<$BlogRSDUrl$>

24.3.04

Praktikumsarkivet 

Som du skjønar: Eg har fått tilgjenge til arkivet ved praktisk-teologisk seminar i dag. Seminaret er ein sjølvstendig institusjon på universitetet. Det har alltid vore samlokalisert med Teologisk fakultet, men er altså ikkje ein del av dette.

Eg takkar min gamle hebraiskstudent, bodøværingen og kontorsjefen Nils Jøran Riedl, for all velvilje. Hallgeir Elstad har skrive historia til seminaret.

Det var ikkje obligatorisk å følgje undervisninga ved seminaret, med unnatak av undervisninga i messesang, som den mektige domorganist, komponist og koralbokutgjevar Ludvig Mathias Lindeman stod for. Det er ikkje godt å seie kor mykje Blix hadde tid til å høyre på undervisninga, oppteken som han var med lærarjobben på Nissens skole. Men han hadde sjansen til å høyre hovudlæraren, Julius Bruun, i faga pastoralteologi, homiletikk (preikelære) og liturgikk. Pedagogikk-undervisninga var det sjølvaste professor Gisle Johnson som tok seg av. Kateketikken høyrde under stiftsprost P. A. Jensen - han med leseboka. Men han døydde dette året. Dessutan hadde Sophus Broch undervisning i kyrkjerett, men det var ikkje eksamensfag enno.

Blix har - som vanleg - ein heilt jamn og svært god eksamen, laud overalt. Eksamen inkluderte to praktiske prøver, ein i "Katechisation" og ei "Dimisprædiken". Katekisering var jo Blix kjend med heilt frå seminaret. Den viktigaste nye opplysninga her er nok den om dimisspreika, som altså fann stad i noverande Gamlebyen kyrkje 8. mars 1868. Denne eine offentlege preika har Elias Blix i alle fall halde, og den skulle eg gjerne visst meir om.

Eg noterer meg elles at den noko yngre Anton Chr. Bang på dette tidspunktet har nådd att venen og førebiletet Elias Blix. Praktikum tok dei saman.

Send ein kommentar.
# lagt inn 24.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?