisterer ein eller annan stad, i Jevnaker eller i Holmboe-familien. Når alt kjem til alt, er nok styrken til Tromsø-nettverket eit meir handfast resultat av utflukta til Jevnaker enn ei mogleg kjærleikssoge.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?